Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 05:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{gjevit}}» til «gjeve»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
M.S. (1944) på ein filmplakat for Meera

Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 191611. desember 2004) var ein berømt indisk karnatisk songar. Ho er best kjent under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S..

Liv og musikk

M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho begynte å synge svært tidleg, og opptredde offentlig første gongen da ho var tretten i lag med mor si, som spela vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og seinare hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas.

Berre sytten år gammel debuterte ho på det prestisjefylte Madras Music Academy. Ho vart snart tilboda rollar i indiske filmar, der songen er veldig viktig. Den største prestasjonen hennar var i Meera frå 1945, der ho spela Bhaktha Meera og song dei viktige Meera-bhadjanane.

Etter denne store filmrollen trekte M.S. seg tilbake frå filmen og vigde livet sitt til musikken. I 1968 vart ho, som første kvinne, velt til president for Madras Music Academy-konferansen. Ho heldt konsertar over heile verda, blant anna i generalförsamlinga i SN, Royal Albert Hall i London, Carnegie Hall i New York og under Indiafestivalen i Moskva i 1987. I India lyktest ho i å gjera den karnatiske musikken kjent og verdsett også i Nord-India.

M.S. er særlig kjent for dei religiøse lovsongane sine, som Bhaja Govindam (ein filosofisk song om Govinda, òg kjent som Krishna), Vishnu sahasranama (dei tusen namna til Visjnu) og Venkateswara Suprabhatham (morgonsong til ære for Visjnu). Under opptredinga si i FN framførte ho fredssongen Maithreem Bhajatha av Kanchi Paramacharya, som ho var ein ivrig tilhengar av. Ho har framført songar på fleire indiske språk, som tamil, malayalam, kannada, telugu, sanskrit, hindi, bengali og gudjarati. Mykje av det ho tjente på opptaka sine vart gjeve vidare til frivillige organisasjonar.

M.S. var gift med Sadhasivam, ein friheitskjempar som ho trefte i 1936. Dei to var barnlause, men veldig nært knytt til kvarandre. Da Sadhasivam dødde i 1997 etter over femti års ekteskap, slutta M.S. heilt å opptre. Ho dødde i desember 2004 etter kort tids sjukdom.

Utmerkelsar og lovprisingar

M.S. fikk fleire prisar for songen sin. nån av dei störste var Sangeetha Kalanidhi (‘Musikalsk skatt’; M.S. var den første kvinna som fikk prisen), Padma Bhushan og Padma Vibhushan frå den indiske staten. Ho fikk òg æresdoktorat ved fleire indiske universitet.

Andre indiske musikarar sette henne òg høgt. Lata Mangeshkar kalla ho tapaswini (ei kvinne vigd til det spirituelle), Ustad Bade Ghulam Ali Khan meinte ho var Swaralakshmi (notegudinna), og Kishori Amonkar kalla ho āṭhvān sur, den åttande noten som står over alle dei sju andre på skalaen.

Framføringa hennar av dei viktige Meera-bhadjanane blir sett stor pris på den dag i dag og skal ha rørt Mahatma Gandhi så mykje at han bad henne synge «Hari Tum haro Jan ki bheer» (‘Herre, frels menneskja frå frykta’). Han vart förtelt at ho ikkje kunne denne songen. Gandhi svara straks: “Eg vil mykje heller høre Subhulakshmi tala songen enn å høre han sungen av andre.”

Den første statsministeren av det frie India, Jawaharlal Nehru, skal ha vorte så begeistra etter ei framføring i Delhi at han etterpå bøygde seg for M.S. og sa: “Kva er eg, berre ein statsminister, framför dronninga av musikken.”


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «M.S. Subbulakshmi» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.