Andreas Haavoll

Frå Alnakka.net

Andreas Haavoll (1869–1958) var ein bladmann frå Ørsta kommuneSunnmør.

Etter å ha bestått mellomskuleeksamenHambros skule i Bergen, begynte han på Hamar lærarskule i 1888. Eksamen tok han i 1890. I åra 1890-93 var han tilsett ved Sandsvær Sparebank i Kongsberg. På sida underviste han ved ein privatskule i Evju i Sandsvær. På denna tida begynte han å skrive for Kongsberg Blad. I de neste åra var han lærar i Ulefoss, Eidskog og Langesund. I Langesund var han med og grunnla Brevikposten, og han leverte journalistisk stoff ått den avisa i 1897-99.

I 1899 fikk han post som lærar i Kristiansund. Der vart han involvert i ein målstrid. Som ivrig nynorskforkjempar møtte han sterk motbør. Riksmålsmannen Jonas Hestnes og hans disiplar [laga] pipesjau åt meg i tre heile dagar,” sa han om denne tildragelsen seinare.

I 1910 flytta han til Oslo og gikk inn som medeigar og förretningsførar for nynorskavisa Den 17de mai. Da redaktøren Rasmus Steinsvik dødde i 1913, vart Haavoll bladstyrar. I de neste fire åra hadde han denna stillinga, stundom åleine, stundom samen med andre, fram til han trekte seg ut i 1917.

Haavoll var ansvarlig utgjevar av Norsk Barneblad frå 1912. Frå 1916 og heilt fram til 1956 var han redaktør for bladet. De to første åra delte han stillinga med Arne Falk, og åra 1949-54 med Øyvind Dybvad. Mesta heile denna tida dreiv han Norsk Barneblads Forlag, som gav ut mange barnebøker på nynorsk.

Norskdomsmannen Haavoll var aktivt med i de fleste nynorsktiltaka i Oslo. Med tida vart han utnemnt til æresmedlem både i Noregs Mållag og i Det Norske Samlaget. Han var ein av grunnleggarane av Det Norske Teatret i 1913.

Han var busett på Stabekk i Asker i Akershus. Andreas Haavoll dødde torsdag den 6. mars 1958.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Andreas Haavoll» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.