Adolph de Lemos (1848–1900)
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinnelig kom frå Hamborg. Han er nemnt i folketelinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande.[1] I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamborg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph dødde den 25. mai 1900.
Bakgrunn og oppvekst
Adolph de Lemos vart fødd i Hamburg måndagen den 29. adar b 5608, det vil seie den 3. april 1848. Vi kjenner ikkje til foreldra hans enno, men de Lemos er eit vanleg portugisarjødisk familienamn. Dét passar godt med at Hamborg hadde ein aktiv portugisarjødisk esnoga (synagoge). Den gamle esnogaen brann opp i Hamborgs bybrann i 1842, seks år føre Adolph vart fødd. Dei neste åra vart det bruka provisoriske lokale, og den nye esnogaen vart først innvigd i september 1855, da Adolph var sju og eit halvt år gammel.
Familie
Adolph de Lemos gifta seg ned Rosalie Nathan, dotter ått Nathan Nachman Nathan. Dei fikk tre born:
- David de Lemos (f. 10. oktober 1879, d. 13. januar 1885)
- Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883, d. under sjoá), språklærarinne
- Frithjof de Lemos (f. Hamborg 1891, d. Oslo 1965). Fridthjof utdana seg til apotekar. Han gifta seg med Gerda Seim (f. 10. mai 1904 i Bergen, d. 16. august 1981 i Oslo). Dei fikk sonen Frithjof de Lemos.
Fotnotar
- ↑ Adolph de Lemos i folketelling 1875 for Bragernes i Drammen fra Digitalarkivet.
Kjeldor
- Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969.