Der Türkische Tempel

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Türkischer Tempel)

48°12′57″ N 16°23′2″ Ø

Türkischer Tempel
V12p435001 Vienna.jpg
Generelt


Gruppe:  osmanske sefardím
Bygd:  Okjent
Innvigd:  1888
Opphørt:  november 1938
Arkitektur
Periode: nymaurisk
Arkitekt:  Hugo von Wiedenfeld
Esnogarommet
Plassar:  hovudrommet: 314 nere, 110 sitteplassar og 250 ståplassar på galleriet; 105 i vinterrommet
Interiør av Det tyrkiske tempelet. Akvarell av Franz Reinhold.

Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter tekningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.

Tekningar for ombygging (1885).
Tittelbladet av ein sefardisk maḥzór for kippúr som vart trykt i Wien i 5650 (ca. 1890).

Om bygninga

Esnogaen vart tekna av arkitekten Hugo von Wiedenfeld i nymaurisk stil etter forbilde av Alhambra. Han vart bygd mellom fleire nabohus, og for å komma inn i sjølve esnogaen laut ein gå gjenom ein forgård. Vidare gikk ein inn i vestibylen og inn i det kvadratiske hovudrommet med mosaikkgolv og 17 meter høge vegger som i sin tur bar ein 12 meter høg, åttekanta kuppel. Lyskjeldone var overlysglas og lanternor. Hekhál (Toráskåpet) var, som storparten av rommet, kledd med marmor og stukkatur. Etter osmansk-sefardisk tradisjon var det parókhet utafor Hekhál-dørene heller enn innafor (som blant portugisarjødar). Store deler av interiøret var dekorert i gull og andre fargor. Tebáen (lesarplattforma) var nærme Hekhál. Ved bakveggen befann det seg eit orgelgalleri. Det var 314 sitteplassar nere i hovudrommet. Galleria, som dekte tre av veggene, gav plass til ytterligare 360 personar, fordelt på 110 sitteplassar og 250 ståplassar. I førsteetasjen befann det seg eit mindre vinter-forsamlingsrom med 105 sitteplassar.

Menigheita

Det tyrkisk-jødiske samfunnet i Wien vart grunnlagt alt i 1736 og fikk fleire særrettigheiter av keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket. Avtalar med den osmanske regjeringa førte med seg ytterligare bevegelsesfriheit, og gjenom desse avtalane kunne dei òg hevde större sjølvstyre etter 1848 og 1867. Dei tyrkiske jødane i Wien var stolte av den sefardiske bakgrunnen sin og la stor vekt på å bevara det jødespanske språket sitt og det sefardiske esnogaritualet. Samtidig heldt medlemmane oppe den nære kontakten med Det osmanske riket.

Der Türkische Tempel kring år 1900.

Første gongen det vart nemnt eit bedelokale for tyrkiske jødar i Wien var i 1778, men vi veit ikkje adressa. I 1824 vart den davarande esnogaen i Oberen Donaustraße øydelagt av brann, og menigheita flytta til nye lokale i Große Mohrengasse. Medlemstalet i menigheita vaks sterkt dei neste åra, så dei kjøpte ei tomt i Fuhrmanngasse 22 (no Zirkusgasse) og begynte å byggje ein ny esnoga, som vart opna i 1868. Men det viste seg snart at bygninga hadde så mange manglar at dei laut rive ho etter nån få år.

Dei engasjerte arkitekten Hugo von Wiedenfeld til å planlegge og tekne den nye esnogaen, og i 1885 til 1887 vart esnogaen som vart kjent som Det tyrkiske tempelet bygd. Da den nye israelittloven av 1890 vart sett i verk, mista den tyrkisk-jødiske menigheita sjølvstendigheita og skulle innlemmast i Israelitische Kultusgemeinde. Etter lange forhandlingar fikk den tyrkisk-jødiske menigheita noko meir sjølvstyre, og dei fikk blant anna lov til å fortsette med sine eigne menigheitsprotokollar. Rabbinaren i Det tyrkiske tempelet var Michael Papo frå Sarajevo. Etter den tid stod esnogaen i praksis utan rabbinar, ettersom sonen hans, rabbinar Manfred Papo, berre sporadisk tjente i Det tyrkiske tempelet. Etter første verdskrigen var Oberkantor Isidor Lewit sentral; han skapte ein eigen songstil med utgangspunkt i dei osmansk-sefardiske melodiane.

Kjeldor


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon