Alnakka.net:Sefardím

Frå Alnakka.net

Sefardím (pl.) (hebr. סְפַרְדִּים el. סְפָֽרַדִּים) eller sefardiske jødar er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Iberia — det vil seie notidas Spania og Portugal. Sefardiske jødar i den forstand inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas og Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare tala de fleste sefardím spansk, djudeospanjol (jødespansk) eller portugisisk. Ein særprega variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardím er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsettingar til spansk eller djudíospanjol. Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet ladino for det jødespanske språket. Namnet blir i praksis ofte òg — feilaktig — bruka om ikkje-iberiske jødar frå arabisk-språklege land (sjå mizraḥím), såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-asjkenazisk opphav.

Portugisarjødar

Gazeta de Amsterdam.jpg
Gazeta de Amsterdam var eit kastiljanskspråkleg økonomisk tidsskrift som vart etablert seinast i 1672 i det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam og som kom ut to gonger i vekka i alle fall i perioden frå 1675 til 1702, da det vart nedlagt. Initiativtakar og redaktør var skribenten og boktrykkjaren David de Castro Tartaas. Tidsskriftet vart blant anna distribuert i Spania og Portugal, og eksplisitt jødiske emne vart unngått for ikkje å sette lesarane der i fare.   Les meir …
Uriel Acosta (1585-1640) var ein portugisisk filosof av jødisk opphav. Acosta vart fødd i Oporto i Portugal i 1585 som Gabriel da Costa. Familien hans var jødisk, men hadde konvertert til katolisismen. Uriel Acosta overtydde familien til å gå tilbake til jødedommen, og de måtte flytte til Amsterdam. På grunn av sin heretiske filosofi vart han (som òg Baruch Spinoza) bannlyst av den jødiske menigheita.   Les meir …
David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 188912. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk. David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 ått föreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten samma plassen i tida 19091913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa ått son sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utafor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjenom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
PSM V23 D448 Philipp Reis.jpg
(Johann) Philipp Reis (f. 7. januar 1834 i Gelnhausen i Hessen i Tyskland; d. 14. januar 1874 i Friedrichsdorf i Hessen) var ein tysk fysikar og oppfinnar av portugisarjødisk opphav på farssida som er kjent for å ha utvikla den første elektriske telefonen, som han presenterte under namnet Telephon i 1861.   Les meir …

Esnogas

Kahal Kados Bet Israel i Hamborg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K”K Talmud Tora, K”K Keter Tora og K”K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K”K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamborgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
627 innocentiastr 37.jpg
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.   Les meir …
Amsterdam1639 Int.png
Esnogaen i Amsterdam frå 1639 var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samenslegne under det novarande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den davarande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …

Osmanske sefardím

Mengám longéz (מעם לועז) er eit 46-bandsverk med encyklopediske kommentarar til Tenákh som vart planlagt og påbegynt av ḥakhám Jangakób Kuli. Første bandet vart utgjeve i 1730. Ḥakhám Kuli sjølv døydde under arbeidet med kommentaren til Sefer Sjemót (2. mosebok) i 1732, men arbeidet vart fortsett av andre ḥakhamím og kom fram til 1777 ut i alt i alt 46 band.   Les meir …
Bg board L.jpg
Tavla eller tavli (djudeospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel for to personar der kvar spelar kastar terningar som viser kossen ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sidor, og kvar side er delt i to halvdeler att. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane forbi motspelaren sine brikkar og «heim».   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …

Mat

20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …