Sørsamisk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto:Olve Utne

Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.

Innhaldsliste

Historie

Grammatikk

Fonologi (lydlære)

Sørsamisk manglar, i motsetning til ume-, pite- og nordligare samiske språk, stadieveksling, men har til gjengjeld eit rikt utbygd omlydssystem.

Vokalar

Generelt har sørsamisk eit rikt system av korte vokalar (skrevne som enkeltvokal), lange vokalar (skrivne som dobbeltvokalar) og diftongar. Skiljet mellom lang vokal og diftong er ikkje tydelig, og lange vokalar er gjerne meir eller mindre diftongiske. Skriftspråket opererer med dei her orunda vokalane:

i e æ a
ie ee ae
ea aa


Dei runda vokalane er:

y u o å
ue oe åe
öö ua åa åå

I uttalen finst det nyansar som ikkje er uttrykt i skriftspråket. Mal:FOr eksempel uttrykkjer grafemet (i) både lys i og mörk i, der den sistnemnte kan skrivast med tødlar: «ï». Likeleis har kort (a) både ein lys og ein mörk uttale (den sistnemnte kan spesifiserast som «â»). Lange vokalar og diftongar inkluderer dei tvetydige (ie) (meir nøyaktig «ie» vs. «ïe») og (ee) (meir nøyaktig «ee» vs. «ææ»).

I tillegg til dei her vokalane og diftongane finst diftongane som skrivst som vokal + j og vokal + v. Mal:DEiher diftongane er tydelige i fall som aej, der det er stor artikulatorisk avstand mellom utgangsvokal og glidevokal. I artikulatorisk meir like fall som ved o+v, u+v, y+j og i+j glid diftongen ofte ihop til éin lang vokal (f.eks. i buvrie (stabbur)).

Konsonantar

Morfologi (formlære)

Sørsamisk er eit formrikt språk. Blant anna kan nemnast at språket har åtte kasus av substantiv og pronomen; verb og pronomen blir bøygd i eintal, total og fleirtal; og verbsystemet er prega av eit stort tal systematiske aspektsuffiks.

Pronomen

Substantiv

Verb

Syntaks (setningslære)

Bibliografi

Fotnotar

Kjeldor

Personlige verkty