Stabbur

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Umesamisk stabbur i Lappstaden i Arvidsjaur i det nordlege Sverige.
Olve Utne (2012)

Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ei lita bygning som står på stavar av tre eller stabbar av stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakkan. Visse typar toetasjes stabbur blir kalla stabbursloft eller loft mange stader.

«Panera» (stabbur) av asturiansk type i Cantabria i det nordlige Spania.
Foto: José Manuel

Primærfunksjonen til eit stabbur er å vara lagerplass for mat (oftast korn- og kjøttmat, men òg frukt nokre plassar), kledor og andre ting ein ikkje vil at mus, rottor og andre dyr skal nå i. Somme plassar brukar ein òg stabbura til overnattingsrom. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg blant anna i Valais i Sveits (raccard), i Asturias og Galicia i det nordvestlige Spania (hórreo, panera), i det nordlige Portugal (espigueiro) og blant indianarar i Alaska.

Byggjemåten varierer geografisk, frå laft i Russland og aust- og sentral-Skandinavia til grindbygg og stein i Spania og Portugal.

Samar

Samiske stabbur kan ofte vara bygd på toppen av éin eller fleire avkappa trestammar i staden for på fleire stavar eller stabbar som i andre tradisjonar. Dei er så å seie allveg lafta.

Russland

Finland

Finske stabbur ser stort sétt ut som dei norske eller svenske. Det finske ordet for stabbur er aitta, som heng ihop med samisk ájtte.

Sverige

I Sverige er stabburet kjent som härbre eller stolpbod.

Norge

I Gulatingsloven (900-talet) blir tre hus nemnt som skal stå på plass når ein leiglending förlet ein gard: Stua, eldhuset og buret. Buret er opphavet til stabburet og er eldre enn loftet, som ikkje blir nemnt i Gulatingsloven. Alt tidleg i nordisk mellomalder vart mange bur bygd i to etasjar, og mange plassar i landet vart det etterkvart sett på stolpar, slik at vi fikk stabburet slik vi kjenner det.

Stabburet var heilt enkelt på dei fleste gardane, og det inneheldt oftast berre eitt rom; men på större gardar var bygninga ofte mykje förseggjort, og det vart gjerne forsynt med eit loft og med utsmykking.

Inni stabburet var det minst éi mjølbørde som var försynt med fleire rom for lagring av olike typar korn og mjøl. Det inneheldt òg ei salttynne for salting av kjøtt. Salttynna måtte vara heilt tett, ettersom kjøttet etter kvart vart liggjande i ein saltlaka. I taket var det montert krokar for opphenging av røykte og salta kjøttvaror, for eksempel fenadlår og spekepølsor. Stabburet var ikkje frostfritt, så ein kunne ikkje lagre varor som vart øydelagt av frost der. Om stabburet hadde to etasjar, var det vanleg mange stader at korn og mjøl vart lagra oppe, medan kjøtt vart lagra nere.

Stabbur innvendig, med to mjølbørdor og ei salttynne.

Sjølve bygninga vart plassert på stolpar, ca 1–1,5 meter over bakken. Det var to grunnar til at dei gjorde dét:

  • for å få lufting under golvet for å hindre fuktigheit i å trengje opp frå bakkan.
  • for å hindre mus og rottor frå å komma inn på lageret. Derför var stolpane spesielt utforma med ein profil som hindra smådyr i å klatre opp. I tillegg var det ei opning på kring 30 cm frå øvste tropptrinnet og over til inngangen.

I våre dagar blir ikkje stabbura bruka som mjøllager lenger, men for å ta vare på kunst og tradisjon blir stabbur likevel vedlikehaldne som ei lagerbu. Stabburet er framleis ei staselig bygning på mange gardstun Norge i dag.

Dei britiske øyane

“Staddle stones” i Cunninghamhead i Ayrshire i Skottland.

I tidlegare tider var det vanleg at kornlager og liknande vart bygd på pålar med steinar oppå — såkalla staddle stones.

Sveits

Raccards i Saas Fee i Valais.

I Valais i Sveits har det tradisjonelt vorte bygd raccards i lafteverk på eit fundament av trepålar med steinar på toppen.

Spania og Portugal

«Espigueiros» i Soaje i Arcos de Valdevez lengst nord i Portugal.
Foto: «Sacavem»

Den iberiske halvøya finn vi stabbura først og fremst i nordvest — i Asturias, Galicia og det nordlige Portugal. Bygningstypen er kjent som espigueiro i Portugal og som hórreo (stabbur, særlig for lagring av frukt) eller panera (stabbur for lagring av korn og kornprodukt) i Asturias og Galicia. Dei iberiske stabbura har elles ofte eit stort tal glipor i veggene for å auke gjennomluftinga. Dei kan vara bygd i tre (særlig grindbygg) eller stein. I aust, særlig kring Asturias og Provincia de León, er hórreos meir eller mindre kvadratiske, medan dei gallegiske hórreos og dei portugisiske espigueiros er meir avlange. Den lengste hórreoen som er kjent i Spania finst i Carnota i La Coruña og er heile 35 meter lang.

Berre i Asturias er det anslege at det finst kring 18 000 hórreos og paneras, og det blir stadig bygd nye. Mange av dei eldre av dem er i noko dårlig stand, men den situasjonen har begynt å snu seg noko dei siste åra.


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon