Batél barób

Frå Alnakka.net

Batél barób (hebr. בָּטֵל בַּרֹב) vil seie ‘gjort ogyldig av ei større mengd’. I halakhá blir dette uttrykket blant anna bruka i samband med det milde forbodet mot kitnijjót for dem som har skikken å ikkje eta kitnijjót under pesaḥ. Om matretten er så blanda og/eller most at ein ikkje kan skilje ut belgvekstane, og om belgvekstane utgjer mindre enn 50 % av heile matretten, så er kitnijjóten batél barób, og maten er tillaten for dem som ikkje et kitnijjót under pesaḥ ifølgje Morám. I nyare tid har dei fleste asjkenazím til skikk å vara strengare enn dette.

Sjå òg