Tallét

Frå Alnakka.net
Isaac Lopez (17801854) med tallét. Litografi etter måleri av Isaac Mendes Belisario.

Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna.

Bakgrunn

I Sjemáng Jisraél-avsnittet av den jødiske gudstjenesta les vi blant anna:

ויאמר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל ואמרת אלהם ועשו להם ציצת על־כנפי בגדיהם ונתנו על־ציצת הכנף פתיל תכלת׃ והיה לכם לציצת וראיתם אתו וזכרתם את־כל־מצות ה׳ ועשיתם אתם ולא־תתורו אחרי לבבכם ואחריעיניכם אשר־אתם זנים אחריהם׃ למען תזכרו ועשיתם את־כל־מצותי והייתם קדשים לאלהיכם׃ אני ה׳ אלהיכם אשר הוצאתי אתכם מארץ מצרים להיות לכם לאלהים אני ה׳ אלהיכם׃

37 Og ADONÁI tala ått Mosjé og sa: 38 Tal ått Israels born og förtel dem at dei skal laga seg duskar (ציצת, ṣiṣít) i hjørna av kledone sine i ættene sine, og de skal gjeva til hjørneduskane ein tråd av blått (תכלת, tekhélet). 39 Og de skal vara for dokker til duskar, og di kan sjå han og komma i hug alle boda (מצות, miṣvót) ått ADONÁI, og gjera dem — og ikkje søkje etter hjarta dokkers og etter augone dokkers, som forfører dokker etter seg — 40 så at di kan komma i hug, og gjera dem, alle boda Mine; og di skal vara helige for Guden dokkers. 41 Eg er ADONÁI, Guden dokkers, som førte dokker utur Egypt for å vara Gud for dokker; Eg er ADONÁI, Guden dokkers.

(4. mosebok, kap. 15, v. 37–41.)

Detta gjev seg uttrykk i to klesplagg som enno blir bruka: árbang kanfót (el. tallét ketanná), som liknar ein liten poncho med duskar (ṣiṣít) i de fire hjørna, og tallét (gedolá), eller bønesjal.

Framstilling

Fargebruk

Grunnfargen i ṣiṣít er vanlegvis kvitt.

To olike typar ṣiṣijjót: Øvst ser vi ein asjkenazisk ṣiṣít med 7+8+11+13 viklingar. Nedst ser vi ein typisk sefardisk ṣiṣít med 10+5+6+5 viklingar med ein enkel knute i kvart omfar. I tillegg har den nedste ṣiṣíten tekhélet (ein blå tråd).

Tekhélet

Opprinnelig skulle det vara ein tråd av tekhélet (azurblått) i duskane (4. mosebok, kap. 15, v. 38), men sidan ein på eit tidspunkt slutta å produsere dette fargestoffet, så brukar ein mesta allveg berre kvite trådar i dag. Dei blåe stripone ein ofte ser på talletót er tenkt å symbolisere tekhélet. Sidan ein del i dag reknar forsøk på å halde bodet om tekhélet som olovleg, ettersom vi ikkje veit sikkert kossen tekhélet vart laga, har ein ofte svarte stripor i staden for blåe i sjølve talléten.

Kossen knyter ein ṣiṣít?

Når ein knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som gjerne er laga av ull eller bomull. Desse trådane (sju av dem) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Ein grupperer knutane ved at ein legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dem.

10 + 5 + 6 + 5

Denne grupperinga er vanleg blant syriske jødar, osmanske sefardím og portugisarjødar. Grupperinga av knutar symboliserer det helige Namnet — tala 10, 5, 6 og 5 svarar til de numeriske verdiane av dei fire hebraiske bokstavane i Namnet: י (jód = 10), og ה (hé = 5), og ו (vav = 6), og ה (hé = 5).

7 + 8 + 11 + 13

Denne grupperinga er vanleg blant syriske jødar frå Damaskus, marokkanske jødar og asjkenazím.

Bruk

Kem brukar tallét?

Skikken for kem som brukar tallét varierer noko:

Gifte jødiske menn

Alle sefardiske og asjkenaziske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.

Ogifte jødiske menn og gutar over 13 år

I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet er dette vorte vanleg i mange moderne asjkenaziske menigheiter òg.

Jødiske gutar under 13 år

I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handtere talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå kring fem- til sjuårsalderen.

Jødiske kvinnor og jentor

Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinnor og jentor:

  1. Obligatorisk: Karaittisk jødedom.
  2. Ikkje obligatorisk, men sterkt tilrådd: Jisraél Jangakób Alghazi (risjón leṢijjón ca. 1749/1755–1777) og sonen hans, Yom Tob Alghazi (risjón leṢijjón 1777–1802).
  3. Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinnor seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam, Rasjba.
  4. Tillate, men kvinnor seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Maimonides.
  5. Forbode for kvinnor: Utbreidd syn i nyare asjkenazisk-ortodokse kretsar.

Ikkje-jødiske kvinnor og menn

Rabbinsk jødedom frårår i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.

Kva tid brukar vi tallét?

Talléten blir bruka under bøn, hovudsakleg om morgonen og i mindre grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedafor.

Talléten blir bruka av menigheita under alle morgongudstjenestor, og dessutan under ettermiddagsgudstjenestor av dem som er tildelt ein spesiell miṣvá — som for eksempel ngalijjá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstjenesta på sjabbát. På kippúr brukar menigheita talletót under alle gudstjenestone, inkludert kveldsgudstjenesta. Nån få gruppor — først og fremst temaním (jemenittiske jødar) — har på seg tallét under gudstjenesta på fredag kveld.

Skikken varierer for den som leier gudstjenesta: I somme menigheiter følgjer leiaren den samma skikken som menigheita, og i andre menigheiter er det skikk at ledaren allveg har på seg tallét.

Ordet tallét

Opphav

Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jfr. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).

Skrivemåtar

Sjå òg


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkerne) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (tallit, talles, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (jarmelke, kalott) · mezuzá (dörkarm) ·