Sigrid de Lemos (1883–1942)

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Sigrid de Lemos.
Foto:okjent, frå Våre falne.

Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born ått Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania).

Innhaldsliste

Oppveksten

I 1888, da Sigrid var i femårsalderen, flytta familien til Hamborg, der dei vart buande i ti år. I 1898, da Sigrid var i 15-årsalderen, flytta familien til Kristiania att.

Folketelinga 1900

I folketelinga 1900 er Sigrid, som er 17 år da, registrert som busett med bestemora Emilie Nathan (f. 1833) i Drammensvn. 64 i Kristiania. Emilie er oppført som enkje med formue som inntektskjelde. I tillegg bur Thora Tellefsen (f. 1857 i Telemark) der som ug[ift] tj[enestepige].[1] Litlebroren Frithjof på ni år bur med föreldra i Kronprinsens Gade 9.[2] Faren døydde seinare det året.

Folketelinga 1910

I folketelinga 1910 står ho og broren Fridthjof de Lemos oppført som fråvarande frå bustaden til mora i Kronprinsensgate 9 i Kristiania. Dei står oppført som med ombytta yrke, nemlig apothekerlærling og selskabsdame. Om vi går ut frå at trulig opphaldsstad derimot var korrekt, så var Sigrid selskapsdame i Hamborg, og Frithjof var apotekarlærling på Rena.[3]

Utdaning og arbeid

Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo.

Deportasjon

Den 26. november 1942 vart ho arrestert fördi ho var jøde. Ho vart sendt til Rådhuskaia der ho og 528 andre norske jødar vart deportert med fangeskipet DS «Donau» til Stettin; derifrå gikk transporten vidare med tog til Auschwitz, der ho trulig vart drepa ved ankomst.

Bildegalleri

Fotnotar

  1. Sigrid de Lemos i folketeling 1900 för Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet
  2. Frithjof de Lemos i folketeling 1900 för Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet
  3. Sigrid de Lemos i folketelinga 1910 för Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet

Kjeldor

Personlige verkty