Slupp

Frå Alnakka.net
Sluppen «Magdalena og de tvende Døtre» av Christiansund (1816).

Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.

Sunnhordlandsslupp

I distriktet Sunnhordland/Hardanger vart òg ordet slupp bruka om farty som vart rigga med to mastrer — såkalla «topinna sluppar». Folk frå Sunnhordlandsdistriktet har fått stipend for å reise til Nederland og studere kossen hollendarane bygde dessa fartya. De tidlege sluppane hadde berre éi master, men etterkvart som de kom i bruk i nordsjøfisket, vart alle bygd eller omrigga med to mastrer. Nokre få var rigga med «stengerigg» — todelt master som kunne takast ned og klyverbom som kunne takast inn. De eldre sluppane kunne ha opptil fire råsegl, men i seinare tid var det vanleg med éi breifokk, og nokre få eksemplar hadde rå-toppsegl. Seinare vart mesta alle rigga med «pålemast». Enda seinare, når motor vart vanleg, endra nemninga seg til kutter eller motorkutter.

Förskjellen på kutter og slupp gikk oftast på skroget — kor skarpskore det var; riggen var stort sett lik.

Militærslupp (sjalupp)

Slupp blir òg bruka i sjømilitær terminologi og er der eit omgrep for ein mindre skipsbåt (eventuelt med motor) for personbefordring. Ein slupp er mindre og lettare enn ein barkasse.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Slupp» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.