Skoltesamar

Frå Alnakka.net
Skoltesamar.

Skoltesamar eller austsamar er eit austsamisk folk som tradisjonelt hører heime i Sør-Varanger kommune i Norge; i Inarin kunta i Finland; og i Pečengskij rajon og deler av Kol’skij rajon i Russland. Dei utgjer det vestligaste av dei austsamiske folka — med unntak av enaresamane, som stundom blir rekna som vestsamiske. Skoltesamane har tradisjonelt vore delt i fire siidaer: Njauddâm-siidaen (Neiden-s., med sommarsete og kirkjeplass i Neiden), Paaččjokk-siidaen (Pasvik-s., med sommarsete og kirkjeplass i Boris Gleb), Peäccam-siidaen (Petsamo-s., med sommarsete og kirkjeplass (inkl. kloster) ved Petsjenga) og Suõ´nn´jel-siidaen (Suenjel-s.). Søraust for Suenjel grensar skoltesamane historisk til det nærskyldte folket akkalasamane, der den siste morsmålstalande dødde i desember 2003.

Siidaer

Njauddâm

Njauddâm-siidaen ligg dels i Sør-Varanger i Norge og dels i Enare i Finland. Sommarsetet har vore Njauddâm, eller Neiden. Vårseta har vore nerover mot Varangerfjorden, medan haustseta og vintersetet har vore i tilgrensande deler av Enare. St. Georgs kapell skal ha vore etablert i 1565.

Boris Gleb — eit tradisjonelt skoltesamisk sommarsete og kirkjeplass.
Foto: Ellisif Rannveig Wessel

Paaččjokk

Paaččjokk-siidaen eller Pasvik-siidaen ligg tradisjonelt ...

Peäccam

Suõ´nn´jel

Språk

Pekarar