Arabolt

Frå Alnakka.net
Dei ulike araboltane i lik målestokk.

Arabolt, i formene Arabolten (Mal:Sg.) og Araboltan (pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergruppor. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre.

Plassar

  • Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei oreine farvatna Rotværet/Rotværdraget og Sandskjera. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvorden haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss.
  • Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, i hop med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei oreine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvorden holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvorden og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m.
  • Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det oreine farvatnet mellom leida sørom Langholmen i nord og Møyslåttsvaet og leida sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form.
Utsikt frå Langholmen mot Araboltan (t.v. attom galeasen) og Gjeva (t.h.).
Foto: Olve Utne

Særtrekk

I form er araboltane olike — frå den runde Nørdre Arabolten via den lett avlange, mesta halvmåneaktige Søre Arabolten til den nærmast nålforma Arabolten; og holmegruppa Araboltan. Alle araboltane har til felles at dei ligg i overgangen mellom sva eller lei og oreint farvatn.

Etymologi

Det er fristande å förklara -bolt- rett og slett som bolt, og ara- har i det minste i ein del stadnamn samband med norrønt ari (Mal:Akk./Mal:Dat./Mal:Gen. ara), som betyder ‘ørn’. Svakheiter med denne förklaringa er at det ikkje omiddelbart gjev meining korför ein skulle ha ein plass kalla «ørnebolten». Kva skildrar det? Kva funksjon har namnet?

Ein annan muligheit er å sjå på kva som er karakteristisk for araboltane: Dei ligg alle i overgangen mellom trygg lei og oreint farvatn med mange skjer. På sørsamisk finst ordet aareh el. aarege som betyder ‘steinurd, steinot område’. Kanskje har det ordet vore brukande til sjøs òg i eldre tider? «Attmed» aareh vil på sørsamisk bli uttrykt med postposisjonen baalte: aaregen baalte.