Alnakka.net:Ver varsam-plakaten

Frå Alnakka.net

Ver varsam-plakaten
Etiske normar for pressa (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar)

Vedtekne av Norsk Presseforbund første gong i 1936, seinare revidert i 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994, 2001 og 2005.
(Korrekturlesne for konsekvent språk og attgjevne i rettskrivinga som blir bruka på Alnakka.net.)




Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å kjenne de etiske normane til pressa og er pliktig å legge dessa til grunn for verksamheita si. Presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamlinga til presentasjonen av det journalistiske materialet.
  1. Samfunnsrolla til pressa
    1. Ytringsfriheit, informasjonsfriheit og trykkjefriheit er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, oavhengig presse er blant de viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.
    2. Pressa tek seg av viktige oppgåvor som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at olike syn kjem til uttrykk.
    3. Pressa skal verne om ytringsfriheita, trykkjefriheita og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter för press frå nånn som vil hindre open debatt, fri informasjonsförmidling og fri tilgang til kjeldone.
    4. Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å sette eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller samfunnsrolla si.
    5. Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.
       
  2. Integritet og ansvar
    1. Den ansvarlige redaktøren har det personlige og fulle ansvaret for innhaldet i mediumet.
    2. Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om sin integritet og sitt truverde for å kunna opptre fritt og oavhengig i forhold til personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil verke inn på det redaksjonelle innhaldet.
    3. Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta på seg oppdrag, verv, økonomiske eller andre bindingar som kan skape interessekonfliktar i forhold til de redaksjonelle oppgåvone de har. De må unngå dobbeltrollor som kan svekkje truverdet deras. Ver opne om tilhøve som kan påverke habiliteten til redaksjonelle medarbeidarar.
    4. Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga si til å oppnå private fordeler.
    5. Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggast å gjera noko som strir mot hans eller hennar eiga overtyding.
    6. Avvis alle forsøk på å bryte ned det klåre skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt og som er med på å svekkje tilliten til det redaksjonelle truverdet og den oavhengige pressa.
    7. Gje aldri lovnader om redaksjonelle motytingar for reklame. Det som blir offentleggjort skal vara eit resultat av ei redaksjonell vurdering. Sørg for å halde oppe det klåre skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også ved bruk av pekarar og andre koplingar.
    8. Det er i strid med god presseskikk å late sponsing påverke redaksjonell verksamheit, innhald og presentasjon.
    9. Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta mot pålegg om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leidinga.
       
  3. Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldone
    1. Kjelda til informasjonen skal som hovudregel identifiserast, med mindre det kjem i konflikt med kjeldevernet eller hensynet til tredjeperson.
    2. Ver kritisk i valet av kjeldor, og kontrollér at opplysningar som blir gjevne er korrekte. Det er god presseskikk å arbeide for breidd og relevans i kjeldevalet. Om det blir bruka anonyme kjeldor eller redaksjonen blir tilbydd eksklusivitet, må det stillast særleg strenge krav til kjeldekritikk.
    3. Det er god presseskikk å gjera premissane klåre i intervjusituasjonar og elles i høve til kjeldor og kontaktar.
    4. Vern om kjeldone til pressa. Kjeldevernet er eit grunnleggande prinsipp i eit fritt samfunn og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon.
    5. Gje ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gjevne fortruleg om ikkje dette er uttrykkjeleg avtala med denna kjelda.
    6. Av hensyn til kjeldone og til at pressa skal vara oavhengig, skal opublisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utaförståande.
    7. Pressa har plikt til å gje att meiningsinnhaldet i det som blir bruka av utsegner frå intervjuobjektet. Direkte sitat skal attgjevast presist.
    8. Endring av utsegner som er gjevne bør avgrensast til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell myndigheit kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale.
    9. Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særlig hensyn overfor personar ein ikkje kan vente er klåre over verkninga av det de uttalar til pressa. Misbruk ikkje andre sine kjenslor, kunnskapslöyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.
    10. Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntaksfall. Føresetnaden må vara at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentlig samfunnsinteresse.
       
  4. Publiseringsreglar
    1. Legg vekt på å vara saklig og på å vise omtanke i innhald og presentasjon
    2. Gjer klårt kva som er faktiske opplysningar og kva som er kommentarar.
    3. Vis respekt for menneska sin eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlige og private forhold når dette ikkje vedkjem saka.
    4. Sjå til at overskrifter, tilvisingar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lenger enn det er dekning för i stoffet. Det er god presseskikk å oppgje kjelda når opplysningar er henta frå andre medium.
    5. Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meldt, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtala ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtala tidlegare.
    6. Ta hensyn til korleis omtale av ulykkor og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifisér ikkje omkomne eller sakna personar utan at de næraste pårørande er varsla. Vis hensyn overfor menneske i sorg eller obalanse
    7. Ver varsam med bruk av namn og bilde og andre klåre identifikasjonstekn på personar som blir omtala i förbindelse med klanderverdige eller straffbare forhold. Ver særlig varsam ved omtale av saker på eit tidleg stadium av etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar og i saker der identifiserande omtale kan føre til orimeleg belastning for tredjeperson. Identifisering må grunngjevast i eit rettkomme informasjonsbehov. Det kan for eksempel vara rettkomme å identifisere når det er overhengande fare for overgrep mot forsvarslause personar, ved alvorlige og gjentekne kriminelle handlingar, når identiteten eller samfunnsrolla til den omtalte har klår relevans til de forholda som blir omtala, eller der identifisering hindrar at oskyldige blir utsette for grunnlaus mistanke.
    8. Når barn blir omtala, er det god presseskikk å ta hensyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Detta gjeld når føresette har gjeve samtykke til eksponering òg. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker
    9. Ver varsam ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtale som ikkje er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå skildringar av metode eller andre forhold som kan vara med på å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.
    10. Ver varsam med bruk av bilde i andre samanhengar enn den opprinnelege.
    11. Vern om truverdet til det journalistiske fotografiet. Bilde som blir bruka som dokumentasjon må ikkje endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilde kan berre aksepterast som illustrasjon når det går tydeleg fram at det dreier seg om ein montasje.
    12. Det gjeld dei same krava til aktsemd for bruk av bilde som ved skriftleg og munnleg framstilling.
    13. Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt unnskyldast snarast råd
    14. Dei som blir utsette for sterke skyldingar, skal så langt det er råd ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Debatt, kritikk og nyheitsformidling må ikkje hindrast ved at partar ikkje er villige til å uttala seg eller medverke til debatt.
    15. Dei som har vorte utsette for åtak, skal snarast få høve til tilsvar, med mindre åtak og kritikk inngår som ledd i ei løpande meiningsutveksling. Ha som krav at tilsvaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form. Tilsvar kan nektast om parten det gjeld utan sakleg grunn har avvist tilbod om samtidig imøtegåing i same spørsmål. Tilsvar og debattinnlegg skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk.
    16. Ver varsam med å opprette pekarar frå digitale utgåvor til innhald som bryt med god presseskikk. Sørg for at pekarar til andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkte. Det er god presseskikk å informere dei som brukar interaktive tjenestor om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken tå tjenestone.
    17. Om redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitale meiningsutvekslingar, må dette gjerast kjent på ein tydeleg måte for dei som har tilgang. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk så snart som råd.
Ord og bilde er mektige våpen, misbruk dei ikkje!

Kjelde