Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det laurdag den 20. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Leví ben Geresjón (f. 1288 i Bagnols; d. 20. april 1344), òg kjent som Gersonides eller RaLBaG, var ein fransk-jødisk filosof, ekseget, matematikar og dokter. Han vart fødd i Bagnols i 1288 og dødde den 20. april 1344. Abraham Zacuto (Séfer Juḥasín, ed. Filipowski, s. 224) hevdar at Leví dødde i Perpignan i 1370, men den nøyaktige dødsdatoen hans er fastsett til 20. april 1344 av Petrus av Alexandria, som i 1345 omsette eit notat av Leví om konjunksjonen mellom Saturn og Jupiter (sjå Steinschneider i Hebr.Bibl. vii. 83-84). «Gersjuní», den hebraiske parallellen til «Gersonides», vart først bruka om Leví ben Geresjón av David Messer Leon (kring 1500).   Les meir …

Religion og livssyn

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
5956 mishnayyot hebr.jpg
Bokverket Misjná (hebr. מִשְׁנָה [miš'nā]) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa av den munnlege Toráen som han vart forstått av farisearane og seinare av de rabbinske jødane. Misjná vart redigert og fullført av Jehudá hannassí mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga. Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane av Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt hundreår tidlegare. Éin av de seks hovuddelene av Misjná handlar spesifikt om lovar for tempeltjenesta.   Les meir …
Gurū Hari Rāi dji (26. februar 163030. mai 1661) var den sjuande av dei ti sikh-gurūane og vart guru den 8. mars 1644 som etterfølgjar etter bestefar sin, gurū Hari Gōbindh dji. Före gurū Hari Rāi dji dødde, utnemnte han gurū Hari Krisjan dji, sonen sin, som den neste sikh-gurūen.   Les meir …
Kruszyniany Mosque.jpg
Ein moské (arab. مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element i ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei troppliknande plattform nær mihrab der den religiøse ledaren ledar gudstjenestor og forrettar prekor), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk ledar gudstjenestor frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der al-Qur’ān (Koranen) blir lesen frå).   Les meir …
5515 Gol stavkirkje på Bygdøy.jpg
Gol stavkirkje er ei stavkirkje frå Gol i Hallingdal i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kirkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsleten og fullstappa at kirkjelyden fikk bygd ei ny. Stavkirkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk ho flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore føre reformasjonen.   Les meir …

Naturfag

Avena fatua1.jpg
Havre (Avena fatua el. Avena sativa) er ei plante av grasfamilien som har store frø (korn) som blir bruka til mat for dyr og menneske. Kornslaget toler relativt låge sommartemperaturar og mykje regn og har historisk vore spesielt mykje dyrka langs kysten av Nord-Europa. Havre er eit i all hovudsak glutenlaust kornslag som er i slekt med, men ikkje eitt av, dei fem kornslaga som kan bli ḥaméṣ og som derfor er forbodne under pesaḥ anna enn i form av maṣṣót. Etter klassisk sefardisk halakhá er det lov å bruke havre fritt under pesaḥ, så lenge som ein passar på at det ikkje er innblanding av noko av dei fem kornslaga som kan bli ḥaméṣ.   Les meir …
C05192cr nappakrok.jpg
Ein nappakrok eller ein høytjyv (nyn./bm. høytjuv, bm. høytyv) er ein harpunliknande redskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar (somme sa den 16.)) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vara oppbruka.   Les meir …
Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindhastigheita. Skalaen vart laga i 1806 av Sir Francis Beaufort, ein irsk offiser i the British Navy (Den britiske marinen). Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bidevindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfarty tidleg på 1800-talet. Skalaen fikk 13 nivå der 0–4 omfattar farten som fartyet kan ventast å nå med alle segl sett, 5–9 om den seglsettinga som trengst for å halde på manøvreringsevnen i ein stridssituasjon og 10–12 om kossen fartyet skal handterast för å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13–17, som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumpor) og liknande.   Les meir …

Kystkultur

Ei nautisk mil (= 1 bogaminutt), forkorta nm, tidlegare òg kalla kvartmil, er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteorologi. Ei nautisk mil er 1 852 meter, som òg er omtrentlig lengd på eit breiddeminutt.Ei nautisk mil blir underdelt i ti kabellengder på 185,2 meter. I tidlegare tider svara ei nautisk mil, òg kalla kvartmil, til ¼ sjømil.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein toppseglskonnert er eit hovudsakleg sneiseglrigga seglskip med to mastrer. Som andre tomastra skonnertar har toppseglskonnerten fokkemaster og stormaster. I tillegg til sneisegla har toppseglskonnerten eitt råsegl som toppsegl på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Toppseglskonnerten var den vanlegaste skonnerttypen på 1700-talet.   Les meir …
Magdalena og de tvende Doetre Krsund.jpg
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.   Les meir …
Seglande nordlandsbaatar.jpg
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl. Den eldre typen nordlandsbåt blir kalla krumstemning, ettersom han har relativt runde stamnar. Ein nordlandsbåt av den nye typen som vart gradvis utvikla frå kring 1800 og fram til kring 1860, har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog.   Les meir …

Musikk

Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Clavicembalo all8 Pisaurensis Venezia 1543.gif
Eit cembalo (frå it. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire olike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal (rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida, spinett (oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene og klavicyterium, der strengene er loddrette.   Les meir …
Taus.jpg
Ein tāūs (pandjābī ਤਾਊਸ) er eit indisk strykeinstrument på størrelse med ein cello og med 28–30 strenger, inkludert resonansstrengene. Etter sikhtradisjonen skal instrumentet ha vorte oppfunne av gurū Hari Gōbindh, den sjette av dei ti sikh-gurūane. Ordet tāūs er farsī för ‘påfugl’, og resonanskassen på tāūsen er faktisk forma som ein påfuglkropp. Den lange instrumenthalsen svarar til halefjørene på påfuglen.   Les meir …

Mat

20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
3376 kapusta.jpg
Kapuste (jid. קאַפוסטע) eller kapuste-zup (jid. קאַפוסטע־זופ) er ei austeuropeisk-jødisk tjukk suppe eller stuing med kål som hovudingrediens. Kapuste er tradisjonelt ein sentral matrett blant litauiske jødar og polske jødar. Matretten har sitt opphav i den bl.a. polske og russiske matretten kapusta, som òg er opphavet til den tyrkiske matretten kapuska.   Les meir …
Samosa 1.jpg
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta, frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særlig med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner vi han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø.   Les meir …
15571 sildball.jpg
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme stader, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn; d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særleg er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk. Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Norge og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les meir …


Andre nettsidor

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no