Etróg

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Zitronat)
Gå til: navigering, søk
Citrus medica blir omdirigert hit. För det förelda namnet Citrus medica limonum eller Citrus medica limon, sjå sitron.

Etróg
Cidro.jpg
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Underklasse: Actinopterygii
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Slekt: Citrus
Art: medica
Vitskaplig namn
Citrus medica
Linné
Etróg
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk för arbangá miním. Blant dem som ikkje blir bruka til det er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg.
Sukatar blir framstilt av etróg-albedo.
Foto: Olve Utne
I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidligare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme för kledor.

Innhaldsliste

Bruk under sukkót

Dei variantane av etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím. Florentinske etrogím blir ikkje bruka, og heller ikkje den noko fjernare slektningen buddhahender.

Simaním (tekn)

Simaním (tekn) på at ein etróg er kasjér.
Foto: NeedsAlert

Tekna på at ein etróg er kasjér er:

  1. det gule skalet skal vara klumpot;
  2. rotenden av frukta skal vara innsøkkt (konkav) ved overgangen til pedunkelen.
  3. albedoen, eller den kvite delen mellom skalet og fruktkjøttet, skal vara tjukk, og det skal vara lite fruktkjøtt, og fruktkjøttet er relativt tört; og
  4. steinane skal vara langsgåande heller enn tversgåande.

Galleri

Pekarar

Personlige verkty