Ḥuldá hannebiá

Frå Alnakka.net
De sju
 kvinnelige 
profetane
1   Sará
2   Mirjám
3   Deborá
4   Ḥanná
5   Abigájil
6   Ḥuldá
7   Estér

Ḥuldá hannebiá, eller profeten Ḥuldá, var den sjette av dei sju kvinnelege profetane i jødedommen. Sjølve namnet Ḥuldá eller Ḥóled betyder truleg ‘snømus’ — og slik kan ein seie at både ho og profeten Deborá (‘bie’ eller ‘kveps’) hadde mindre enn smigrande namn.

Historia om Ḥuldá hannebiá finst i to noko olike utgåvor (Melakhím B 22:14–20 og Dibré hajjamím B 34:22–28). I Melakhím finn vi fleire namn enn i Dibré hajjamím, og dei namna som finst begge stadene har noko olik form. Forhistoria for besøket vi hører om er at det vart funne ei inntil da okjent bok i Tempelet i Jerusalem (Toráen, eller meir truleg Séfer Debarím (5. mosebok)).

Melakhím B 22:14–20

(14) Og gikk Ḥilkijjáhu hakkohén og Aḥikám og Ngakhbór og Sjafán og Ngasajá til Ḥuldá hannebiá, konå ått Sjallúm, son ått Tikvá [som var] son ått Ḥarḥás, kledevoktaren; og ho budde i Jerusalem i det andre kvarteret — og dei tala ått henne. (15) Og sa ho ått dem: «Slik seier ADONÁI, Jisraéls Elohím: Fortel di ått mannen som sendte dokker ått meg: Slik seier ADONÁI: Sjå, Eg vil føre vondt over denne staden og over innbyggjarane hans, alle orda av boka som han las opp, kongen av Judea; (17) av di di har forlate Meg og har ofra til andre gudar, så di kunne tirre Meg med alt verket av henderne dokkers. Og tennast skal vreiden Min mot denne staden og skal ’kje bli sløkt. (18) Og ått kongen av Judea, som sendte dokker for å undersøkje ADONÁIs ord — så skal di seie ått honom: Slik sa ADONÁI, Jisraéls Elohím: Orda som du haurde, (19) ettersom hjarta ditt var mjukt og du audmjuka deg framføre ADONÁI da du haurde at Eg tala mot denne staden og mot innbyggjarane hans (at dei) skulle bli til undring og til forbanning, og du reiv kledone dine og grét føre Meg; og eg har òg haurt [deg], [er] talen ått ADONÁI. (20) Difor, sjå, vil Eg føre deg til fedrane dine, og du skal få komma ått grava di i fred; og ikkje skal dei sjå han, augone dine, all den vondskapen som Eg vil late komma over denne staden.» Og dei brakte ordet ått kongen.

Dibré hajjamím B 34:22–28

(22) Og gikk Ḥilkijjáhu og (dei) som kongen (sendte med honom) til Ḥuldá hannebiá, konå ått Sjallúm son ått Tok’hát, [som var] son ått Ḥasrá kledevoktaren; og ho budde i Jerusalem i det andre kvarteret — og dei tala ått henne slik. (23) Og sa ho ått dem: «Slik seier ADONÁI Jisraéls Elohím: Sei di ått mannen som sendte dokker ått Meg:

(24) Slik seier ADONÁI: Sjå, Eg vil føre vondt over denne staden og alle innbyggjarane hans; alle eidene som er skrevne i boka som di las opp framføre kongen av Judea. (25) Av di at di har forlate Meg og ofra ått andre gudar så di kunne tirre Meg med alt verket av henderne dokkers; og tennast skal vreiden Min mot denne staden og skal ’kje bli sløkt. (26) Og til kongen av Judea, som sendte dokker for å undersøkje ADONÁIs ord — slik skal di seie ått honom: Slik seier ADONÁI, Jisraéls Elohím: Dei orda som du haurde; (27) Ettersom hjarta ditt var mjukt og du audmjuka deg framføre ADONÁI da du haurde orda Hans mot denne staden og mot innbyggjarane hans, og du audmjuka deg framføre Meg, og du reiv sund kledone dine og grét framføre Meg; og Eg òg haurde (deg), er talen ått ADONÁI. (28) Sjå, Eg vil føre Deg til fedrane dine, og du skal få komma til grava di i fred; og ikkje skal dei sjå han, augone dine, all vondskapen som Eg vil late komma over denne staden og over innbyggjarane hans.» Og dei brakte ordet ått kongen.