Sikhisme

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Sikhismen)
Gå til: navigering, søk
Sikhismen
Golden temple.jpg

emnesida

Sikh-gurūar
  1. Nānak Dēv
  2. Angād Dēv
  3. Amar Dās
  4. Rām Dās
  5. Ardjan Dēv
  6. Hari Gōbindh
  7. Hari Rāi
  8. Hari Krisjan
  9. Tēgh Bahādur
  10. Gōbindh Singh
Skrifter
Gurū Granth Sāhib

Bāṇī - «Tjåpaī»
«Djāp Sāhib»
«Djapdjī Sāhib»
«Mul mantra»
«Sukhmani»

Dasam Granth

Filosofi
simran
(Guds sanning)

sēvā (dugnad,
frivillig arbeid)

tre søylor

  1. Nām djapō
    (gudstjeneste)
  2. kirat karni
    (ærleg arbeid)
  3. vaṇḍ tjakkō
    (del goda)
fem vonde
  1. kām
    (blind attrå)
  2. krōdh
    (raseri)
  3. lōbh
    (grådigheit)
  4. mōh (blind
    materialisme)
  5. ahankar
    (arroganse)
fem gode
  1. sat
    (sanning)
  2. santōkh
    (tilfredsheit)
  3. daya
    (medkjensle)
  4. nimrata
    (audmjukskap)
  5. pyārē
    (kjærlegheit)
Khalsā

Pandj kakkē:
1 kēsj (uklipt hår)
2 kāṛā (stålarmband)
3 kanghā (stålkam)
4 katjhā (underbrok)
5 kirpān (sabel)

Helige plassar
Amritsar
Harimandir Sāhib
(«Det gylne tempelet»)
gurduārā
Folk og språk
Pandjāb - sikhar
pandjābī - gurmukhī
Harimandir Sāhib i Amritsar i Pandjāb — den mest sentrale bygninga i sikhismen.

Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak Dēv vidareutviklade de ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er pandjābī og betyder ‘elev’.

Religionsutøving

Den helige boka ått sikhane, Sri Gurū Granth Sāhib dji, blir rekna som den ellevte gurūen. Sikhar møtest til gudstjeneste i tempel som blir kalla gurduārāer.

Alle religiøst innvigde mannlige sikhar}, og ein del kvinnelige sikhar òg, ber i utgangspunktet fem kjennemerke, kjent som de fem K-ane. Detta er kaṛā, eit armband; kirpān, ein sabel (evt. ein liten dolk-liknande mini-sabel); kēsj, langt hår; kanghā, ein kam; og katjhā, underbuksor. Det var den siste levande gurūen, gurū Gōbindh Singh, som gav bod om detta, og i dag skil særlig mannlige sikhar seg ut mange stader ved de store turbanane de brukar til å ha kring det lange håret.

Innhaldsliste

Tru

Sikhar trur at det berre finst éin Gud og skapar. Om ein får kontakt med Gud blir ein frelst og slepp atterføding. Kontakt får ein gjenom å besøkje olike gurūar. Den truande er ikkje pålagt tempelbesøk og offer i så stor grad som det er vanlig i hinduismen. I sikhtrua er slike ritar knytte til eit materielt jordeliv. De kan derför ikkje frelse menneske, men gjev ein berre meir kval og kvide. Nām, Guds Namn, sjabad, Guds Ord og Satsang, selskap med fromme og helige folk, er vegane til frelse.

Sikhtrua inkluderer tru på karma på liknande vis som i hinduismen, men det blir òg lagt vekt på at det berre finst éin gud. Nokre element av sikhtrua kan minne om bhakti-miljøa i hinduismen medan andre element minner om muslimsk sufisme.

Religionen vart mykje utsett for åtak frå muslimske herskarar under sine tidlige år, noko som førte til ei sterk samkjensle og til militarisering.

De ti sikh-gurūane

Sjå hovudartikkelen De ti sikh-gurūane.
  1. Gurū Nānak Dēv (14691539) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet audmjukskap.
  2. Gurū Angād Dēv (15041552) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet lydnad.
  3. Gurū Amar Dās (14791574) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet likheit.
  4. Gurū Rām Dās (15341581) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet tjeneste.
  5. Gurū Ardjan Dēv (15631606) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet sjølvoppofring.
  6. Gurū Hari Gōbindh (15951644) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet rettferd.
  7. Gurū Hari Rāi (16301661) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet miskunn.
  8. Gurū Hari Krisjan (16561664) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet reinheit.
  9. Gurū Tēgh Bahādur (16211675) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet ro.
  10. Gurū Gōbindh Singh (16661708) — blir sett som eit symbol på det guddommelige attributtet kongelig mot.

Ādi Granth eller Gurū Granth Sāhib

Hovudartikkel: Gurū Granth Sāhib.

Ādi Granth, oftast omtala som Sri Gurū Granth Sāhib dji, er den helige boka i sikh-trua. Boka vart samla i 1604 av gurū Ardjan, den femte sikh-gurūen. Sidan 1708, da boka vart den ellevte gurūen deras, har sikhar sett på henne som den levande kroppsleggjeringa av dei tidlegare gurūane.

Namnet «Gurū Granth Sāhib» innheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Gurū», som i opphav er eit sanskrit-ord, tyder ‘lærar’, særlig religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og tyder ‘ljøs’. Ordet viser derför at boka leider menneska frå eit liv av mörk fåkunne til Gud sitt ljøs. «Granth» på hindi og sanskrit betyder berre ‘bok’, men sikhane tolkar det som ‘den helige boka av gurduārāene’. «Sāhib» tyder ‘ven’, ‘eigar’ eller ‘herre’ og viser her at boka er leidaren som sikhar må følgje.

Teksten

Når Gurū Granth Sāhib ikkje er i bruk, blir boka påkledd og ærbødig plassert i ei seng i eit eige kammer — på liknande vis som ein kler på Toráen og plasserer han i Hekhálen når han ikkje er i bruk. (Foto: Hari Singh)

Gurū Granth Sāhib inneheld 5 894 religiøse og filosofiske songar med definerte melodiar.

Songane i Gurū Granth Sāhib vart skrivne av olike menneske på olike tider. Den største delen av dem vart skrevne av seks av de ti sikh-gurūane: gurū Nānak Dēv (976 vers), gurū Angād Dēv (61 vers), gurū Amar Dās (907 vers), gurū Rām Dās (679 vers), gurū Ardjan Dēv (2 216 vers) og gurū Tēgh Bahādur (118 vers). Men boka samlar òg mange songar skrevne av hinduar og muslimar. Ho inkluderer òg nokre få songar skrevne av andre sikhar. Songane skrevne av gurūane heiter gurbāṇī, og songane skrevne av de andre heiter bhagatbāṇī og bhattbāṇī.

Gurū Ardjan velte ut songane han ville ha i Gurū Granth Sāhib för den åndelige kvaliteten de hade. Han tok derför ikkje med songar som førte med seg sjølvkjensle eller kastestoltheit, som lovprisa sosial rang eller asketisme eller som bruka seksuelle metaforar. Han sette spesielt pris på songar skrevne på dagligdags språk eller dialekt heller enn på eit opphøgd litterært språk. Emne for songane er blant anna ros av Gud, leiting etter Gud, måtar å stå i förbindelse med Gud på, moralske reglar om kossen ein bør leva og litt teologisk fundering om Gud og verda. De legg vekt på rein og vilkårslaus kjærligheit til Gud, eit liv som blir levd för å hugse Gud og om kossen ein treng ein ekte gurū som kan leide ein på vegen til Gud. Mange songar skildrar sjela som Guds ektefelle, sameinte i eit obrytelig samband. Menneska må derför ikkje gå bort frå Gud, og de må leva i og med Gud.

Under høgtider, så vel som i andre stunder prega av sorg eller glede, er det vanlig å lesa heile Gurū Granth Sāhib frå begynnelse til slutt utan opphald. Denna seremonien, som blir kalla akhand path tek kring 48 timar og kan utførast i ein gurduārā eller i privatheimar.

Musikken

Gurū Ardjan gav kvar song i Gurū Granth Sāhib ein melodi. Nokre av dem var tradisjonelle, men han skreiv òg melodiar for mange songar som ikkje hade det. Han ordna melodiane basert på rāga-systemet frå hindustāni-musikk, den nordindiske klassiske musikktradisjonen. Kvar rāga har kjenslor og stemningar i hindustāni-musikk. Gurū Ardjan bruka rāgaene som hade kjenslor som han meinte passa best med ånda i musikken. Han velte ikkje rāgaer som var för glade eller för triste, eller som var för klassiske, prydelige eller hade skilt seg for mykje frå folkemusikken. Kvar song i Gurū Granth Sāhib har ei innleiding der som nemner kva for ein rāga som må brukast med honom, og boka har eit etterord som skildrar rāgaene. Det finst 31 rāgaer i alt i Gurū Granth Sāhib.

Framføring av songane heiter kírtān. De blir sungne svært ofte. På høgtider og i gurduārāer er det vanlig å synge dem i kor med mange musikkinstrument, særlig harmonium og tāblā.

Andre sentrale personar i sikhismen

  • Mātā Khivi (15061582) — kona til gurū Angad Dev — er kjent for å ha grunnlagt langār-måltidet. Ho er den einaste kona ått nånn av de ti gurūane som er nemnt i Gurū Granth Sāhib.

Sikhismen og jødedommen

Fellestrekk

Det finst mange fellestrekk mellom sikhismen og jødedommen. Av dessa trekka kan nemnast ein total monoteisme, den store vekta på den helige skrifta (Sri Gurū Granth Sāhib i sikhismen og Toráen i jødedommen) og trua på at mennesket blir fødd utan arvesynd og med fri vilje til å gjera godt eller vondt.

Både sikhismen og jødedommen ser på tildekking av haudet som eit tekn på respekt. I sikhismen tek dette form av at menn (og nokre kvinnor) som hører til khalsāen (de religiøst innvigde) ber ein turban over det lange, oklypte håret. Dei som ikkje ber turban må dekkje haudet med eit tørklede före de sett fot i gurduārāen.

Sikhismen er deistisk — eit trekk vi finn i varierande grad i intellektuell sefardisk jødedom frå Mosjé ben Maimón (Maimonides, haRaMBaM) gjønom Leví ben Géresjón (Gersonides, haRaLBaG) til Baruch Spinoza, og som i dag hører først og fremst til retninga rekonstruksjonistisk jødedom.

Fellestrekk mellom sikhismen og de liberale retningane av jødedommen er vekta på likestilling og likeverd mellom kjøna.

Fellestrekk med deler av kabbalá og ḥasidisme er vekta på sjelevandring.

Skilnader

Sikhismen praktiserer kremasjon av døde, noko som ikkje er tillate etter jødisk religion anna enn for å berge livet ått de levande (för eksempel ved alvorlige epidemiar). Sikhismen skil seg ut frå ortodoks jødedom (men liknar progressiv jødedom) ved at han legg vekt på likestilling mellom kjøna, og han skil seg ut frå det mest utbreidde gudssynet i nyare tids tradisjonell jødedom (men liknar rekonstruksjonistisk jødedom) ved å vara deistisk heller enn teistisk.

Matföreskrifter er det færre av i sikhismen enn i jødedommen. Den viktigaste matrestriksjonen i sikhismen er at det blir frårådd å eta ḥalāl-slakta kjøtt. Mange sikhar avstår òg heilt frå å eta kjøtt.

Mannlig sikh med turban. (Foto: Harkanwal Singh)

Sikhismen og islam

Fellestrekk

Skilnader

Sikhismen og bahá’í

Fellestrekk

Skilnader

Sikhisme i Skandinavia

Norge

Statistikk over sikhar i Norge
År Offisielt medlemstal
og grunnlag for
offentlig stønad
Prosent av totalt medlemstal
i registrerte trussamfunn
utanom Den norske kirkja
1971(tal manglar)
1980(tal manglar)
19901 0780,6 %
20001 7720,7 %
20011 9740,7 %
20022 1720,8 %
20032 4040,8 %
20043 1101,0 %
(Kjeldor: [1], [2])

De fleste av de mellom 3 000 og 5 000 sikhane i Norge bur i eller ved Oslo. Det finst to gurduārāer i Norge — den eine, Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji, ligg på Alna i Oslo og den andre ligg i Drammen.

Sverige

De første sikhane kom til Sverige tidleg i 1970-åra, men sikh-samfunnet vart ikkje formelt organisert før tidleg i 1980-åra, da Gurdwara Sangat Sahib i Stockholm vart organisert. I dag finst det òg ein gurduārā i Göteborg og det har funnest ei foreining for sikhar i Malmö òg. Det nöyaktige talet sikhar i Sverige er ikkje kjent, men først i 2000-åra reknar ein med at i overkant av 1 000 sikhar budde i Sverige.

Danmark

Det nöyaktige talet sikhar i Danmark i dag er okjent, men det dreier seg trulig om kring 1 000 personar eller familiar.[3] Det finst éin gurduārā i Danmark — Gurdwara Siri Guru Singh Sabha i Vanløse.

Kjeldor

Pekarar

Generelt om sikhismen

På skandinavisk

På andre språk

Sikhisme og politikk

Skandinavia

Sikhisme og jødedom


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty