Soay-sau

Frå Alnakka.net
Soay-sau
Foto:Tomek Augustyn

Soay-sau er ein gammel rase av tamsau (Ovis aries) som stammar frå ei gruppe av forvilla sauer på den 830 mål store øya SoaySt Kilda-øyane, kring 65 km frå the Western Isles i Skottland. Han er éin av dei mange typane av nordeuropeiske spælsaurasar.

Ein trur at soay-sauen er ein etterkommar etter dei tidlegaste tamme sauene i Nord-Europa, og han liknar enda dei ville forfedrane til tamsauene, muflonen ved Middelhavet og urialsauen i Sentral-Asia.[1] Han er mykje mindre enn dei fleste moderne tamsauene men er til gjengjeld meir hardfør og ovanleg spenstig, og han søkjer gjerne ly i olendt terreng når han blir skremt. Soay-sauene kan vara einsfarga svarte eller brune; eller dei kan vara lys- til møkbrune med kvitaktig buk og bakende, eit mønster kjent som lachdann i skotsk-gælisk, samenlikn manx loaghtan). Nån få sauer har kvite markeringar i fjeset.[2]

Tidleg på 1900-talet vart ein del soay-sauer flytta av øya for å etablere «eksotiske» flokkar, slik som flokken av «Park Soay» ved Woburn Abbey, etablert av the Duke of Bedford i 1910 og vidareolen for «primitive» trekk.[3] Ein del soay-sauer vart flytta frå Soay til øya Hirta av the Marquess of Bute i 1930-åra etter at innbyggjarane der hadde vorte evakuert. Namnet på øya Soay er for øvrig av norrønt opphav og betyder ‘sau-øya’. Rasen var òg innført til Holy Isle utom Isle of Arran og lever vilt der.[4]

Soay-sauen må ikkje forvekslast med dei to andre spælsauslaga som har tilknyting til St Kilda: boreray-sau (frå ei anna av øyane) og «St. Kilda», eit tidlegare namn på Hebridean-sauer (som truleg eigentlig ikkje stammar frå St Kilda).[5]

Utsjånad og åtferd

Soay-sauene har kort spæl (hale) og slepper sjølv ulla, som kan handplukkast om våren og forsommaren. Kvar sau gjev kring ein kilo ull per år.[6] Hoone kan vara kolla eller ha horn, og bekrane har oftast horn. Oftast er soay-sauene lys- til mørkbrune med kvit buk og bakende og/eller kvit flekk under hoka — såkalla muflonmarkering. Enkelte sauer har kvite markeringar i fjeset og/eller på kroppen; og ein sjeldan gong kan ein sjå sauer med einsfarga svart eller brun ull.

Soay-sauene har svært fin ull, og i motsetning til muflonane har dei høgt utvikla innerull og det er vanskelig å skilje mellom under- og overulla. Dét er eit tydelig tekn på at sauene kjem frå ein etablert, framolen tamsaurase i tidlegare tider. Flokkinstinktet som er så typisk for mange sauer manglar i soay-sauene, og gjeting med hjelp av gjetarhund fører gjerne til at flokken sprer seg.[7]

Soay-sauen liknar sterkt på ein annan forvilla sort frå øya Lítla DímunFærøyane som dødde ut midt på 1800-talet.[1]

Vitskapleg studium

Soay-sauene finst i mange fargor.
Foto: Simon Barnes

Flokken på Hirta er oforvalta og har vorte vitskapleg observert sidan 1950-åra. Desse sauene utgjer eit ideelt forskningsobjekt for vitskapsfolk som studerer evolusjon, befolkningsdynamikk og demografi ettersom flokken er oforvalta, lukka (ingen emigrasjon eller immigrasjon) og er utan signifikante konkurrentar eller rovdyr.

Sauene viser eit fenomen kjent som overkompensatorisk densitetsavhengigheit, der populasjonen aldri når likevekt.[8] Befolkningsveksten er så stor at han overgår bereevnen til øya, noko som fører til eit dramatisk populasjonssamenbrott, og så tek syklusen seg opp att. For eksempel datt populasjonen med to tredjedeler innafor tolv vekkor i 1989.[9]

Alders- og kjønsstrukturen til populasjonen er viktig for å bedømme kva tid eit samenbrott vil komma; for eksempel begynner vaksne bekrar vinteren i dårleg form etter haustbrunsten, medan (ho)sauene har beita heile sommaren og går inn i vinteren i god form. Overlevelsesraten til bekrar (inkludert risbitbekrar (årsgamle bekrar)) er sterkt påverka av vêret heile vinteren (avhengig av kor sterk den nordatlantiske oscillasjonen er), medan sauene, inkludert gravide årslam, blir meir spesifikt påverka av regn mot slutten av vinteren, når dei normalt er høggravide og den etterkvart lange ulla krev meir energi for å tørke.[8]

Ein annan faktor i dødeligheitsratane er innvolsormar, som særlig er øydeleggande for underernærte vertar.[9]

På grunn av den sterke likheita med forhistoriske sauslag frå Dei britiske øyane, blir soay-sauene bruka i eksperimentell arkeologi ved Butser Ancient Farm.[6]

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Ryder, M L, (1981): «A survey of European primitive breeds of sheep», i Ann. Génét. Sél. Anim., 13 (4), s. 381–418.
  2. St Kilda Summer, by Kenneth Williamson and J Morton Boyd,Hutchinson and co. Ltd 1960
  3. Kathie Miller. "History of Soay sheep". Southern Oregon Soay Farms. http://www.soayfarms.com/history.html. Retrieved 2009-05-04. 
  4. "Wildlife on the Island". Holy Isle Project. http://www.holyisland.org/index.php?module=pagesetter&func=viewpub&tid=19&pid=12. Retrieved 2011-02-29. 
  5. "Soay/United Kingdom". Breed Data Sheet. Domestic Animal Diversity Information System. http://dad.fao.org/. Retrieved 2009-09-08. 
  6. 6,0 6,1 Reynolds, Peter J (1979). Iron-Age farm The Butser Experiment. British Museum Publications Limited. pp. 53-54. ISBN 0714180149. 
  7. "Soay". Breeds of Livestock. Oklahoma State University, Dept. of Animal Science. http://www.ansi.okstate.edu/breeds/sheep/soay/. Retrieved 2009-05-04. 
  8. 8,0 8,1 Coulson, T; et al. (2001). "Age, Sex, Density, Winter Weather, and Population Crashes in Soay Sheep". Science 292 (5521): 1528–1531. DOI:10.1126/science.292.5521.1528. PMID 11375487. Retrieved on 2009-01-13. 
  9. 9,0 9,1 Gulland, F. M. D. (1992). "The role of nematode parasites in Soay sheep (Ovis aries L.) mortality during a population crash.". Parasitology 105 (3): 493–503. DOI:10.1017/S0031182000074679. Retrieved on 2009-01-13. 

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon