Stabbur

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Stabbur frå Bergsrud i Sør-Aurdal, no flytta til Bautahaugen Samlinger.
Foto:John Erling Blad
«Panera» (stabbur) av asturiansk type i Cantabria i det nordlige Spania.
Foto: José Manuel

Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ei lita bygning som står på stavar av tre eller stabbar av stein i staden för å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakkan. Visse typar toetasjes stabbur blir kalla stabbursloft eller loft mange stader. Primærfunksjonen til eit stabbur er å vara lagerplass för mat (oftast korn- og kjøttmat, men òg frukt nokre plassar), kledor og andre ting ein ikkje vil at mus, rottor og andre dyr skal nå i. Somme plassar brukar ein òg stabbura til overnattingsrom. Stabbur er svært vanlige i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg blant anna i Valais i Sveits (raccard), i Asturias og Galicia i det nordvestlige Spania (hórreo, panera), i det nordlige Portugal (espigueiro) og blant indianarar i Alaska.

Byggjemåten varierer geografisk, frå laft i Russland og aust- og sentral-Skandinavia til grindbygg og stein i Spania og Portugal.

Samisk stabbur frå Lappstaden i Arvidsjaur i det nordlige Sverige.
Foto: Jürgen Howaldt

Innhaldsliste

Samar

Samiske stabbur kan ofte vara bygd på toppen av éin eller fleire avkappa trestammar i staden för på fleire stavar eller stabbar som i andre tradisjonar. Dei er så å seie allveg lafta.

Russland

Finland

Finske stabbur ser stort sétt ut som dei norske eller svenske. Det finske ordet för stabbur er aitta, som heng ihop med samisk ájtte.

Sverige

I Sverige er stabburet kjent som härbre eller stolpbod.

Norge

I Gulatingsloven (900-talet) blir tre hus nemnt som skal stå på plass når ein leiglending förlet ein gard: Stua, eldhuset og buret. Buret er opphavet til stabburet og er eldre enn loftet, som ikkje blir nemnt i Gulatingsloven. Alt tidlig i nordisk mellomalder vart mange bur bygd i to etasjar, og mange plassar i landet vart det etterkvart sett på stolpar, slik at vi fikk stabburet slik vi kjenner det.

Stabburet var heilt enkelt på dei fleste gardane, og det inneheldt oftast berre eitt rom; men på större gardar var bygninga ofte mykje förseggjort, og det vart gjerne forsynt med eit loft og med utsmykking.

Inni stabburet var det minst éi mjølbørde som var försynt med fleire rom för lagring av olike typar korn og mjøl. Det inneheldt òg ei salttynne för salting av kjøtt. Salttynna måtte vara heilt tett, ettersom kjøttet etter kvart vart liggjande i ein saltlaka. I taket var det montert krokar för opphenging av røykte og salta kjøttvaror, för eksempel fenadlår og spekepølsor. Stabburet var ikkje frostfritt, så ein kunne ikkje lagre varor som vart øydelagt av frost der. Om stabburet hade to etasjar, var det vanlig mange stader at korn og mjøl vart lagra oppe, medan kjøtt vart lagra nere.

Stabbur innvendig, med to mjølbørdor og ei salttynne.

Sjølve bygninga vart plassert på stolpar, ca 1–1,5 meter over bakken. Det var to grunnar til at dei gjorde dét:

  • för å få lufting under golvet för å hindre fuktigheit i å trengje opp frå bakkan.
  • för å hindre mus og rottor frå å komma inn på lageret. Derför var stolpane spesielt utforma med ein profil som hindra smådyr i å klatre opp. I tillegg var det ei opning på kring 30 cm frå øvste tropptrinnet og over til inngangen.

I våre dagar blir ikkje stabbura bruka som mjøllager lenger, men för å ta vare på kunst og tradisjon blir stabbur likevel vedlikehaldne som ei lagerbu. Stabburet er framleis ei staselig bygning på mange gardstun Norge i dag.

Dei britiske øyane

“Staddle stones” i Cunninghamhead i Ayrshire i Skottland.

I tidligare tider var det vanlig at kornlager og liknande vart bygd på pålar med steinar oppå — såkalla staddle stones.

Sveits

Raccards i Saas Fee i Valais.

I Valais i Sveits har det tradisjonelt vorte bygd raccards i lafteverk på eit fundament av trepålar med steinar på toppen.

Spania og Portugal

«Espigueiros» i Soaje i Arcos de Valdevez lengst nord i Portugal.
Foto: «Sacavem»

Den iberiske halvøya finn vi stabbura først og fremst i nordvest — i Asturias, Galicia og det nordlige Portugal. Bygningstypen er kjent som espigueiro i Portugal og som hórreo (stabbur, særlig för lagring av frukt) eller panera (stabbur för lagring av korn og kornprodukt) i Asturias og Galicia. Dei iberiske stabbura har elles ofte eit stort tal glipor i veggene for å auke gjennomluftinga. Dei kan vara bygd i tre (særlig grindbygg) eller stein. I aust, særlig kring Asturias og Provincia de León, er hórreos meir eller mindre kvadratiske, medan dei gallegiske hórreos og dei portugisiske espigueiros er meir avlange. Den lengste hórreoen som er kjent i Spania finst i Carnota i La Coruña og er heile 35 meter lang.

Berre i Asturias er det anslege at det finst kring 18 000 hórreos og paneras, og det blir stadig bygd nye. Mange av dei eldre av dem er i noko dårlig stand, men den situasjonen har begynt å snu seg noko dei siste åra.


GNU-logoen Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Stabbur» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til den her versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hórreo» frå Spansk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlige verkty