Snidbetning

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Snidbetna)
Gå til: navigering, søk
Færing, snidbetning, sunnmørsbåt.
Foto:&nbsp:Andreas V.

Nemninga snidbetning viser til byggjemåten til sunnmørsbåten.

Ordet snid (uttale: snid, sned, sne) tyder 'på skrå, skrånande'. Nemninga snidbetning viser til måten botnborda skrånar. Dei fleste norske bruksbåtane er bygd med heile bordgangar. Borda går samenhengande i heile båtlengda. Detta er ikkje tilfelle med snidbetningen: Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) blir avskrådd (snida) ned mot kjølen. Detta fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Den her skråinga blir gjort ved at kvart bord attafrå blir skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane). På denna måten blir den typiske snidbetningfasongen til: ein breid framende bygd av mange skrånande bord, og ein heller smal bakende.

Skjerving — eit bord blir skøytt mot to renningar. Gammel åttringside på naustvegg

Det er osikkert kor lenge sunnmørsbåtane har vore snidbetna. Liknande trekk finst stundom i de nærskyldte geitbåtane, der somme båtar har havt eitt skjerva halsbord. Det er rimelig å tenkje seg at bruken av eit aukande tal skjerva halsbord kan ha havt samanheng med aukande problem med å finne gode halsemne i samband med uthogging av gammel skog — kanskje i hollendartida, som på Sunnmør varte frå slutten av 1500-talet til noko inn på 1600-talet.


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Snedbetning» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty