Samōsā

Frå Alnakka.net
Trekanta samōsāer.
Foto:“Zantastic”

Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta, frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særlig med potet, løk og erter.

Samōsāer er oftast sterkt krydra, og ein et gjerne samōsāene med tjaṭnī eller ketsjup. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner vi han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø. Sāmōsā blir i dag mykje bruka som gatekjøkenmat eller eit lite mellommåltid.

Retter frå andre mattradisjonar som samōsā kan minne om inkluderer tyrkisk børek, sefardiske borecas og asjkenazisk knish.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Kossen du lagar samōsā. (Manjulaskitchen)



GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Samosa from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Samosa» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Q1