Samar

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Samar (tidligare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsaklig hører heime på Nordkalotten. Namnet same er den skandinaviske forma av det samiske ordet saemie (sørsamisk), sábme (pite-/lulesamisk) eller sápmi (nordsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk.

Samane som folkegruppe kan ha utvikla seg i det siste tusenåret före den vestlige tidsrekninga, da det vart meir samhandling mellom gruppor i området og dei her gruppone vart meir oppmerksame på fellestrekk og olikheiter. Det var i det her tidsrommet sijte- eller siida-systemet vart utvikla. I det samiske området bur det kring 75 000 samar. Tradisjonelle samiske levevegar fram mot nyare tid inkluderer reindrift, der dei fölgjer etter store reinflokkar på beitevandring, og kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid.

Mange samar talar olike samiske språk, sjølv om ein stor del har vorte assimilert og har gått over til hovudspråket i det landet dei lever i. Dét gjeld særlig sjysamar i Norge.

Samisk familie kring 1900.

Innhaldsliste

Etnonymet sápmi, ‘same’

Samisk par med komse. (Litografi av J.F. Eckersberg basert på akvarell etter Flintoe eller Frich sin kopi av honom. Litografiet vart utgjeve av Chr. Tønsberg.)

Opphavet til ordet saemie (sørsam.) / sápmi (nordsam.), ’same’ er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, det vil seie den delen av Finland baltarane hade kontakt med. Det ordet gjenomgikk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fikk i samisk), så vi fikk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahti ligg). I samisk gikk ordet i staden gjenom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlige dialektar også gjenom dissimileringa m → pm, slik at vi fikk Sápmi, ’Sameland’. Det samma ordet *sämä lånte baltarane tilbake frå finnane (före lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Den her forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fikk *sōme, som enno er det estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går tilbake til samma lånordet — ordet för ’land’ i urbaltisk.

Historie

Samisk par med reinsdyr. (Litografi av J.F. Eckersberg basert på akvarell etter Flintoe eller Frisch sin kopi av honom. Litografiet vart utgjeve av Chr. Tønsberg..)

Samisk forhistorie i ljøs av moderne genforsking

Frå og med 1990-åra har dei etniske gruppone i Europa og Sibir vorte genetisk kartlagt, framför alt med hjelp av mtDNA. Det har för eksempel vist seg at den genetiske distansen mellom samar og samojedar er större enn mellom danskar og samojedar. Genetisk sétt skil samane seg meir frå dei andre europeiske folka enn dei skil seg frå kvarandre — trulig fördi dei stammar frå ei lita gruppe forfedre som kom frå olike område.

Förhistorisk tid

KomseNorsk Folkemuseum.
Foto: Olve Utne

Da dei germanske og baltiske folkeslaga kom til Baltikum og Norden med jordbruket, støytte dei på jegarkulturar. Dei her jegarkulturane vart delt etter om dei kom inn under frammund påverkning eller ikkje. Dei sørlige folkegruppone gjorde det, vart jordbrukarar, og språket deras utvikla seg til dei austersjøfinske språka. Lenger nord, utan dei samma vilkåra för jordbruk, vart dei nordlige folkegruppone varande utaför den her påverkninga, og språket deras utvikla seg i ei anna leid — til samisk. Ein faktor som kompliserer det her bildet, som er konstruert med hjelp av språkhistoriske data, er at DNA-studiar viser at samar og finnar faktisk skil seg frå kvarandre ein god del DNA-messig. No treng ikkje det stå i motsetning til analysen ovaför; det kan vara slik at samane tidligare har tala eit anna språk, men at dei skifta til nordlig ur-austersjøfinsk (eller nordaust-ur-uralsk) etter påverkning frå blant anna finsk, men slik at det vest-uralske språkområdet seinare har vorte delt etter graden av baltisk og germansk påverkning.

Arkeologisk sétt er det mulig å knyte samane til skiferkulturen og til den kamkeramiske kulturen.

Historisk tid

Det er trulig samane Tacitus skriv om når han i boka Germania frå år 98 evt. nemner fenni. På slutten av 700-talet skriv Paulus Daconus ved Karl den stores hoff om skridfinnar og viser til skidone til samane. På 800-talet skildrar Ottar frå Hålogaland eit folk som passar rein og som blir kalla fenni.

Tre norske sametingspresidentar, frå venstre: Sven-Roald Nystø (2), Aili Keskitalo (3) og Ole Henrik Magga (1).
Foto: Trond Trosterud

Sjå òg


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Samar» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty