Ḥasidisk jødedom
Jødiske retningar | |
|
Ḥasidisk jødedom eller ḥasidisme er ei retning av asjkenazisk jødedom som er kjennetekna ved særlig stor vekt på kabbalá. Rørsla oppstod i Aust-Europa, hovudsakleg Belarus og Ukraina, på 1700-talet.
Grunnleggaren av den ḥasidiske rørsla var rebbe Jisraél ben Elingézer (1698–1760), òg kjent som «Baalshemtov» (jid. för Bángal-Sjem-Tób). Ḥasidismen oppstod i ei tid med mykje förfölgjelse av jødane i Aust-Europa. Mange følte at jødedommen hadde vorte ei rein intellektuell øving og hadde mist det dei såg på som den tradisjonelle vekta på åndeligheit og glede. R. Jisraél ben Elingézer arbeidde för å endre dét. Mange slo seg med honom, men rørsla hans møtte òg stor motstand frå fleire samtidige religiøse ledarar — og da særlig Vilner Góen, ledaren för dei litauiske jødane. Desse motstandarane var kjent som di misnagdem, eller ‘motstandarane’.
Historie
Forspel
I Polen, der fleirtalet av jødiske familiar hadde etablert seg på 1500-talet og seinare, vart kampen mellom tradisjonell rabbinsk jødedom og radikal kabbalá-påverka mystikk særlig tilspissa etter den messianske rørsla til Sjabbetái Ṣebí kring midten av 1600-talet. Tendensen mot mystikk og sektdanning viste seg særlig blant jødane i dei søraustlige områda av Polen, medan dei nordaustlige provinsane, kring vår tids Litauen og Belarus, heldt på den meir teoretisk orienterte, konvensjonelle rabbinske jødedommen. Dei austasjkenaziske jødane som held på denne tradisjonen blir kalla litvish (litauiske). Til ein viss grad kan ein seie at dei to tenkjemåtane reflekterer sosiale forskjellar mellom dei nordlige litauiske jødane og dei sørlige ukrainske jødane. I Litauen budde fleirtalet av jødar i tettbefolka byar der den rabbinsk-akademiske jesjibá-kulturen blomstra. I Ukraina budde derimot jødane gjerne spreidd i landsbyar langt unna intellektuelle senter.
Jisraél ben Elingézer
Utdjupande artikkel: Jisraél ben Elingézer (Bangal Sjem Tob)
Grunnleggaren av ḥasidismen, Jisraél ben Elingézer, vart òg kjent under tittelen «Meisteren av det Gode Namnet" (Bangal Sjem Tob, förkorta som Besjt). Ryet hans som heilar av sjuke spreidde seg ikkje berre blant jødane, men òg blant ikkje-jødiske bønder og den polske adelen. Det vart òg sagt at han kunne spå om framtida.
Spreiinga av ḥasidismen
Motstand
Nyare tid
Religiøs praksis og kultur
Grunnleggande trekk
Liturgi og bøn
Klede
Haudplagg
Andre karakteristiske klede
Kvinnor
Generelt er kledone blant ḥasidiske kvinnor mindre kjennspake enn kledone til ḥasidiske menn. Valet av kledor er særlig basert på ḥasidiske tolkningar av tsnius (ṣeningút, sømmeligheit etter halakhá). Lange skjørt og erme som går nerom handbogane er typisk. I tillegg blir sjølvsagt shatnes (sjangatnéz, blanding av ull og lin i kledor) utelukka, på samma viset som i mannskledor. Elles skil ikkje ḥasidiske kvinnekledor seg vesentlig ut frå kledone blant ikkje-jødar der dei bur.
I somme gruppor, slik som Satmar, må gifte kvinnor klyppe av seg alt håret og dekkje haudet med skaut. I mange andre ḥasidiske gruppor brukar dei gifte kvinnone parykk. Andre gruppor att synest parykkane ser för naturlige ut, så dei brukar rett og slett eit tubeaktig hårnett («snood») over det naturlige håret sitt eller dekkjer det med ein tichl (skaut), med eller utan ein shpitsl (ein variant av hårnett).
Alle ḥasidiske gruppor tillet at jentor og ogifte kvinnor har odekt hår.
Hår
I alle ḥasidiske gruppor har gutane langt, heilt oskore hår til dei er tre år gamle. På treårsdagen (eller ein dag seinare om treårsdagen fell på sjabbát) klypper ein håret deras för aller første gong med ein seremoni som blir kalla ópshern (אָפְּשׁעֶרִין eller אָפּשׁערן) på jiddisch. Mange ikkje-ḥasidím, og endatil ein del ikkje-ortodokse jødar, har teke til seg denne skikken.
Det er vanleg i fleire gruppor av ḥasidím at gutane og mennerne har peies (peót) — lange, oskorne hårlokkar i framkant av ørone. Ein del ḥasidím skjer bort resten av håret på toppen av haudet. Ikkje alle ḥasidiske gruppor krev lange peies, og ikkje alle jødar med lange peies er ḥasidím; men alle ḥasidiske gruppor fråråder å klyppe skjegget (sjølv om ein del ḥasidiske lekfolk ignorerer den frårådinga).
Ṣiṣít
Mal:Hovudartikkel Blant ḥasidim brukar stort sétt berre gutar og menn tsitses (ṣiṣít, lange hjørneduskar), og det er vanleg at gutar får sine første tsitses under ópshern-seremonien på treårsdagen. Mange ḥasidim fölgjer den gamle skikken å late duskane visast. Ofte brukar dei å ha dem utapå skjorta heller enn som underskjorte.
Rituelle bad
Utdjupande artikkel: Mikvé
Menn
Blant ortodokse jødar generelt er det tradisjon å gå i mikvé (rituelt bad) före viktige helgdagar, og særlig före kippúr, för åndelig renselse. Mange ḥasidím har utvida den praksisen og går i mikve (jid.) kvar dag före shachres (sjaḥarít, den jødiske morgongudstjenesta).
Kvinnor
Utdjupande artikkel: Tahoràt hammisjpaḥá
Etter loven om niddá, kan det ikkje vara nån fysisk kontakt mellom mann og kona frå menstruasjonen begynner til kona har gått i mikvé ei vekka etter at menstruasjonen er over. Den loven blir generelt strengt halden blant ḥasidím.
Familieliv
Språk
Dei fleste ḥasidim pratar hovudspråket i landa der dei bur, men prøver å bruke jiddisch seg i mellom som ein måte å halde på tradisjonane og unngå assimilering på. Dermed lærer ungane jiddisch, og språket lever vidare som morsmål i ḥasidiske miljø. Jiddische avisor kjem stadig ut, og den ḥasidiske verda produserer ein god del jiddisch skjønlitteratur som særlig er mynta på kvinnor. I dei siste åra har det ḥasidiske miljøet òg begynt å produsere filmar og å gje ut desse filmane direkte på DVD — ei endring frå den tidlegare tendensen at det berre var meir eller mindre sekulære jødar som produserte jiddische filmar.
Somme ḥasidiske gruppor (særlig Satmar og Toldos Aaron) er aktive motstandarar av bruken av hebraisk som kvardagsspråk i Israel, ettersom dei reknar hebraisk som eit utelukkande helig språk som berre bør brukast til bøn og andre religiøse formål.
Ḥasidiske dynasti
Ḥabad
Breslov
Andre dynasti
Sjå òg
Kjeldor
Litteratur
- The Great Mission: The life and story of Rabbi Yisrael Baal Shem Tov. Compiled by Rabbi Eli Friedman, translated by Rabbi Elchonon Lesches. Kehot Publication Society, 2005, ISBN 0-8266-0681-4.
- Holy Days: The World of a Hasidic Family. Lis Harris. Simon & Schuster New York, 1985, ISBN 0-684-81366-1.
- Unchosen: The Hidden Lives of Hasidic Rebels. Hella Winston. Beacon Press Boston, 2005, ISBN 0-8070-3626-9.
Pekarar
Generelt
- Hasidism - om opphavet ått ḥasidismen, om Bangal Sjem Tob, og om de retningane ḥasidismen har teke.
- GATES to the TALMUD - innføring i talmud etter instruksar frå den sjuande Lubavitsjer rebben.
- Awesome Litvish Chassid Torah Bayis ():~) - svært fargerik heimeside med tydeleg ḥasidisk profil...
- Hasidim celebrating the holiday of Purim (Windows Media Audio/Video file)
- Website of the Biala Rebbe of America
- Hasidim, Hasidism, jewishencyclopedia.com
- Hasidism, jewishvirtuallibrary.org
- What is Chassidism?, scjfaq.org
- FAQ on Hasidism, hasidism.info
- Hasidic Judaism Reading List, shamash.org
- Rebbe performing a Mitzvah Tantz, a ritual dance
- Online Community of Chassidic Jews "database for finding Chassidic Jews"
Ḥabad
- Chabad Jewish Student Organization
- Chabad-Lubavitch in Cyberspace
- Hadar Hatorah (Crown Heights, New York, USA) - lubavitsjer-ḥasidisk jesjibá i Crown Heights i New York i USA. Berre for menn. “Hadar Hatorah, the world’s first yeshivah for Jewish men with little or no formal background in Jewish knowledge or practice, was founded in 1963. Appreciating the student’s past journeys through life, Hadar Hatorah addresses the unique concerns of the sincere ‘latecomer.’ Hadar Hatorah has been there for nearly 40 years, teaching classic Judaism to generations of Jewish men. [...] The process of learning and study is all encompassing, requiring time, patience and determination. It is not only absorbing information, but bringing this information into a level of personal realization. Our teachers are there to support him, guide him and answer all his questions, no matter what they might be. Our goal is educate him to be a practicing and knowledgeable Jew and a Chasid of the Rebbe.”
- Lubavitch World Headquarters - “Our international network of Chabad-Lubavitch centers in some 60 countries around the world has put a living Jewish community within the reach of any Jew, nearly anywhere on the globe, ensuring universal Jewish awareness with the promise of Jewish continuity.”
- Chassidism from chabad.org
- Large collection of Hasidic Texts in English from chabad.org
Breslov
- Breslov on the Internet
- Babylonian Talmud (NTPS 1916) - “New edition of the Babylonian Talmud — original text, edited, corrected, formulated and translated into English.”
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |