Surbahār

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Surbahār.

Ein surbahār (hindī सुर बहार, urdū سربہار, /sur bahār/) eller bass-sitār er eit klimpreinstrument med åtte overstrenger og 15–17 understrenger som blir bruka i nordindisk klassisk musikk. Instrumentet blir spela med mizrāb (मिज़राब, fingerplekter) og liknar på sitār, men er vanlegvis stemt kring ein kvart til ein oktav djupare. Surbahāren er over 130 cm lang og har eit tørka graskar som ekstra resonator øvst på halsen. Halsen er laga av edeltre (enten Cedrela tuna eller teak) og har svært lange og høge tverrband som gjer glissandoar på opptil ein oktav mulig med å dra strengen innaför samma grepet.

Dei lågaste tonane på surbahār kan liggja heilt nere under 20 Hz. Surbahāren har åtte overstrenger. Fire av dem er dei eigentlege melodistrengene, og dei fire andre er tjikāriar (चिकारी), eller bordun- og rytmestrenger. I tillegg har instrumentet 15 til 17 understrenger som resonerer med når overstrengene blir spela på. Strengene ligg over ein flat stol med ei lett skrånande flate ovom som strengene vibrerer mot når dei blir spela på. Denne typen stol, som er typisk for indiske strengeinstrument, gjev instrumentet den summande tonen og lange etterklangen når strengene blir klimpra som er så karakteristisk for indisk strengemusikk.

Strengene blir spela på med ein mizrāb — eit fingerplekter som blir festa på høgre pekefinger. Tre metalliske mizrāb blir bruka til å spela i dhrupad-stilen av ālāp, djōr og djhālāsurbahār. I staden for å framføre sitārkhānī- (सितारखानी) og masitkhānī-gatanetablā, blir den rolege dhrupad-komposisjonen spela med akkompagnement av den tosidige sylindertromma pakhavādj (पखवाज).

Nån meiner at instrumentet surbahār vart utvikla kring 1825. Oftast blir instrumentet tilskreve ustād Sahebdad Khan, men nyare forsking tyder på at instrumentet vart utvikla av den mindre kjente sitārspelaren ustād Ghulam Mohammed frå Lucknow.[1]

I filmen Jalsaghar (1958) av Satyajit Ray, frå 29:50 til 31:58, kan vi sjå Waheed Khan spela ein del av ālāpen av rāg bihāgsurbahār. Det finst relativt få utøvarar i dag, men viktige namn inkluderer vidushi Annapurna Devi, Imrat Khan, Irshad Khan, pandit Budhaditya Mukherjee, Kushal Das, śrī Jagdeep Singh Bedi, pandit Chandrashekhar Naringrekar, pandit Pushparaj Koshti, Kokila Vasant Rai, Beenkar Suvir Misra og Shubha Sankaran.

Fotnotar

Pekarar

Video

Sjå òg


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Surbahar from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.