Visent

Frå Alnakka.net
Visent

Visent
Visent i Białowieżaskogen i Polen

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Overorden: Artiodactyla
Orden: Ruminantia
Familie: Bovidae
Underfamilie: Bovinae
Slekt: Bison
Art: bonasus
Vitskaplig namn
Bison bonasus

Ein visent (nyn./bm./sv./da.) eller europeisk bison (nyn./bm./sv.; da.: europæisk bison) (Bison bonasus) er eit oksedyr i slekta Bison og er det tyngste landdyret i Europa. Ein typisk visent blir 2,9 meter lang og innpå 2 meter høg; og vekta er inntil 900 kg. Til vanleg er han mindre enn den amerikanske bisonen, som han er nært i slekt med; han har mindre pels på nakkan, haudet og overkroppen, men lengre hale og horn. Visentar er flokkdyr som lever av urtor, gras og kvistar. I vår tid finst dei først og fremst i naturreservat i Polen (Białowieżaskogen), Kviterussland, Russland (Vest-Kaukasus) og Baltikum. Arten er utryddingstruga.

För 2 000 år sidan levde visentane i mestparten av Europa — frå England i vest til Sibir i aust, og frå Spania i sør til Sverige i nord. I Vest-Europa vart visenten utrydda på 1000-talet, anna enn i Ardennane, der han overlevde fram til 1300-talet. Den siste visenten i Transilvania dødde i 1790. I aust haurde visentane til dei polske kongane, dei litauiske storhertugane eller dei russiske tsarane etter loven. På 1500-talet innførte kong Sigismund I av Polen dødsstraff för drap på visentar. Trass i dette og andre vernetiltak minka visentpopulasjonen i hundreåra som fölgte. Særlig under og rett etter første verdskrigen leid bestanden store tap, sidan soldatar og krypskyttarar utrydda visenten i dei tidlegare polske områda. I 1927 vart verdas siste viltlevande visent skoten i Vest-Kaukasus. Da fanst det berre 54 visentar att i dyrehagane kring i verda. Desse dyra stamma frå berre tolv dyr.

I dag blir det dreve eit stort alsarbeid för å sikre arten. Polen har vore ledande i lang tid gjenom nasjonalparken Białowieża, der dei starta eit planmessig alsarbeid i 1929 med utgangspunkt i berre fire visentar. I dag finst det 350 visentar i den polske delen av skogen, og på lag 3 000 over heile verda (60 % frittlevande) — og alle desse stammar frå Białowieżaskogen.

Tre underartar er identifisert:

  • Låglandsvisent – Bison bonasus bonasus (frå Białowieżaskogen).
  • Ungarsk (Karpatisk) visent – Bison bonasus hungarorum – utrydda.
  • Kaukasisk visent – Bison bonasus caucasicus – utrydda. Eitt av dei tolv dyra som gav opphav til den moderne bestanden kom frå denne underarten.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Visent» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.