Venstre

Frå Alnakka.net
Valkamp i 2009.
Foto:Olve Utne

Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Norge og reknar seg sjølv som eit sentrumsparti. Gjenom tidene har partiet teke del i både breide borgarlige koalisjonsregjeringar og reine sentrumskoalisjonar. Frå 2001 til 2005 tok partiet del i regjeringa Bondevik II, ei koalisjonsregjering med Høgre og Kristelig Folkeparti. Etter at den regjeringa fall ved stortingsvalet 2005 er Venstre no i opposisjon. Partiet sin ideologi framhevar friheit för individet kombinert med sosialt ansvar. Sidan tidleg i 1970-åra har miljøvern vore den politiske hovudsaka til partiet. I dei siste valkampane har Venstre fokusert på miljøvern og forholda för småe og mellomstore bedrifter. Nån av sakerne Venstre går inn för er fri arbeidsinnvandring, avskaffing av statskirkja, flatare skatt og större lokalt sjølvstyre. På landsmøtet i 2005 vedtok partiet med minst mulig margin å framleis vara mot norsk medlemskap i EU. I staden går Venstre inn för å fortsette EØS-avtalen.

Venstre er medlem av Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet.

Fedraheimen 28. juni 1884.

Historie

Venstre vart dana den 28. januar 1884 som resultat av striden om innføring av parlamentarisme i Norge. Venstre vart dana av dei politiske kreftene som gikk inn för parlamentarisme, i motsetning til Høgre, som var dei kreftene som gikk imot. Da kampen för parlamentarismen var vunnen, vart ledaren av Venstre, Johan Sverdrup, den første norske statsministeren som vart utpekt på grunnlag av å ha fleirtalet i Stortinget attom seg. Men den breide koalisjonen som Venstre i realiteten var, heldt ikkje ihop lenge. I 1888 braut store deler av partiet, assosiert med lekmannskristne rørslor og under ledelse av predikanten Lars Oftedal, ut og dana Moderate Venstre. Dét vart den første av mange partisplittelsar i historia til Venstre.

I perioden frå 1884 til mellomkrigstida byta Venstre og Høgre på å ha regjeringsmakta i landet. I den tida gikk Venstre inn för blant anna allmenn stemmerett för menn, som vart oppnådd i 1898, oppløysning av unionen med Sverige, som skjedde i 1905, og allmenn stemmerett för kvinnor, som vart gjenomført i 1913. Venstre har hatt seks statsministrar; den siste var Johan Ludwig Mowinckel, som gikk av frå sin tredje og siste periode som statsminister i 1935.

Minskande oppslutning

Etter som Arbeidarpartiet vaks, miste Venstre gradvis stemmar i arbeidarklassen. Og tidleg på 1900-talet miste partiet den mest konservative fløya si til Samlingspartiet og Frisindede Venstre òg. Stortingsvalet i 1915 var det siste der Venstre, under Gunnar Knudsen, vart det største partiet og vann reint fleirtal på Stortinget. Venstre vart enda meir svekka da Bondepartiet vart dana i 1920. Sjølv om Bondepartiet ikkje var eit reint utbrytarparti frå Venstre, tok det mestparten av veljarane sine frå tidlegare Venstre-veljarar. I 1933 vart utbrytarpartiet Kristelig Folkeparti dana etter nominasjonsstrid i Venstre i Hordaland. Da detta vart eit landsdekkjande parti etter andre verdskrigen, gikk det ytterligare ut over oppslutninga til Venstre.

Etterkrigstida

Lenge var Venstre skeptisk til å ta del i förpliktande samarbeid med Høgre, men i 1963 vart partiet for første gong med i ei koalisjonsregjering med Høgre, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti. Regjeringa Lyng satt berre nån vekkor, men före stortingsvalet 1965 gikk Venstre til val på ei ny borgarlig koalisjonsregjering. Valet gav framgang för Venstre för første gong på lenge og førte til daninga av den borgarlige samarbeidsregjeringa Borten.

I 1960-åra utvikla det seg etter kvart store spenningar mellom det vi kan kalle radikale og moderate fløyer i partiet. De radikale, som blant anna var assosiert med avisa Dagbladet og dominerte i Unge Venstre, var skeptiske til samarbeid med Høgre. Mot slutten av 1960-åra vedtok Unge Venstre årvisse resolusjonar der de oppfordra Venstre til å gå ut av Borten-regjeringa. De radikale var dessutan motstandarar av norsk medlemskap i EEC. Ledaren frå 1952 til 1964, Bent Røiseland, haurde til den moderate delen av partiet og stod sterkt attom deltakelsen i Borten-regjeringa. De moderate var òg til dels sterke tilhengarar av norsk EEC-medlemskap. I 1964 tok den radikale Gunnar Garbo over som ledar, men gikk av i 1970 etter eit dårlig valresultat ved stortingsvalet 1969. Ny ledar vart EEC-tilhengaren Helge Seip. Da EEC/EF-striden tok av för fullt tidleg i 1970-åra engasjerte framtredande Venstre-politikarar seg sterkt på begge sidone. Da regjeringa Bratteli gikk av etter folkeavstemninga vart det dana ei rein nei-til-EF-regjering under Lars Korvald. Landsstyret i Venstre vedtok å gå med i denne regjeringa, sjølv om fleirtalet (9 av 13) i stortingsgruppa var EF-tilhengarar og gikk imot deltakelse i regjeringa. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klårt at de var i mindretal i Venstre, forlet ja-folka, med Helge Seip og Bent Røiseland i spissen, landsmøtesalen den 11. november 1972. De dana seinare Det Nye Folkepartiet.

Det påfølgjande stortingsvalet 1973 vart ein katastrofe för Venstre, som fikk stortingsgruppa si redusert til to representantar. Året etter, i 1974, vart Venstre det første partiet i Norge som fikk kvinnelig partiledar, Eva Kolstad.

Odd Einar Dørum
Foto: Audun Halaas

Etter at den moderate fløya hadde gått ut av partiet, prøvde Venstre å markere seg klårare som eit sentrumsparti som ikkje automatisk tilhaurde verken venstre- eller høgresida i politikken. Partiet styrka òg den grøne profilen, og miljøsaka vart den viktigaste enkeltsaka. Ved stortingsvala i 1973, 1977 og 1981 gikk Venstre til val utan å binde seg til eit bestemt regjeringsalternativ på førehand. Före stortingsvalet 1985 vedtok partiet for første gong å gå til val på eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Ved detta valet datt Venstre for første gong heilt ut av Stortinget, og partiledaren, Odd Einar Dørum, gikk av.

Före stortingsvalet 1989 plasserte Venstre seg på nytt i den borgarlige leiren og gikk til val på eit sentrum-høgre-samarbeid. I 1988 vart partiet ihopslege med de gamle utbrytarane i Det Liberale Folkepartiet att. Likevel greidde ikkje Venstre å komma tilbake på Stortinget att före 1993. Da vart Lars Sponheim innvelt på Stortinget frå Hordaland. Ved EU-striden före folkeavstemminga i 1994 gikk Venstre mot EU-medlemskap, men för EØS-avtalen. I 1996 vart Sponheim velt til ny ledar, og året etter gikk Venstre til val med målsetting å delta i ei sentrumsregjering i lag med Kristelig Folkeparti og Senterpartiet. Ved stortingsvalet 1997 kom Venstre over sperregrensa med 4,5 % av stemmane og vart med i sentrumsregjeringa, som satt til 2000. Ved stortingsvalet 2001 var målsettinga under valkampen å attreise sentrumsregjeringa, men da alle tre sentrumspartia gikk tilbake ved valet vart detta omulig. I staden gikk Venstre inn i den andre Bondevikregjeringa i lag med Høgre og Kristelig Folkeparti. Partiet fikk berre to stortingsrepresentantar men fikk tre statsrådar i regjeringa. Under valkampen i 2005 framheva Venstre partiet si nykkelrolle for at Bondevikregjeringa skulle bli sittande. Valet vart ein stor suksess för Venstre, med 5,9 % av stemmone og ti stortingsrepresentantar — det beste valresultatet sidan 1969. Regjeringa fall likevel, og Venstre har vore i opposisjon sidan det valet. På landsmøtet i 2006 vart Lars Sponheim attvelt som ledar for to nye år. I stortingsvalet 2009 fikk Venstre berre 3,9 % av stemmane, og under valvaka offentliggjorde Sponheim at han kjem til å gå av som ledar våren 2010.[1]

Partiledarar

Statsministrar frå Venstre

Koalisjonsregjeringar som Venstre har teke del i

Fotnotar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Venstre» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.