Tidens Krav

Frå Alnakka.net

Tidens Krav, ofte kalla TK, er ei lokalavis som har komme ut sidan 1906 og blir utgjeven i KristiansundNordmør. Avisa har nordmørskommunane som dekningsområde, men både nyheitsfokus og lesarmasse er konsentrert på Ytre Nordmør. Opplagstala i åra 2002–2007 låg stabilt på litt over 15 000. I tidlegare år var avisa organ for Arbeidarpartiet. På folkemunne — særleg på den borgarlege sida — hadde avisa tidlegare rykte på seg for å følgje partiboka meir enn lokale forhold, og ho vart meir eller mindre spøkefullt kalla Pravda. Sidan Nordmørsposten (tidlegare Romsdalsposten) gikk inn, har TK vore den einaste dagsavisa utgjeven i Kristiansund. Avisa konkurrerer i dag hovudsakleg med Romsdals Budstikke (særleg i Eide og Gjemnes), Aura Avis (særleg på Tingvoll og i Sunndal), Driva (særleg i Sunndal, Surnadal og Rindal), Nordvestnytt (på Smøla og i Aure) og Søvesten (i Aure). I heile distriktet er dessutan Adresseavisen mykje lesen som landsdelsavis.

Distribusjon utom distriktet[1]

I Midt-Norge utom Nordmør kan Tidens Krav kjøpast i kioskar i Oppdal kommune (4 utsal), Orkdal kommune, i Trondheim kommune (5 utsal), i Fræna kommune (3 utsal), i Molde kommune (7 utsal), i Rauma kommune og i Aukra kommune. I Nord-Norge finst avisa berre til sals i Austvågøy kommune (Svolvær).

Vestlandet sør for Romsdal kan avisa kjøpast i Ålesund kommune (5 utsal), Stranda kommune, Volda kommune, Bergen kommune (3 utsal) og Eigersund kommune. I Agder er ikkje avisa tilgjengeleg. På Austlandet kan avisa kjøpast i Oslo kommune (4 utsal) og i Ullensaker kommune (Gardermoen).

Fotnotar

  1. Tidens Krav, måndag 2. juni 2008, s. 12.

Pekarar