Sefer

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 02:09 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «:''Denna artikkelen handlar om sefer i tydinga ‘torárull’. För sefer i den utvida tydinga ‘jødisk religiøs bok’, sjå '''Rabbinsk litteratur'''.'' ---- {{let…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Denna artikkelen handlar om sefer i tydinga ‘torárull’. För sefer i den utvida tydinga ‘jødisk religiøs bok’, sjå Rabbinsk litteratur.

Det finst ein lettare artikkel om dette — sjå «Kva er ein torárull».
Portugisarjødisk sefer med vestido og anna tilbehør. (Bernard Picart)

Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkerne). För å vara kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vara handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.

Ein open sefer. (Foto: Grzegorz Niewiadomski)

Når torárullen ikkje blir lesen frå, er han heilt ihoprulla. Nokre brukar å ha rullen i ein sylinder av tre eller metall som blir kalla ein tik. Andre brukar å kle han i ei spesiell kappe som blir kalla vestido (mengíl, mantel). Enkelte gjer begge deler. Sefarím blir oppbevart i Hekhál (arka, toráskåpet) når de ikkje er i bruk.