Borecas
|
Borecas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek.
I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.
Borecas med ost- og grønsaksfyll er populær mat for desayuno (seinfrukost) etter sjaḥarít (morgongudstjenesta) på sjabbát. På sjabungót er osteborecas svært populære til mjølkemåltid blant osmanske sefardím.
- Ein lagar ein porsjon butterdeig og deler opp i kulor som er kring 2–3 cm i diameter.
- Kjevl ut kulone til runde leivar som er ca 7–8 cm i diameter.
- Legg på ei toppa matskeid (ss) med fyll av egg og potetar og eventuelt òg spinat og løk.
- Fold ihop leivane over fyllet så kvar boreca har halvmåneform. Press ihop kantane med ein gaffel.
- Legg borecaene på eit smurt bakebrett (evt. bakepapir) og pensle dem med eit lettpiska egg.
- Steik i omnen ved ca 185 °C i ein halvtimes tid.
- Servér varme eller kalde.