Skilnad mellom versjonar av «Tallét»

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Isaac Lopez (1780-1854).jpg|Isaac Lopez (17801854) med tallét. Litografi {{etter}} måleri {{utav}} Isaac Mendes Belisario.}} Ein ''…»)
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 01:52

Fil:Isaac Lopez (1780-1854).jpg
Isaac Lopez (17801854) med tallét. Litografi etter måleri av Isaac Mendes Belisario.

Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna.

Bakgrunn

I Sjemáng Jisraél-avsnittet av den jødiske gudstjenesta les vi blant anna:

ויאמר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל ואמרת אלהם ועשו להם ציצת על־כנפי בגדיהם ונתנו על־ציצת הכנף פתיל תכלת׃ והיה לכם לציצת וראיתם אתו וזכרתם את־כל־מצות ה׳ ועשיתם אתם ולא־תתורו אחרי לבבכם ואחריעיניכם אשר־אתם זנים אחריהם׃ למען תזכרו ועשיתם את־כל־מצותי והייתם קדשים לאלהיכם׃ אני ה׳ אלהיכם אשר הוצאתי אתכם מארץ מצרים להיות לכם לאלהים אני ה׳ אלהיכם׃

37 Og ADONÁI snakka ått Mosjé og sa: 38 Tal ått Israels born og förtel dem at de skal laga seg duskar (ציצת, ṣiṣít) i hjørna av kledone sine i ættene sine, og de skal gjeva til hjørneduskane ein tråd av blått (תכלת, tekhélet). 39 Og de skal vara för dokker til duskar, og di kan sjå han og komma i hug alle boda (מצות, miṣvót) ått ADONÁI, og gjera dem — og ikkje søkje etter hjarta dokkers og etter augone dokkers, som förfører dokker etter seg — 40 så at de kan komma i hug, og gjera dem, alle boda Mine; og di skal vara helige för Guden dokkers. 41 Eg er ADONÁI, Guden dokkers, som førte dokker utur Egypt för å vara Gud för dokker; Eg er ADONÁI, Guden dokkers.

(4. mosebok, kap. 15, v. 37–41.)

Detta gjev seg uttrykk i to klesplagg som enno blir bruka: árbang kanfót (el. tallét ketanná), som liknar ein liten poncho med duskar (ṣiṣít) i de fire hjørna, og tallét (gedolá), eller bønesjal.

Framstilling

Fargebruk

Grunnfargen i ṣiṣít er vanligvis kvitt.

Fil:Tzitzith.jpg
To olike typar ṣiṣijjót: Øvst ser vi ein asjkenazisk ṣiṣít med 7+8+11+13 viklingar. Nedst ser vi ein typisk sefardisk ṣiṣít med 10+5+6+5 viklingar med ein ekstra knute i kvart omfar. I tillegg har den nedste ṣiṣíten tekhélet (ein blå tråd).

Tekhélet

Opprinnelig skulle det vara ein tråd av tekhélet (azurblått) i duskane (4. mosebok, kap. 15, v. 38), men sidan ein på eit tidspunkt slutta å produsere detta fargestoffet, så brukar ein mesta allveg berre kvite trådar i dag. De blåe stripone ein ofte ser på talletót er tenkt å symbolisere tekhélet. Sidan mange i dag reknar försøk på å halde bodet om tekhélet som olovlig, sidan vi ikkje veit sikkert kossen tekhélet vart laga, har ein ofte svarte stripor i staden for blåe i sjølve talléten.

Kossen knyter} ein ṣiṣít?

Når ein knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som gjerne er laga av ull eller bomull. Dei her trådane (sju av dem) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Ein grupperer knutane ved at ein legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dem.

10 + 5 + 6 + 5

Denne grupperinga er vanlig blant syriske jødar, osmanske sefardím og portugisarjødar. Grupperinga av knutar symboliserer det helige Namnet — tala 10, 5, 6 og 5 svarar til de numeriske verdiane av de fire hebraiske bokstavane i Namnet: י (jód = 10), og ה (hé = 5), og ו (vav = 6), og ה (hé = 5).

7 + 8 + 11 + 13

Denne grupperinga er vanlig blant syriske jødar frå Damaskus, marokkanske jødar og asjkenazím.

Bruk

Kem brukar tallét?

Skikken for kem som brukar tallét varierer noko:

Gifte jødiske menn

Alle sefardiske og asjkenaziske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.

Ogifte jødiske menn og gutar over 13 år

I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet er detta vorte vanlig i mange moderne asjkenaziske menigheiter òg.

Jødiske gutar under 13 år

I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handtere talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer detta frå kring fem- til sjuårsalderen.

Jødiske kvinnor og jentor over 12 år

Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinnor og jentor:

  1. Obligatorisk: Karaittisk jødedom.
  2. Ikkje obligatorisk, men sterkt tilrådd: Risjón leṢijjón Jisraél Jangakób Alghazi.
  3. Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinnor seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam, Rasjba.
  4. Tillate, men kvinnor seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Maimonides.
  5. Förbode for kvinnor: Utbreidd syn i nyare asjkenazisk-ortodokse kretsar.

Ikkje-jødiske kvinnor og menn

Rabbinsk jødedom frårår i utgangspunktet bruk av tallét för ikkje-jødar.

Kva tid brukar vi tallét?

Talléten blir bruka under bøn, hovudsaklig om morgonen og i mindre grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedaföre.

Talléten blir bruka av menigheita under alle morgongudstjenestor, og dessutan under ettermiddagsgudstjenestor av dem som er tildelt ein spesiell miṣvá — som for eksempel ngalijjá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstjenesta på sjabbát. På kippúr brukar menigheita talletót under alle gudstjenestone, inkludert kveldsgudstjenesta. Mal:NÅn få gruppor — først og fremst temaním (jemenittiske jødar) — har på seg tallét under gudstjenesta på fredag kveld.

Skikken varierer för den som ledar gudstjenesta: I somme menigheiter følgjer ledaren den samma skikken som menigheita, og i andre menigheiter er det skikk at ledaren allveg har på seg tallét.

Ordet tallét

Opphav

Ordet tallét er trulig eit lån frå gresk στολη. (stolē, jfr. latinsk stola), men har òg vorte sett i förbindelse med den arameiske rota טלל (ṬLL).

Skrivemåtar

Sjå òg


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig Mal:Ljøs) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkerne) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (tallit, talles, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (jarmelke, kalott) · mezuzá (dörkarm) ·