Saul Levi Morteira

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Saul Levi Morteira

Saul Levi Morteira (f. ca 1596 i Venezia – d. 10. februar 1660 i Amsterdam) var ein portugisarjødisk ḥakhám (rabbinar) i Nederland.

I eit dikt på kastiljansk nemner Daniel Levi de Barrios han som tyskfødd (“de Alemania natural”). Da Morteira følgte lekamen til dokteren Elijah Montalto frå Frankrike til Amsterdam i 1616, velte den portugisarjødiske menigheita Bet Iahakob han som ḥakhám som etterfølgjar etter Moses ben Aroyo.

Morteira var grunnleggaren av menigheitsskulen Keter Torah, og han underviste sjølv Talmúd og jødisk filosofi i avgangsklassen der. Han hade òg plikt til å preke der tre gonger i månaden, og han mottok årlig løn i form av 600 gylden og hundre korger med torv. Blant elevane hans kan nemnast Baruch Spinoza, Moses Zacuto og Abraham Cohen Pimentel. Morteira og Isaac da Fonseca Aboab (Menasseh Ben Israel var i England på det tidspunktet) var medlemmane av den bet dín som sette Spinoza i ḥerem (bannlysing) den 27. juli 1656.

Nån av elevane hans Morteira gav ut samlinga גִּבְעַת שָׁאוּל‎ (Gib’ngàt Sjaúl, ‘Sjaúl-åsen’) (Amsterdam 1645), ei samling av 50 derasjót (prekor) over Toráen utvelt frå 500 derasjót skrevne av Morteira. Morteira skreiv elles verket Tractado de la Verdad de la Ley, seinare omsett frå kastiljansk til hebraisk av Isaac Gomez de Gosa med tittelen תּוֹרַת משֶׁה (Toràt Mosjé). Detta verket er eit polemisk verk för jødedommen og mot kristendommen.

Verk

  • Tractado de la Verdad de la Ley
  • גִּבְעַת שָׁאוּל
This article is based entirely or in part on material from the Jewish Encyclopedia (1901–1906). The copyrights for that book have expired and they are therefore in the public domain. Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Jewish Encyclopedia (JE). JE verket er offentlig eigedom på grunn av förelda einerett.
Cover for Mazzot.jpg


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Saul Levi Morteira from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlige verkty