Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Safon.org:Hovudsida)
Gå til: navigering, søk

Alnakka.net er ein nettressurs för kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom bokja Kitāb al-manākh, som vart skreve på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 007 artiklar og 5 736 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg. Du finn tilfeldige smakebitar frå artiklane her på forsida kvar dag.


tid • stad • skulefag • ymse


<< januar >>
søn mån tis ons tor fre lau
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031
2012

I dag er det søndag den 29. januar 2012.


Olea europaea europaea.jpg
Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagjen ått trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukta av treet dei første tre åra, og ikkje eta han före etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanlig å plante tre og/eller eta ny frukt på den dagjen — ein skikk som ser ut til å ha spredd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein seder — eit spesielt, rituelt måltid — for 15. sjebát. Vi drikk 4 beger vin og et av minst 15 olike slag frukt medan vi syng songar og förtel historior som passar til dagjen.

Populære sidor

  1. Geirfugl (vist 8922 g.)
  2. Portugisarjødar (vist 6612 g.)
  3. Pitesamisk (vist 6440 g.)
  4. Kristiansund kommune (vist 5306 g.)
  5. Romsdaling (vist 3561 g.)
  6. Jødedom (vist 2476 g.)
  7. David Aaron de Sola (vist 2381 g.)
  8. Islām (vist 2346 g.)
  9. Trondheim kommune (vist 2184 g.)
  10. Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising» (vist 2107 g.)
  11. Hoggorm (vist 2095 g.)
  12. Rev (vist 2074 g.)
  13. Tenákh (vist 1981 g.)
  14. Honing (vist 1941 g.)
  15. Geitbåt (vist 1865 g.)
  16. Jødar (vist 1853 g.)
  17. Rein (vist 1785 g.)
  18. Harar (vist 1769 g.)
  19. Sau (vist 1758 g.)
  20. Samuel Jessurun de Mesquita (vist 1755 g.)
  21. Pitesamisk–lulesamisk–norsk ordliste (vist 1693 g.)
  22. Harr (vist 1628 g.)
  23. Rekonstruksjonistisk jødedom (vist 1597 g.)
  24. Sikhisme (vist 1557 g.)
  25. Baruch Spinoza (vist 1535 g.)
  26. Pitesamar (vist 1528 g.)
  27. Esnoga (vist 1437 g.)
  28. Kleppfisk (vist 1429 g.)
  29. Ḥasidisk jødedom (vist 1376 g.)
  30. Albrecht Dürer (vist 1359 g.)
  31. Det osmanske riket (vist 1326 g.)
  32. Gaupe (vist 1292 g.)
  33. Langholmen (Aure kommune) (vist 1286 g.)
  34. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist 1284 g.)
  35. Pipeharar (vist 1276 g.)
  36. Stavkirkje (vist 1261 g.)
  37. Sefardím (vist 1227 g.)
  38. Soay-sau (vist 1222 g.)
  39. Gurū Nānak Dēv (vist 1150 g.)
  40. Tallét (vist 1143 g.)
  41. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist 1140 g.)
  42. Nordmør (vist 1104 g.)
  43. Universitetet i Nordland (vist 1098 g.)
  44. Grå trøndersau (vist 1096 g.)
  45. Pesaḥ (vist 1066 g.)
  46. Ḥanukká (vist 1041 g.)
  47. Gurmukhī (vist 1041 g.)
  48. Herjeådalen (vist 1014 g.)
  49. Hinduisme (vist 1010 g.)
  50. Island (vist 1008 g.)
  51. Moské (vist 1004 g.)
  52. Tefillín (vist 998 g.)
  53. Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission (vist 997 g.)
  54. Sjabungót (vist 991 g.)
  55. Ishac Aboab da Fonseca (vist 984 g.)
  56. Krystallsoda (vist 984 g.)
  57. Nymaurisk arkitektur (vist 979 g.)
  58. Sefer (vist 975 g.)
  59. Hebraisk (vist 958 g.)
  60. Edøy gamle kirkje (vist 944 g.)


Pekarar

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no

Siste

C01210crj Bygdoynes.jpg
Norsk Maritimt Museum, tidligare (1914–2009) Norsk Sjøfartsmuseum, er eit nasjonalt museum för sjyfart og andre historiske og notidige aktivitetar tilknytt saltvatn og ferskvatn i Norge. I tillegg har museet marinarkeologisk kompetanse; og dei har förvaltningsansvar för kulturminne under vatn i alle fylkja på Austlandet og Sørlandet. Norsk Sjøfartsmuseum vart stifta i 1914 og tok over mange av gjenstandane frå Norges Jubileumsutstilling 1914, som vart halda i Frognerparken frå 15. mai til 11. oktober. Dei første åra vart gjenstandane lagra, men frå 1929 fikk museet disponere utstillingslokale ved Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Dei novarande lokala rett sørom Frammuseet (1935– ) og Kon-Tiki Museet (1950– ) på Bygdøynes vart nyoppført för Sjøfartsmuseet. Bygningane vart påbegynt etter andre verdskrigen, og i 1960 flytta museet inn. Siste byggetrinnet vart fullført i 1974.   Les meir …

Religion og livssyn

Rabbinar Ira Eisenstein (19102004) grunnla, i lag med Mordecai Kaplan, den rekonstruksjonistiske jødedommen i løpet av tida frå 1920-åra til 1940-åra. Under den her første tida var rekonstruksjonistisk jødedom ei radikal fløy innaför amerikansk konservativ (masorti) jødedom, men vart seinare formelt utskilt som ei sjølvstendig retning av jødedommen i og med opprettingja av the Reconstructionist Rabbinical College i 1968. Ira Eisenstein var fødd og oppvaksen i New York. Han tok Bachelor-graden og seinare òg ein doktorgrad ved Columbia University. I 1931 fikk han rabbinsk ordinasjon frå Jewish Theological Seminary. Blant lærarane hans der var rabbinar Mordecai Kaplan.   Les meir …
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 16667. oktober 1708) var den tiande og siste av de ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Rolla som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skrive som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av de ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjenom eit liv med store personlige tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle de fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb kravde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denna krigen at gurū Gōbindh leid så store personlige tap.   Les meir …
Bahá’u’lláh (f. 12. november 1817; d. 29. mai 1892) var grunnleggaren av bahá’ítrua. Det opprinnelige namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá’u’lláh som betyder ‘Guds herligheit’. I bahá’ítrua blir Bahá’u’lláh rekna för å vara Guds bodberar för menneska i dag. Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Tehrān (Teheran) i Iran. Han var ein tilhengar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ei av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal vise fram» skal föreine alle menneske og religionar. I 1863 i Bagdad openberra Bahá’u’lláh seg som den utvelte, som babismen, og etter hans syn alle andre tidligare religionar, hade lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og förmana dem om å legge bort konfliktar og oeinigheit og minske skattebyrda för dei fattige. Han bad dem komma ihop til ein stor konferanse för å legge grunnlaget for «den störste freden».   Les meir …
Ahmadiyya mosque Oslo.jpg
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ‎ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg för å vara mudjaddiden (reformatoren) av islām för den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning för, islām.   Les meir …
Grip kirkje.jpg
Grip kirkje er ei stavkirkje frå andre halvdelen av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommune på Nordmør. Kirkja har framleis mellomalderkjernen, men mange bygningsdeler er förnya. Skipet og koret har samma breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelt og kvitmåla.   Les meir …

Biologi

Spaellam.jpg
Kvit spælsau (nyn./bm., stundom skreve (kvit) spelsau), kjent som Old Norwegian Short Tail Landraceengelsk, er ein noko modifisert, norsk saurase som mange meiner er den opprinnelige saurasen i Norge. Sauen er godt tilpassa klimaet i Norge og kan sporast tilbake til jarnalderen. Spælsauene er utbreidd over heile landet i dag, og heile 22 % av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. Islandske sauer er svært nært i slekt med spælsauen.   Les meir …
Tipula paludosa.jpg
Myhank (lat. Tipulidae) (nyn./bm. myhank, dial. mygghank, mehank, mohank o.a.), òg kalla stankelbein (nyn./bm. stankelbein, bm./da. stankelben) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei störste dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store deler av verda. Dei blir rekna som ein av dei mest primitive familiane innaför tovengene, men myhankane med sine kring 10 500 skildra artar er likevel blant dei störste og mest suksessfulle delgruppone. I Norge er det kjent 93 artar.   Les meir …
Headwaters of the Garbh Uisge. - geograph.org.uk - 50951.jpg
Reindrifta i Skottland vart igangsett i 1952 av reinsamen Mikel Utsi (òg skreve Mikkel Utsi; d. 1979) frå Jokkmokk og kona hans, den USA-fødde antropologen Ethel John Lindgren (d. 23. mars 1988). Dei to var på bryllaupsreise til Aviemore våren 1947, og Mikel la merke til at landskapet minte om reinbeita i Lappland. I 1949 etablerte Mikel og Ethel rådgjevings- og forskingsrådet the Reindeer Council of the United Kingdom, og ei stund etter etablerte dei the Reindeer Company Limited — begge med adresse i Cambridge. I 1952 fikk dei importert dei første reinane — alle kom frå flokken hans Mikel i Jokkmokk, og dei fikk i første omgang eit 300 acres (ca 1200 mål) inngjerda område til beite.   Les meir …
11110cr skahppo.jpg
Reinost (nyn./bm.; bm./sv. renost; sørsam. bovtsenvuasta; pites. buhtsuvuässtá -st-; lules. boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mörke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flatvordne, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (sørsam. deajvoe, lules. dæjvvo -jv-) eller utskore tre (sørsam. skaahpoe, skaahpa; lules. skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen.   Les meir …

Kystkultur

Jacobstaff.JPG
Ein jakobsstav (vanlig namn i förbindelse med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i förbindelse med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I förbindelse med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelige jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
MB «Vega» var ein rutebåt som vart dreven av Albert Dahle (1898–1994) frå Ytre Breivika under Leirå på Tustna og som gikk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960. Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjenom krigen og fram til han kjøpte ny båt. I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hade dreve rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet.   Les meir …
Seglande nordlandsbaatar.jpg
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Ein nordlandsbåt av ny type (etter begynnelsen av 1800-talet) har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl.   Les meir …

Musikk

Ou1998 Brussel 03 (Francois Fernandez teaching) cr.jpg
François Fernandez vart fødd i 1960 i Rouen i Frankrike. Han begynte å studere barokkfiolin da han var tolv år gammel. Han studerte med Sigiswald Kuijken og tok diplomeksamen som solist ved Koninklijk Conservatorium i Den Haag i Nederland i 1980 etter berre to og eit halvt år som student. Alt som 17-åring begynte han å spela i barokkorkesteret La Petite Bande, og han vart ledar för orkesteret i 1986.   Les meir …
Herman Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsmann og cellist i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix og var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret.   Les meir …
Ingvald Glomstad (18981988) var ein småbrukar, fyrvaktar og spelmann frå Glomstad (Geilan) under Storsetra på Tustna i novarande Aure kommuneNordmør. Ingvald Theodor Glomstad vart fødd den 2. oktober 1898 av föreldra Edvard Torstenson Glomstad, opprinnelig frå Stemshaug, og Lovise Larsdotter Inderberg. Han var gift med Gudrun Glomstad (19001988). Ingvald spela ein del tyskfele til dans kring på Tustna.   Les meir …
WP Johan Daniel Berlin.jpg
Johan Daniel Berlin (17141787) var ein komponist, organist og bymusikar i Trondheim. Berlin vart fødd den 12. mai 1714 i den prøyssiske byen Memel, i det novarande Litauen. Han reiste til København i 1730 og lærte med bymusikaren Andreas Berg de neste sju åra. Frå 1737 til 1767 var han bymusikar (stadsmusikant) i Trondheim. Berlin var òg organist i Nidarosdomen (1741–1787) og Vår Frue kirkje i Trondheim (1752–1761).   Les meir …
Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austasjkenaziske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange olike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan vi seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjennetekna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, förstørra sekundar og sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innaför todelt takt er det mykje bruk av synkopar.   Les meir …

Mat

Jødekakor (nyn.; nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlige namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (för eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk för dei her sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem.   Les meir …
Quince.jpg
Ein kvede (Cydonia oblonga; nyn., bm. kvede, da. kvæde, sv. kvitten) eller eit kvedetre er eit lauvfellande tre i rosefamilien og den einaste arten i slekta Cydonia. Kveden kan bli opp til sju meter høg og blomstrar i mai med 5 cm store ljøsraude til kvite blomstrar. Den etterfölgjande frukta er gul og velduftande, men har eit tree, knapt etande, fruktkjøtt. Frukta kan kokast til syltetøy, marmelade eller gelé. I Sør-Europa, slik som i Italia og Spania, lagar de kvedebrød (italiensk cotognata og kastiljansk carne de membrillo), eit slags marmelade-snop av like vektdeler sukker og kvedemos som får koke i langkok og som så stivnar til geléaktig konsistens.   Les meir …
0214 pesahmat ris mais.jpg
Kva matvaror som er tillatne under pesaḥ (jødisk påske) varierer en del mellom olike jødiske gruppor. Det grunnleggande trekket som er felles för alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanlig bygg, toradsbygg og rug — er förboden både å eiga og å eta alle de sju eller åtte dagane pesaḥ varer. De fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særlig i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl frå dei her belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli förveksla med mjøl frå dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.   Les meir …

Språk

Hans Ross by L Szacinski.png
Hans Ross (18331914) var ein teolog, ordboksredaktør, målmann og statsstipendiat frå Mandal. Hans Matthias Elisæus Ross vart fødd søndag den 14. april 1833 i Holum i Mandal. Han var presteson og vart student i 1849, etter å ha vore elev av blant andre lektor Ole Kristian Thistedahl ved Kristiansand katedralskole. I 1852 vart han cand.theol. Han arbeidde deretter som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland 1856–57, engelsk i England 1859–60 og underviste i språk ved skular i Christiania. Etter sitt første møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross livsoppgåva si i å vidareføre og utvide Aasen sitt ordboksverk.   Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Johan Austboe.jpg
Johan Austbø (fødd 23. oktober 1879 i Lavik i Høyanger kommune i Ytre Sogn, død 22. desember, 1945Hokksund i Øvre Eiker kommune) var lærar, dansar, diktar, komponist, songar og målmann. Han vart utdana ved lærarseminaret på Elverum, var tilsett som lærar i Frønningen og Fresvik, og flytta seinare til Lepsøy i Os i Hordaland, före han etablerte seg i Skotselv i Buskerud fylke. Der var han lærar ved Hæreskolen og Skotselv skole i fleire tiår. Austbø spela ei sentral rolle i etableringa av Den norske folkeviseringen tidlig i 1920-åra I boka Folkedansen i 20 år 1903-1923 skildrar han ei reise til Færøyane i 1911, der ein delegasjon på 70 nordmenn reiste för å hente impulsar frå færøysk sogedans.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudíospanjol (jødespansk). Karakteristisk för ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet för sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Personar

Bhāi Lēhnā, mest kjent som gurū Angād Dēv dji (31. mars 150429. mars 1552) var den andre av dei ti sikh-gurūane. Gurū Angād Dēv vart gurū den 7. september 1539 som etterfølgjar etter gurū Nānak Dēv, som var grunnleggaren av sikhismen. Före gurū Angād Dēv dødde, utpekte han gurū Amar Dās som den tredje sikh-gurūen.   Les meir …
Ingeborg Åsen Vatten (f. 1924) er ein författar frå Nordmør som blant anna er kjent for Ales-trilogien. Ingeborg Johanne Aasen vart fødd den 8. april 1924 som det yngste av de to borna ått Ildri (d. 1963) og Erik J. Aasen (1895–1961). Ildri og Erik var straumsnessingar, men de tok over ErsvikjaTustna etter slekta hennar Ildri der i 1921. Gammelfolket hade kår der til de dødde; Edvard H. Ersvik dødde i 1944, og Marit Iversdt. Kamsvåg dødde 102 år gammel i 1972. Mykje av handlinga i bøkerne hennar Ingeborg er inspirert av oppveksten hennar i Ersvikja.   Les meir …
Jehudá halleví (f. före 1075 i Tudela i Spania, d. 1141 i Ereṣ Jisraél) var ein sefardisk diktar og filosof. Det mest kjente filosofiske verket hans er boka Kuzari (Khazaren).   Les meir …

Personlige verkty