Blandaball
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skreve blannaball, blainnabaill o.a., er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særlig blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.
Variantar
I mange familiar er det vanleg å plassere feite av nitjefeitt (bitar av feitt frå magaområdet på sau) midt inni blandaballen. Det er vanleg at somme ballar blir laga utan feite for dei som føretrekkjer det. Om ein lagar ball både med og utan feite i lag, blir gjerne ballane utan feite lag{ade}} avlange og kalla langball. Ein variant utan kjøtt er elles å erstatte nitjefeittet med småe terningar med smør. Ein del brukar òg fleskefeitt av gris i staden.
Oppskrift
Kjem seinare.
Sjå òg
- potetball (inneheld ikkje fisk)
- saltfiskball (som blandaball, men laga med saltfisk)
- sildball (som blandaball, men med fersk eller salta sild heller enn kvit fisk som ingrediens)
![]() |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Blandaball» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |