Rigg og segl

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Segl)
Gå til: navigering, søk
Seglande kutter.
Foto:Uwe Kils

Rigg og segl er fellesnamn för dei delene av farkostar som gjer at dei kan bruke vind til framdrift. Basiselementa er segl, som er membranar som fangar opp vinden; mastrer, rær og spryd som utgjer grunnramma för segla; og taug, blekker og beslag som held segla på plass og kan brukast til å regulere posisjonar og vinklar för segla. Funn tyder på at segl har vorte bruka på farkostar i alle fall dei siste 6000–7000 åra. Ein faglært handverkar som syr segl blir kalla ein seglmakar.

Innhaldsliste

Materiale

Fil:US Sailing Team2.jpg
Kappsegling for fulle segl.

Det er viktig at segl har låg vekt og er lette å handtere. Materialet lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera faste og tette. Det må ta opp minst mulig vatn og overflata må vara glatt.

Opprinneleg var seglduk laga av ull, brennesle, hamp eller lin. Midt på 1800-talet kom segl av bomull i bruk. Hundre år seinare dukka de første kunstfibra opp — først i form av polyester.

Fordelene med linsegla var at de var faste når de vart våte av sjøsprøyt eller regn. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. De gjorde det mulig å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i Europa på kappseglingsskonnerten SS «Amerika» i 1851.

På veteranskip og kopiar tå eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.

Råsegl og sneisegl

Råsegl og sneisegl er to hovudtypar tå segl. Råsegl er normalt stilt tverrskips, mens sneilsegl står langskips. Råseglet er kjent frå vikingskip. Ettersom råsegl verkar dårlig i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.

Frå råsegl har utviklinga gått via latinarsegl, sprisegl og gaffelsegl til dagens segl, som på de fleste moderne båtane blir utforma og kombinert på ein måte kalla bermudarigg.

Seglutviklinga har de seinaste åra dreidd seg dels om utvikling tå materiale, blant anna kevlar og mylar, og dels om utvikling tå datasystem for konstruksjon og produksjon tå segl som gjev maksimal effekt.

Samansetting tå segl

Kombinasjonen tå mastrer og segltypar som er valte for ein båt blir kalla rigg. Seglskip blir ofte nemnte etter utforminga på riggen, for eksempel fullriggar, brigg, bark, skonnert og slupp.

Bermudariggen som er dominerande på lystbåtar og kappseglingsbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To tå sidone på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjølp tå smale spilor som ligg i spileposar. Forseglet til denna riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vera laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla stormfokk, så kjem kryssarfokk (mindre eller normal) og genoafokk (stor).

Andre farkostar med segl

Fil:Quend 11 char a voile.jpg
Strandsegling med hjul.

Segl blir òg bruka på seglbrett (windsurfer), på farkostar med meiar som blir bruka til issegling, med ski til snøsegling, og med hjul til segling på land.


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Segl» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty