Umesamisk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto:Olve Utne

Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Norge har det vorte snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar så vel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha vorte snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste förstand, men språket har vel så mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover.

Innhaldsliste

Geografisk utbredelse

Den sørlige halvdelen av Arjeplogs kommun og heile Arvidsjaurs og Malå kommunar blir rekna til det umesamiske området. Utbredelsen har gått lengre mot sør tidligare, inkludert til Lycksele og Vilhelmina. Vest för Kjølen er språket utdødd i dag, men tidligare haurde området frå Rana (sør för Krokstranda og Dunderlandsdalen) og Rødøy sørover til Hemnes og Korgen i Hemnes kommune til det umesamiske språkområdet.

Umesamisk og nabospråka

Ume- og pitesamisk

Umesamisk og pitesamisk er dei einaste samiske språka som har både stadieveksling og omlyd. Når det gjeld stadievekslinga, så kan pitesamisk ha stadieveksling etter både korte og lange vokalar, medan umesamisk generelt berre har stadieveksling etter lang vokal. Omlyden står derimot sterkare i umesamisk, som har gjenomført omlyd på liknande vis som i sørsamisk, medan pitesamiske dialektar har mindre grad av omlyd i nordlige dialektar enn i sentrale og sørlige dialektar.

Ume- og sørsamisk

Umesamisk har til felles med sørsamisk eit meir konservativt endingssystem enn det som er vanligare i nordligare dialektar av vestsamiske språk. Kasus- og personendinga -m er såleis bevart som -m i sørlig sørsamisk og som -b i nordlig sørsamisk og umesamisk; i pitesamisk (og lulesamisk) er -m oftast svekka vidare til -v, og i nordsamisk er konsonanten borte. Genitivsendinga -n er bevart i både sør- og umesamisk, men er i all hovudsak borte i pitesamisk. Inessiv-endinga -sne er bevart i både sør- og umesamisk, medan vår tids pitesamisk har svekking til -n.

Skriftspråk

Tospråklig svensk/umesamisk skilt ved innkjøringa til Árviesjávrrie (Arvidsjaur).
Foto: Olve Utne

Den moderne umesamiske ortografien vart godkjent av Sámi giellalávdegoddi (Samisk språknemnd) den 27. april 2010. I hovudtrekk svarar han til lulesamisk ortografi, men ie og uo blir notert som diftongar både i trykktung og trykklett posisjon (båtsuoj heller enn båtsoj, jávrrie heller enn jávrre).

Sjå òg

Pekarar

Personlige verkty