Saltværing

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Denna artikkelen handlar om språkforma saltværing. For folk frå Salten, sjå saltværingar; for båttypen, sjå under nordlandsbåt.

Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. I snevraste förstand er saltværing dialekten som blir snakka frå Gildeskål og Saltdal kommunar i sør til Steigen og Hamarøy kommunar i nord, men det er òg rimelig å rekne med dialekten i Meløy kommune i sør. Tysfjord kommune har overgangsmål mellom saltværing, vesteråling og ofoting. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innaför Salten skil tradisjonelt Bodø og i mindre grad Fauske seg ut med utprega bymål. Frå de siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir, samtidig som bymålet i Bodø har nærma seg vanleg saltværing noko.

Lydverk

Konsonantar

Dialekten har tjukk l av historisk l, men med ein del unntak lengst nord i Salten. Den tjukke l-en blir uttala som ein retrofleks flapp de fleste plassane, men ofte som ein retrofleks lateral i Bodø. (I Moskenes kommune i Lofoten, rett over Vestfjorden frå Bodø, finst elles ein liknande l, men der uttala som ein alveolopalatal lateral.) Historisk blir uttala som r i heile Salten. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle dessa får palatalisert uttale i trykksterk posisjon.

Trykklett -m fell bort i utlyd:

jøno (gjenom), (som)

Endingane -rn(-), -nn(-) og -nd(-) har som hovudregel gått over til enkel, dental -n(-) i trykklette stavingar:

liggan (liggjande), framkåmmanes (framkommande, framkommelig), dagan (dagane)

Vokalar

Lange vokalar

Utlydande -a er vorte til å i ord som . Dialekten har både og i trykksterk utlyd:

(meg); (med)

Trykklette vokalar

I endinga -lig/-leg har dialekten uttalen -li:

enneli (endelig), hǿveli (høvelig), passeli (passelig), tíli (tidleg)

Endinga -ot har tildels uttalen -åt i eldre mål, medan yngre mål helst har uttalen -at:

pjuskåt/pjuskat (pjuskot), slørvat (slurvot)

Endingane -an og -um blir i hovudsak uttala som -o i eldre mål, men varierer med -a — særlig i yngre mål og i nærheita av Bodø:

jøno (gjenom), attopå (attanpå, etterpå), øustovinn (austavind), fåkko (fokka), sío (sida), lekså (liksom), inna (innan)

Apokope

Det er utstrakt apokope i dialekten. Historisk a-ending i infinitiv og i obestemt form eintal av svake hokjønsord har falle bort (å fe’sk, å gjæ’r, ei vi’s, ei vé’k(k)). Historisk i/u-ending, inkludert före historisk -t og -r, har òg falle bort i de fleste falla (ikkj’ (‘ikkje’), enn o’ks, på ta’k (‘på taket’), ma’ng søu’ (‘mange sauer’), ma’ng bø’tt (‘mange bøtter’)). Bortfallet er ikkje bestemt av jamvektsregelen slik ein ser det i austnorsk, men finn stad både etter historisk korte og historisk lange stavingar.

Prosodi

I typisk saltværing skil ein mellom tonem 1 og tonem 2 av fleirstavingsord på liknande vis som i de fleste andre norske dialektane. Det same skiljet finn ein i einstavingsord — der tonem 2 som hovudregel blir bruka i ord med apokope. Vi får dermed minimale par som tak (‘tak’) / ta’k (taket) og søu (‘sau’) / søu’ (‘sauer’). Stadnamn med apokope og tonem 2 inkluderer Fauske, som tradisjonelt blir uttala Føu’sk.

I og nærme Bodø er det noko ostøheit i tonelaga, og ein del personar ser ut til å mangle förskjellen mellom tonem 1 og tonem 2.

Formverk

Pronomen og adverb

Av pronomena og adverba er å merke seg:

  • é (eg), (meg)
  • hån (han)
  • da (det)
  • denn / dann
  • hér å dar (her og der)
  • dokk (de, dokk)
  • (de, dem)

Substantiv

Hannkjønsord

Hokjønsord

Det er skilje mellom sterke og svake hokjønsord i bestemt form eintal: e bók / dann bókja; e ví’s / dann víso. A-endingane spreider seg i yngre mål. Obestemt fleirtal av hokjønsord er oftast apokopert: en søu / tó søu’; e bø’tt / tó bø’tt.

Konsonantstammar får gjerne -er i obestemt fleirtal, og endatil -ern i bestemt fleirtal: bǿker, bǿkern.

Inkjekjønsord

Bestemt form fleirtal av inkjekjønsord ender allveg på -an:

bóran, húsan, mǿtan

Verb

Infinitiv

Infinitiv er allveg apokopert i saltværing:

å kjǿ’p, å ko’mm, å ve’tt

Syntaks

Dativ

Det finst dokumentert enkelte dativformer i eldre saltværing. Slik finn ein f.eks. den gamle dativforma Lóffóta i eldre mål nån plassar. I vår tid er dativen likevel heilt borte i saltværing anna enn som relikt i visse uttrykk og i enkelte fall som stivna dativformer i stadnamn. Den mest kjente stivna dativforma er nok sjølve forma Salten — som opprinnelig er dativforma av det gamle landskapsnamnet, Salta.

Bymål

Bodø

Bymålet i Bodø skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentlig mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene æ/ (för é/), me (för , ‘med’), nu (för no), ikke eller ikkje (för ikkj(e)), de (eldre , for da', ‘det’) og hær å dær (för hér å dar).

Fauske

Endringstendensar i moderne saltværing

Kjeldor

  • Beito, Olav T.: Norske målføretekster. (Skrifter frå Norsk målførearkiv: XVIII) Oslo (Universitetsforlaget), 1973
  • Kolsrud, Sigurd: Nynorsken i sine målføre. Oslo (Universitetsforlaget), 1974. ISBN 82-00-01371-5.