Trondheim kommune

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Trondhjem)
Gå til: navigering, søk
Trondheim kommune
Kart
Våpen Bilde
Våpen Bilde
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1601
Fylke: Sør-Trøndelag
Kommunesenter: Trondheim
Areal: 342 km²
Folketal: 161 730 (2007)
Målform: Nøytral
Internettside: www.trondheim.kommune.no

Trondheim kommune er ein kommune i Strinda i Sør-Trøndelag fylke i Midt-Norge. Kommunen grensar til Skaun i sørvest, til Melhus og Klæbu og Selbu i sør, til Malvik i aust og til Trondheimsfjorden i nord. Med sine kring 160 000 innbyggjarar (2007) er han den tredje mest folkerike kommunen i Norge.

Sjølve byen Trondheim (utt. /"trɔn:ɛm/ (ndm.) el. /"trɔn:jæm/ (trh.)) er det historiske hovudsenteret för Midt-Norge i form av Frostating lagdømme, Nidaros bispedømme, Trondheims hovudlen og Trondhjems stiftsamt. I dag er Trondheim administrasjonssentrum för Sør-Trøndelag fylke. Norges teknisk-naturvitskaplige universitet (NTNU) og Høgskolen i Sør-Trøndelag ligg i byen.

Innhaldsliste

Namn og namnestrid

Kristiansten festning.
Foto: Arj
Dagens Gamle Bybro med «Lykkens portal» vart oppført i 1861.
Foto: Olve Utne
Sjå òg Nidaros.

Det gamle namnet på byen, Níðaróss, viser til at byen ligg ved osen av Nidelva. Da Nidaros erkebispedømme vart oppretta i 1152 førte ei feiltolking til at namnet på byen vart skreve Trundum (Trundensis) i Vatikanet. Dette vart retta av Eirik Ivarsson, og frå 1192 heiter byen Nidaros både i Nidaros, i Norge og i Roma. Nidaros-namnet på byen försvann seinare av fleire grunnar, først og fremst fördi erkebispesetet försvann i 1537, men namnet er kjent bruka heilt frem til 1600- og 1700-talet.

Trondheim(en) var opprinnelig namnet på de åtte trøndske fylka, det vil seie vår tids Trøndelag med unntak av Fosen og Namdalen. I seinmellomalderen vart Kaupangen i Trondheimen, altså handelsstaden i Trøndelag, bruka som bynamn òg, og kortforma Trondheimen/Trondheim vart bruka parallelt med Nidaros. Under unionen med Danmark vart detta etter kvart fördanska til Trondhjem og til Trondhjems len för Trondheims len.

I perioden 1925–1930 vart fleire bynamn förnorska som ledd i den språklige nasjonalismen som var utbreidd i Norge i første delen av 1900-talet (1925: Oslo; 1927: Halden; 1930: Stavern). Ved lov av 14. juni 1929 vart det avgjort at byen Trondhjem skulle heita Nidaros frå den 1. januar 1930. Tidligare, i 1928, hade det vorte halde ei folkeavstemming om bynamnet der 17 163 stemte mot endring og berre 1508 för. Befolkninga og bystyret, som ville behalde Trondhjem som namn, kjente seg overkjøyrde, og protestane lét ikkje vente på seg.

Etter ein opprivande namnestrid vart saka oppteken på nytt i Stortinget. Dette endte med et kompromiss: Ved lov av 6. mars 1931 med verknad frå same dag vart forma Trondheim innført — eit «förnorska» alternativ lansert av Ivar Lykke, lokal kjøpmann, statsminister 1926–28 og stortingsrepresentant 1915–35.

Trånnhjæm (-em) er likevel framleis den vanlige uttalen av bynamnet i bydialekten, og namneforma er framleis i bruk i förbindelse med namn på föreiningar og verksamheiter (eksempel: Trondhjems seilforening, Trondhjems kvinnelige studentersangforening, Trondhjems provincialloge, Trondhjems rørleggerlaug, Trondhjems elektromotor as, Trondhjems Hospital, Studentersamfundet i Trondhjem, Trondhjems Kameraklubb).

sørsamisk heiter byen Tråante. Fram til 1945 vart skrivemåten Drontheim bruka på tysk.

Litteratur

Geografi

Trondheimsfjorden og vassdraga kring har gjeve hovudnæringsgrunnlaget för denna regionen. Berggrunnen i Trøndelag hører til Trondheimsfeltet som består av kaledonske skiferar.

I Ferdaminni skildrar Aasmund Olavsson Vinje synet av Trondheim slik:

Naar du stend upp i Steinberget og ser ned paa byen, so ringar Nidelvi seg paa øvre sida og fjorden paa nedre, so bygrunnen ser ut som ei pylsa med Iletangen som hals. Skulde dette bilætet vera for stygt, kann eg segja at byen ser ut som eit hjarta.

Demografi

Trondheim har 166 304 innbyggjarar (SSB 01.06.2008), og det var den 28. august 2006 at Adresseavisen meldte at innbyggjar nummer 160 000 i Trondheim kommune var fødd (ikkje stadfesta av SSB). Om vi reknar med studentane som ikkje melder flytting til byen, så er det totale innbyggjartalet trulig noko over 190 000. Trondheim er den tredje mest folkerike kommunen i Norge.

Samfunn

Mal:Infoboks by

Offentlige etatar

Trondheim er sete för Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Nidaros bispedømme, Domstoladministrasjonen, Arbeidstilsynet, Direktoratet for naturforvaltning og regionale kontor för mange offentlige etatar.

Helsevesen

Sjukehuset St. Olavs hospital ligg på Øya. Byen har høgskuleutdaning i helsefag og universitetsutdaning i medisin og medisinsk teknologi.

Militærvesen

I Trondheim finst dessa militæravdelingane:

Tidligare hade Trondheim dessa militære avdelingane: Distriktskommando Trøndelag, Befalsskolen for Infanteriet i Trøndelag, Sør-Trøndelag Regiment og radarstasjonen Luftforsvarets stasjon GråkallenGråkallen.

Administrative bydeler og distrikt

Trondheim sett frå Singsaker.

Trondheim hade tidligare seks administrative distrikt: Sentrum, Strinda, Byåsen, Nardo, Saupstad og Heimdal. Den 1. januar 2005 vart det innført bydelsinndeling basert på NAV si organisering.

Dei nye bydelene er:

Venskapsbyar

Trondheim har frå 2004 vore venskapsby med RamallahVestbredda samtidig som kontakten er styrka med Petah Tikva i Israel. I tillegg er Trondheim venskapsby med Odense i Danmark, Norrköping i Sverige, Dunfermline i Skottland, Tampere i Finland, Darmstadt i Tyskland, Graz i Austerrike, Vallejo i California i USA, Tiraspol i Moldova/Transdnistria, KlaksvíkFærøyane, og KópavogurIsland. Sidan 1991 har Keren i Eritrea vore venskapsby med bydelen Heimdal i Trondheim.

Næringsliv

Sjå Sør-Trøndelag#De_störste_verksamheitene i fylket för eit oversyn over de tjue største förretningsverksamheitene i kommunen.

Samferdsel

Ein av trikkane på Gråkallbanen på haldeplassen i St. Olavs gate.

Trondheim er knutepunkt mellom jarnbane, Hurtigruta og europaveg 6. Byen har til alle tider vore eit viktig knutepunkt i Midt-Norge. I mellomalderen kom folk langs vegane inn til Nidarosdomen og kongsgarden som da låg i Trondheim. Utover 1500-talet og 1600-talet minka trafikken inn til Trondheim; i staden vart byen ein gjenomfartsby för både menneske og gods på veg mot Christiania og resten av Europa.

Trondheim hamn

Nordre avlastningsveg

Nordre avlastningsveg er ei ny aust-vest-rute under bygging i Trondheim. Krysset i Ila-området stod ferdig i april 2007, men sjølve förbindelsen over Brattøra skal stå ferdig seint i 2009.

Buss

Busstilbodet i Trondheim blir dreve av Team Trafikk (tidligare Trondheim Trafikkselskap). De fraktar kring 60 000 passasjerar daglig med 200 bussar fördelt på 41 olike busslinor. Trondheim er òg utgangspunktet för ei rekkje regionale og lengre bussrutor og ekspressbussrutor som blir operert av blant anna Nettbuss, Klæburuten, Gauldal Billag og Fosen Trafikklag.

Jarnbane

Nidelva sett frå Gamle Bybro.

Jarnbanen kom til Trondheim i 1864 da Trondhjem-Størenbanen vart opna för trafikk. Den gongen låg jarnbanestasjonen på Kalvskinnet, rett ved vår tids Elgeseter bru. (Den tidligare stasjonsbygninga finst framleis, men vart seinare ombygd og har fungert som synagoge sidan 1925.) I förbindelse med opprettinga av Meråkerbanen i 1883 vart det opna ein ny jarnbanestasjonBrattøra. I dag er stasjonen både jarnbanestasjon og knutepunkt för regionbussar.

Trikk

Trondheim har Norges einaste attvarande trikkeline utaföre Oslo, Gråkallbanen. Eksistensen til trikken var i mange år eit omstridt tema i Trondheimspolitikken. Den kommunale drifta vart nerlagt i 1988, rett etter at over 100 millionar kronor var investert i nye trikkar og vognhall. I 1990 vart drifta på ei mindre strekning oppatteka av eit idealistisk grasrotselskap. I 2005 vart Gråkallbanen overteken av det internasjonale konsernet Connex.

Fly

Flyplassen för Trondheim heiter Trondheim lufthavn, Værnes og ligg i Stjørdal kommune austom byen. Ei rekkje flyselskap betjener Trondheim, bl.a. SAS Braathens, Norwegian, Widerøe, KLM og Coast Air. Trondheim har ein sjyflyplass òg — Trondheim sjøflyplass, Jonsvatnet — som ligg på Jonsvatnet.

Utdaning

NTNU, hovudbygget på Gløshaugen

Vidaregåande

I Trondheim er det 11 vidaregåande skular: Adolf Øiens skole, Brundalen videregående skole, Byåsen videregående skole, Gerhard Schønings skole, Heimdal videregående skole, Ladejarlen videregående skole, Ringve videregående skole, Skjetlein videregående skole, Strinda videregående skole, Tiller videregående skole, Trondheim katedralskole og den private Kristen videregående skole Trøndelag.

Katedralskolen vart grunnlagt i 1152 og er dermed den eldste skulen i Norge. Heimdal videregående skole er kjent för at mange av de beste ski-idrettsutøvarane og songarane i Norge har vore elevar der.

Universitet og høgskular

Norges teknisk-naturvitskaplige universitet (NTNU) er det nest störste universitetet i Norge med kring 20 000 studentar. NTNU vart oppretta i 1996 som ei vidareføring av Universitetet i Trondheim (UNIT). UNIT vart oppretta i 1968 ved ei integrering av Norges tekniske høgskole (NTH), Norges lærerhøgskole (NLHT) og Vitenskapsmuseet (DKNVS, Museet).

NTNU har ein campus för tekniske og naturvitskaplige fag på Gløshaugen, ein campus för skipsteknikk på Tyholt og ein campus för humanistiske fag på Dragvoll. I 1996 vart Kunstakademiet i Trondheim og Musikkonservatoriet i Trondheim òg innlemma i NTNU.

Media

De gamle lokala til Adresseavisen i Nordre gate i Trondheim sentrum fungerer som publikumsekspedisjon i dag.
Foto: Olve Utne

Trondheim er mediesentrum för Midt-Norge. Byen er dominert av to medieverksamheiter: det børsnoterte mediekonsernet Adresseavisen, som har hovudkontor på Heimdal, og NRK, som har eitt av to hovudkontor så vel som redaksjonen för to riksdekkjande radiokanalar på Tyholt.

Avisor

Trondheim hade tidlig ei rekkje dagsavisor. Av dessa er det berre Adresseavisen som har overlevd. Avisa Trondheim (opprinnelig Arbeider-Avisa) gikk inn i 1996. Trondheimsavisa gikk inn i 1991 (som dagsavis under namnet Nidaros i 1957), Dagsavisa i 1954, Ny Tid i 1947 og 1939, og den største avisa i byen fram til andre verdskrigen slutta, Dagsposten, i 1945.

Gratisavisa Byavisa vart etablert av tidligare tilsette i Avisa Trondheim i 1996 og kjem ut kvar tisdag. Den 10. januar 2008 kom første utgåva av den nye vekkoavisa, Arbeideravisa, medan foreløpig siste utgåve kom ut den 14. august. Studentavisa Under Dusken kjem ut annankvar tisdag.

Fjernsyn

Trondheim har éin fjernsynsstasjon, Adresseavisen sin TV-kanal TV-adressa, som sender lokale nyheiter og TVNorge sine program. I tillegg sender NRK1 den lokale nyheitssendinga Midtnytt som dekkjer Sør- og Nord-Trøndelag fylke.

Radio

NRK har lagt hovudsetet för to av de nasjonale radiokanalane sine (P1 og P3) så vel som musikkanalen mpetre til Trondheim. I tillegg til NRK sine lokale sendingar har Trondheim mange lokale radiostasjonar, blant anna Radio Adressa, som er eigd av Adresseavisen. Studentradion i Trondheim er trondheimsstudentane sin eigen radiokanal med nære band til Studentersamfundet og Studentsamskipnaden i Trondheim.

Historie

Erkebispegarden.
Foto: Olve Utne

Utdjupande artikkel: Trondheims historie

Sjå òg Bybrannar i Trondheim.

Etter Snorri Sturluson vart byen Níðaróss grunnlagt av Oláfr Tryggvason i år 997, men mykje tyder på at det alt var ein betydelig tettstad der da. Byen var hovudstaden i Norge i åra 1030–1217. I 1070 starta bygginga av Nidarosdomen over Oláfr Haraldsson («Heilag-Olav») si grav. Kirkja stod ferdig för første gong kring 1320. Trondheim vart sete för den norske erkebiskopen da Norge vart ein eigen kirkjeprovins i 1152. Reformasjonen vart fullført da den siste katolske erkebiskopen, Olav Engelbrektsson, laut flykte frå landet i 1537.

Byen har vorte heimsøkt av bybrannar eit otal gonger}; den mest kjente brannen var Hornemansbrannen den 19. april 1681. Etter denna brannen vart Johan Caspar de Cicignon tilkalla för å laga ei ny plan over byen. Trondheims byplan blir rekna som det fremste eksemplet på barokke byplanideal i Norge. Mellom de breide gatone frå 1600-talet ligg framleis mange av de gamle mellomalder-gateløpa i form av veitor.

Myndigheitene försømte å innføre murhus-tvang i sentrum i 1681, det vil seie at husa skulle byggjast i mur, ikkje i tre, slik blant anna London hade gjort etter brannen i 1666. Detta førte til at Trondheim opplevde ein ny storbrann i 1708 og fleire andre, mindre, brannar heilt til murtvangen vart innført etter storbrannane i 1841 og 1842.

Opprinnelig utgjorde Trondheim by berre sjølve byhalvöya, medan områda kring haurde til Strinda herad. Trondheim vart utvida mange gonger og fikk de novarande grensone sine den 1. januar 1964 da kommunane Strinda, Byneset, Leinstrand og Tiller vart innlemma i Trondheim. Kommunearealet vart dermed mangedobla. Mykje av utbygginga de seinare åra har skjedd i dessa nyerverva områda.

Kultur

Munkholmen sett frå sør

Tusenårsstader

Kommunen velte fem olike tusenårsstader, og dessa er:

Museum

Verdt å sjå

Romanar med handling frå Trondheim

Dette er romanar der heile eller ein del av handlinga er lagt til Trondheim. Ikkje alle har Trondheim som hovudarena. Eit samla oversyn finst i bibliografien En liten provinsby helt oppe under Nordpolen nesten : diktertekster om 1000 år i Trondheim, redigert av Einar Rædergård, utg. 1997.

Trondheimssongar

Kjente personar fra Trondheim kommune

Tordenskiold (1690–1720) var ein dansk-norsk sjyhelt

Fotnotar

Pekarar


Sør-Trøndelag vapen.png
Fosen · UTTRØNDELAG · Inntrøndelag
ORKDALEN: Oppdal · Rennebu · Meldal · Orkdal · Skaun
GAULDALEN: Røros · Holtålen · Midtre Gauldal · Melhus
STRINDA: Trondheim · Klæbu · Malvik
STJØRDALEN: Selbu · Tydal · Meråker · Stjørdal


GNU-logoen Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Trondheim» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til den her versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.
Personlige verkty