Torsk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
«Torsk» i ordlista
ein torsk, torsken (dativ ått di torska); fleire torskar, alle torskane (dativ ått all(om) dei torskom)
Torsk

Torsk. (Foto: Olve Utne)
Torsk. (Foto: Olve Utne)

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Osteichthyes
Underklasse: Actinopterygii
Orden: Gadiformes
Familie: Gadidae
Slekt: Gadus
Art: morhua
Vitskaplig namn
Gadus morhua

Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'.

Skildring

Nyfiska torsk (Foto: «Zserghei»)
1: Lever
2: Symjeblære
3: Rogn
4: Blindsekkar
5: Magesekken
6: Tarmen (litt skjult bak rogna)

Torsken kan bli opptil 180 cm lang og vega over 50 kg.

Fiske

Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjyfarande hade med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Den her handelen har gått för seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år.

Sidan 1970-åra har torskefisket vore regulert i Norge for å avverge overfiske. Före den tida styrte Lofotloven aktiviteten på innersida av Lofoten.

Sjå òg


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Torsk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty