Beaufortskalaen

Frå Alnakka.net

Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindhastigheita. Skalaen vart laga i 1806 av Sir Francis Beaufort, ein irsk offiser i the British Navy (Den britiske marinen).

Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bidevindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfarty tidleg på 1800-talet. Skalaen fikk 13 nivå der 0–4 omfattar farten som fartyet kan ventast å nå med alle segl sett, 5–9 om den seglsettinga som trengst for å halde på manøvreringsevnen i ein stridssituasjon og 10–12 om kossen fartyet skal handterast för å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13–17, som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumpor) og liknande.

Historie

1800-talet fanst fleire vindskalaer rundt om i verda, og det er nokså tilfeldig at nettopp den Beaufort stod bak har overlevd og vorte ein universell standard. Tilfeldigheita vart hjelpt av to oppfinnelsar og ein vêrkatastrofe.

Beaufortskalaen vart sett som standard av Den britiske marinen i 1838. I 1837 fann Samuel Morse opp telegrafen, og i 1846 kom T.R. Robinson med skål-anemometeret for vindmåling. I slaget ved Sevastopol i 1854 slo så ein overraskande vinterstorm store deler av de franske og engelske flotane til pinneved. På bakgrunn av dette såg de at de trong varslingar for plutselege omslag i vêret. Framsynte personar i admiralitetet kopla da samen de nye eksakte vindmålingane og anledninga beaufortskalaen gav dem til å kunna telegrafere prognosar til floteeinheitene.

1900-talet kom skalaen til å bli tolka på olike måtar i samband med at de prøvde å omsette stega hans til ein felles standard med vindfart og meteorologiske nemningar. Dette var eit innvikla arbeid, dels med tanke på olike einheitssystem og dels ettersom seglsettinga på orlogsfartøy ikkje lenger var allmenn kunnskap. Gradvis vaks det fram ein felles standard, og ved midten av 1900-talet hadde de nye vindstyrkenemningane slege ut beaufortskalaen i de fleste samenhengane bortsett frå skipsloggbøkerne.

Skalaen

Vindstyrke i beaufort Vindfart Middel vindfart (knop / km/t / mph) Nemning (Eldre sjynemning i kursiv) Bølgjehøgd Verknad til sjøs Verknad på land
knop km/t mph m/s m fot
0 0 0 0 0-0,2 0 / 0 / 0 Stille
Stille
0 0 Sjyen er spegelblank (havblikk). Røyk stig rett opp.
1 1-3 1-6 1-3 0,3-1,5 2 / 4 / 2 Flau vind
Laber kuling
0,1 0,33 Krusningar danar seg på havflata. Ein kan sjå vindretninga av røykdrifta.
2 4-6 7-11 4-7 1,6-3,3 5 / 9 / 6 Svak vind
Laber bramsegls kuling
0,2 0,66 Små korte, men tydelige bølgjor med glatte kammar som ikkje bryt. Følbar, rører blad på trea, løftar ein vimpel.
3 7-10 12-19 8-12 3,4-5,4 9 / 17 / 11 Lett bris
Bramsegls kuling
0,6 2 Småbølgjone tek til å toppe seg. Det blir dana skum som ser ut som glass. Ein og annan skumskavl kan førekomma. Lauv og småkvistar rører seg, vinden strekkjer lette flagg og vimplar.
4 11-16 20-29 13-18 5,5-7,9 13 / 24 / 15 Laber bris
Merssegls kuling
1 3,3 Bølgjone blir lengre. Ein del skumskavlar. Løftar støv og lause papir, rører på kvistar og smågreiner, strekkjer større flagg og vimplar.
5 17-21 30-39 19-24 8,0-10,7 19 / 35 / 22 Frisk bris
Enkeltreva merssegls kuling
2 6,6 Mellomstore bølgjor som har ei meir utprega langstrekt form og med mange skumskavlar. Sjøsprøyt frå toppane kan førekomma. Småtre med lauv tek til å svaie, på vatn tek bølgjone til å toppe seg.
6 22-27 40-50 25-31 10,8-13,8 24 / 44 / 27 Liten kuling
Toreva kuling
3 9,9 Store bølgjor tek til å dane seg. Skumskavlane er større over alt. Gjerne noko sjøsprøyt. Store greiner og mindre stammar rører seg, det kvin i telefontrådane, det er vanskeleg å bruke paraply, ein merker motstand når ein går.
7 28-33 51-62 32-38 13,9-17,1 30 / 56 / 35 Stiv kuling
Trereva kuling
4 13,1 Sjøen hopar seg opp, og kvitt skum frå bølgjor. Toppar som bryt tek til å blåse i strimor i vindretninga. Heile tre rører seg, vanskeleg å ga mot vinden.
8 34-40 63-75 39-46 17,2-20,7 37 / 68 / 42 Sterk kuling
Klossreva kuling
5,5 18 Mellomhøge bølgjor av större lengd. Bølgjekammane er ved å brytast opp til sjørokk som driv i tydeleg markerte strimor med vinden. Brekk kvistar av trea, tungt å ga mot vinden.
9 41-47 76-87 47-54 20,8-24,4 44 / 81 / 50 Liten storm
Storsegls kuling
7 23 Høge bølgjor. Tette skumstrimor driv i vindretninga. Sjyen tek til å «rulle». Sjyrokket kan minske synsvidda. Heile store tre svaiar og hiv, takstein kan blåse ned.
10 48-55 88-102 55-63 24,5-28,4 52 / 96 / 60 Full storm
Storm
9 29,5 Veldig høge bølgjor med lange overhengande kammar. Skummet som blir dana i store flak driv med vinden i tette kvite strimor så sjøen får ein kvitaktig utsjånad. Rullinga blir tung og støytande. Synsvidda er nedsett. Sjeldan inne i landet, tre blir rykt opp med rot, stor skade på hus.
11 56-63 103-117 64-72 28,5-32,6 60 / 111 / 69 Sterk storm
Sterk storm
11,5 37,7 Ovanleg høge bølgjor. Småe og mellomstore skip kan for ei tid forsvinne i bølgjedalane. Sjyen er fullstendig dekt av lange, kvite skumflak som ligg med vindretninga. Over alt blæs bølgjekammane til frådeliknande skum. Sjyrokket sett ned synsvidda. Kjøleg sjeldan, fører til store øydeleggingar.
12 >63 >117 >72 32,7–36,9 N/A Orkan
Orkan
14+ 46+ Lufta er fylt av skum og sjørokk som sett ned synsvidda betydeleg. Sjøen er fullstendig kvit av drivande skum. Hender veldig sjeldan, ovanlig store öydeleggingar.
13 37,0–41,4
14 41,5–46,1
15 46,2–50,9

Styrkenemningane og fartsintervalla viser til middelverdien av vinden. Ved instrumentmålingar brukar ein gjenomsnittet for 10 minutt (1 minutt i USA), og vinden er derfor som regel sterkare i kasta.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Beaufortskalaen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.