Surnadal kommune

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Surnadal kommune
Kart
Våpen Bilde
Våpen Bilde
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1566
Fylke: Møre og Romsdal
Kommunesenter: Skei
Areal: 1 366 km²
Folketal: 6 049 (2007)
Målform: nynorsk
Internettside: www.surnadal.kommune.no


Surnadal kommune ligg på Nordmør i Midt-Norge. Kommunen grenser til Halsa og Hemne kommunar i nord, til Rindal kommune i aust, til Sunndal kommune i sørvest og til Tingvoll kommune over fjorden i vest. I søraust grensar kommunen til Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke.

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er samensett av fleire bygder og dalar, med Surnadalen som den viktigaste dalen. Andre viktige dalar og bygder er Bæverfjord, Bøverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvenna og Stangvik.

Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt innover Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna rinn gjenom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i eit stort deltaområde före ho rinn ut i Surnadalsfjorden. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster för bygda.

Det milde klimaet og jordsmonnet gjer Surnadal til ein god landbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogbruk, industri og meir. Administrasjonssenteret heiter Skei. Surnadal har ferjeförbindelse med Sunndal kommune over KvennaRykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjente diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.

Pekarar


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Surnadal» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.


Nordmør enkelt transp.png
Romsdal · NORDMØR · Fosen
Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll
Personlige verkty