Tornesamisk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander

Tornesamisk eller karesuandosamisk er ei samisk dialektgruppe som oftast blir rekna til nordsamisk språk. Tornesamisk er den sørvestligaste av dei nordsamiske hovuddialektane og blir snakka i deler av Finland, lengst nord i Sverige og blant markasamane i Nord-Norge frå Ballangen kommune i Ofoten til Nordreisa kommune i Nord-Troms. Tornesamisk låg til grunn för Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Johansson Ganander.

I faktiske språktrekk ligg tornesamisk i ei mellomstilling mellom finnmarkssamisk og lulesamisk. Trekk som pekar mot lulesamisk og pitesamisk inkluderer progressiv labialassimilering i ord som dolluo ('eld'; lules./pites. dållå; sørs. dålle, umes. dålla, nords. dolla), så vel som ymse trekk i vokalsystemet. Trekk som derimot pekar mot finnmarkssamisk er samenfallet mellom akkusativ og genitiv eintal i substantiv der lulesamisk har -v i akkusativ og - i genitiv, så vel som samenfallet av inessiv og elativ i ei felles lokativform-s(t) der lule- og pitesamisk skil mellom inessiv -n og elativ -s(t). I verbsystemet har tornesamisk -n i 1. person eintal der lulesamisk, pitesamisk og nordlig umesamisk har -v.

Personlige verkty