Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje (f. 6. april 1818, d. 30. juli 1870) var ein norsk forfattar og bladmann. Kjente dikt av honom Aa.O. Vinje er «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann».
Han var født i Telemark fylke og vaks opp på husmannsplassen «Plassen» eller «Plassevja», i Vinjestoga. Plassen låg under garden Uppistog Vinje. Familien var fattig, men glad i litteratur, og Vinje fikk tidleg smaken på å lesa.
Aasmund gikk på Heltbergs studentfabrikk og utdana seg seinare til jurist. Han var politisk aktiv og miste stillinga si som statstilsett jurist da han kritiserte utanrikspolitikken til staten.
Vinje er rekna som ein føregangsmann i norsk journalistikk med vekkobladet Dølen frå 1858. Føre han skreiv Dølen var han journalist; i løpet av åtte år skreiv han heile 700 artiklar i Drammens Tidende. Som forfattar skreiv han dikt og reiseskildringar. Skrivestilen hans var prega av evnen hans til sjå ei sak frå fleire sidor, og han viste ofte tvisyn, blant anna når det gjaldt norsk nasjonalromantikk. Vinje var ein av dei første til aktivt å ta i bruk landsmålet til Ivar Aasen.
Aasmund Olavson Vinje dødde den 30. juli 1870 på Hadeland og vart gravlagt ved Søsterkirkjone på Gran
Utgjevingar
Tidsskrift
Diktsamlingar
- 1861 - Ferdaminni fraa Sumaren 1860, ei skildring av ei reise til kroninga av kong Karl IV av Norge (Karl XV av Sverige) i Trondheim i 1860.
- 1864 - Diktsamling, med mange av de mest kjente dikta hans.
- 1866 - Storegut. Dikt.
Anna
Pekarar
- Vinje - med Nynorsk kultursentrum.
- Minneord yver A.O. Vinje dikt av Ivar Aasen
- Minnestykke av Ivar Mortensson-Egnund
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Aasmund Olavsson Vinje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
This article is based entirely or in part on the article “Aasmund Olavsson Vinje” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |