Rygjasau

Frå Alnakka.net

Rygjasau eller rygja er ein saurase framolen i Rogaland ved kryssing av stadeigne sauer med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Rygjasauen er ein velbygd sau og ulla er mesta heilt fri for marghår. Rygjasauen er no utbreidd over store deler av landet. 13 % av dyra i Sauekontrollen er rygja.

Historie

Utgangspunktet for rygjasauen var at import av ymse saurasar som hadde vorte blanda med den lokale sauen hadde ført til ein svært oeinsarta saubestand i Rogaland. I det sterke saumiljøet i området hadde det vorte utvikla fleire lokal- og gardstypar av sau, og det vart avgjort at dei skulle satse på ein av desse typane for å ha éin rase dei kunne drive effektiv al av. Slike lønsame blandingstypar vart vist på sausjå første gongen i 1907, og i 1912 vart ein type frå Eigersunddistriktet utvelt. Arbeidet med å stabilisere typen vart igangsett, og rygjasauen vart godkjent som rase i 1924.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Rygjasau» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.