Ṣiṣít
Frå Alnakka.net
Ein ṣiṣít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal ṣiṣijjót), òg skrive tsitsit og tzitzis, er ei hjørnefrynse på ein tallét (bønesjal).
Tekhélet
Fram til 800-talet hadde ṣiṣijjót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorte glømt, og hovudsynet i rabbinsk jødedom er at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i ṣiṣijjót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite ṣiṣijjót. Etter karaittisk jødedom kan kva blått fargestoff som helst som er ljøs- og vaskeekte bli bruka til tekhélet. To mindre grupper av rabbinske jødar brukar i dag tekhélet i sine ṣiṣijjót, men båe dei to variantane er sterkt omstridde.