Sunnmør

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Kart over Midt-Noreg med Sunnmør utheva i grønt.

Sunnmør, oftare skreve Sunnmøre i nyare tid, er eit landskap og tidligare futedømme, len, syssel og småkongedømme som utgjer den sørvestlige delen av Møre og Romsdal fylke. (De to andre delene er Romsdal og Nordmør.) Det er 17 kommunar på Sunnmør: Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.

Sunnmør har eit samla areal på 5 235 km² og 130 601 innbyggjarar (1.4.2008).[1] Sunnmør er større enn landskapa Romsdal og Nordmør til samen og har 53 % av innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke. «Hovudstaden» på Sunnmør er Ålesund, som med sine 42 000 innbyggjarar (2008) åleine har ⅓ av innbyggjarane på Sunnmør. Reknar vi med de tre nabokommunane til Ålesund, Sula, Giske og Skodje, så har «Stor-Ålesund» eit folketal på 61 000 innbyggjarar, eller mesta 47 % av folketalet på Sunnmør.

Sunnmør har to andre, mindre byar òg, Ulsteinvik og Fosnavåg. I tillegg finst det fleire större tettstader, som Ørsta, Volda, Sykkylven og Brattvåg.

Landskapet på Sunnmør blir dominert av mange øyar, lange og tronge fjordar (blant anna den UNESCO-lista Geirangerfjorden) og fjella Sunnmørsalpane.

Sunnmørsdialekten hører, saman med nordfjordsmål og sunnfjordsmål, til de nordlige e-mål av vestnorske dialektar — ei gruppe der romsdalsdialekten oftast òg blir medrekna. Folk frå Sunnmør blir kalla sunnmøringar. Sunnmørsbunaden kjem frå området.

Administrative inndelingar

Kart over Sunnmør med underdelingar.

Regionråd:

  • Ålesund, Giske, Haram, Sula, Ørskog, Sykkylven, Norddal, Stordal, Stranda og Vanylven kommunar samarbeider i regionrådet Ålesundregionens Utviklingsselskap IKS (ÅRU) saman med de to Romsdalskommunane Vestnes og Sandøy.
  • Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta samarbeider i Søre Sunnmøre Regionråd.

Næringsregionar (NHO):

  • Ålesund, Giske, Haram, Sula og Skodje utgjer næringsregion Ålesundregionen, saman med Sandøy i Romsdal.
  • Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta utgjer næringsregion Søre Sunnmøre.
  • Ørskog, Sykkylven, Norddal, Stordal og Stranda utgjer næringsregion Storfjord.

Rettsområde:

Prosti i Den norske kirkja, alle under Møre bispedømme (tidligare under Bjørgvin bispedømme):

Anna:

Pekarar


GNU-logoen Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sunnmør» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til den her versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.

Referansefeil: <ref>-merke finst, men eit <references/>-merke finst ikkje
Personlige verkty