Tuberkulose

Frå Alnakka.net
thumb
right (Skjermbilde av tuberkulosepasient.)

Tuberkulose eller TB, tidlegare ofte kalla tæring eller phthisis, er ein sjukdom som kjem av mycobakteriar, hovudsaklig bakterien Mycobacterium tuberculosis. Andre bakteriar, slik som Mycobacterium africanum, Mycobacterium bovis, Mycobacterium canetti eller Mycobacterium microti, kan òg føre til tuberkulose, men desse bakteriane fører oftast ikkje til sjukdom i menneske som elles er friske. Bakterien kan ramme kva del som helst av kroppen, men han sett seg som regel i lungone.

TB er ein alvorlig sjukdom som har teke livet av mange menneske. Kring 1900 dødde 6 000–7 000 menneske årlig av TB i Norge. I 1940-åra oppdaga forskarar dei første av fleire medisinar som kunne behandle TB. Derför var TB på veg til å försvinne, men i det siste har sjukdommen vorte vanligare att.

Føre antibiotikaen vart oppdaga og kom i bruk, var operasjon ein av dei vanligaste behandlingsmåtane for tuberkulose. Dette bildet er teke på operasjonssalen i tårnet på Glittreklinikken. (Foto: Olve Utne)

I dag er kring 400 000 menneske i Norge smitta av tuberkulose. Dei fleste vart smitta före 1950. 1,7 milliardar menneske er smitta på verdsbasis, og kring 2 millionar menneske dør av TB kvart år.

TB sprer seg via luftsmitte frå ein person til ein annan. Bakterien blir spreidd til lufta når ein person med TB nys eller hostar og personar kring pustar inn lufta. Dét blir kalla dropasmitte. Infeksjonen kan da sette seg i lungone til den som blir smitta og vekse opp der. Derifrå kan bakterien vandre via blodet til andre deler av kroppen, slik som nyrone, ryggmargen, sentralnervesystemet og hjernen.

Folk med latent TB-infeksjon har ingen symptom og sprer heller ikkje smitte så lenge sjukdommen er latent. Dei får ofte positivt utslag på tuberkulintest. Dei kan utvikle tuberkulose seinare i livet om dei ikkje får behandling.

I Norge er tuberkulintest mykje bruka for å overvaka spreiinga til bakterien. Det blir registrert kring 250 nye tilfelle i året i Norge. BCG-vaksinen blir gjeven til alle 9.-klassingar for å unngå at dei blir smitta i utgangspunktet.

Glittre sanatorium (den novarande Glittreklinikken) vart bygd som sanatorium för tuberkulosepasientar. (Foto: Olve Utne)

Namn

Tidlegare vart tuberkulose oftast kalla tæring, sidan det såg ut som sjukdommen tæra opp folk innanfrå, med blodhoste, feber, bleikheit og langt og skånsellaust vekttap. Andre namn inkluderte phthisis (gresk for ‘tæring’) og phthisis pulmonalis; scrofula (i vaksne), som rammar lymfesystemet og fører til opphovning av haslkjertlane; tabes mesenterica, TB i bukhola og lupus vulgaris, TB i huda; svinnsott; den kvite pesta, fordi pasientane verkar særleg bleike; og Potts sjuke, eller Gibbus i ryggraden og ledda.[1][2] Miliær tuberkulose — no kjent som disseminert TB — opptrer når infeksjonen invaderer sirkulasjonssystemet og resulterer i lesjonar som ser ut som hirsekornskjermbilde.[1][3]

Symptom

Bakterietypar

Evolusjon

Overføring

Patogenese

Diagnose

Progresjon

Behandling

Førebyggjande medisin

Vaksinasjon

Epidemiologi

Historie

Tuberkulose har funnest sidan forhistorisk tid. Det tidligaste påviste tilfellet av Mycobacterium tuberculosis vart funne i restane av ein bison som er datert til kring 15 000 fvt.[4] Det er enda oklårt om tuberkulose oppstod i fe og spreidde seg til menneske, eller om kvegtuberkulose og mennesketuberkulose er parallelle greiner av ein tidligare sjukdom.[5] Beinrestar viser at forhistoriske menneske (4000 fvt.) hadde tuberkulose, og tuberkuløs nedbryting er funne i ryggraden til mumiar frå 30002400 fvt.[6] Phthisis er eit gresk namn på tuberkulose. Kring 460 fvt. omtala Hippokrates phthisis som den vanligaste sjukdommen på den tida som medførte blodhoste og feber, og han skreiv at den sjukdommen mesta allveg hadde dødelig utfall.[7] Genetiske studium tyder på at tuberkulose har eksistert i Sør-Amerika i kring 2 000 år.[8] Dei tidligaste bevisa på tuberkulose der er assosiert med Paracas-holekulturen.[9]

Folkeminne

Studium og behandling

Tuberkulose i andre dyr

Sjå òg

Referansar

  1. 1,0 1,1 Tuberculosis 11. utgåva av Encyclopedia Britannica (1911)
  2. «Rudy’s List of Archaic Medical Terms» Engelsk ordliste over arkaiske medisinske termar, sjukdommar og dødsårsaker. Accessed 9. oktober 2006
  3. «Disseminated tuberculosis» i NIH Medical Encyclopedia. Accessed 9. oktober 2006
  4. Rothschild B, Martin L, Lev G, Bercovier H, Bar-Gal G, Greenblatt C, Donoghue H, Spigelman M, Brittain D (2001). "Mycobacterium tuberculosis complex DNA from an extinct bison dated 17,000 years before the present". Clin Infect Dis 33 (3): 305-11. PMID 11438894. 
  5. Pearce-Duvet J (2006). "The origin of human pathogens: evaluating the role of agriculture and domestic animals in the evolution of human disease". Biol Rev Camb Philos Soc 81 (3): 369-82. PMID 16672105. 
  6. Zink A, Sola C, Reischl U, Grabner W, Rastogi N, Wolf H, Nerlich A (2003). "Characterization of Mycobacterium tuberculosis complex DNAs from Egyptian mummies by spoligotyping". J Clin Microbiol 41 (1): 359-67. PMID 12517873. 
  7. Hippocrates. Aphorisms. Accessed 07 October 2006.
  8. Konomi N, Lebwohl E, Mowbray K, Tattersall I, Zhang D (2002). "Detection of mycobacterial DNA in Andean mummies". J Clin Microbiol 40 (12): 4738–40. PMID 12454182. 
  9. "South America: Prehistoric Findings". Memorias do Instituto Oswaldo Cruz, Vol. 98 (Suppl.I) January 2003. Retrieved on 2007-02-08.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tuberkulose» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Tuberculosis from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.