Romanifolk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Romaniflagget

Innhaldsliste

Romanifolk, er ei fellesnemning for skandinaviske folkegruppor av delvis indisk opphav som tradisjonelt har havt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særlig metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særlig innaför musikk og handverk har mange medlemmar av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definert som ein nasjonal minoritet både i Norge og Sverige. De har òg ofte vorte kalla reisande eller tatrar.

Gruppor

Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgruppor ut frå geografi, språk og kultur — tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest.

Storvandriar

Tavringane — òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar — hører først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlige deler av Sverige. Det tradisjonelle språket ått tavringane er rommani.

Handlaga trådvisp. (Foto: Olve Utne)
Handlaga blekkspann frå Nordmør. Metallarbeid har tradisjonelt vore ein viktig næringsveg för mange tavringar. (Foto: Olve Utne)

Småvandriar

Småvandriar — òg kalla mjøltravarar, splintar eller fantar — hører hovudsaklig heime på Sør- og Vestlandet. Språket deras blir kalla rodi eller rotvelsk og inneheld blant anna fleire skandinaviske ord enn rommani. Leveviset ått småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjyvegen.

Sjå òg

Kjeldor

Pekarar

  • «De reisendes historiske holocaust» - UNIVERSITETSAVISA NR. 17, 1996 – «De reisende har blitt forsøkt utradert, enten ved utrydding eller ved assimilering, siden de kom til Norge på 1500-tallet. Fra midten av 1600-tallet ble det bestemt ved lov at det skulle være årlige ‘inkvisisjoner’, dvs. fantejakter etter ‘løsgjengere og tiggere’. Denne loven innførte også innenlandsk passtvang for å føre kontroll med de reisende og hvor de reiste.» Av Nina E. Tveter.
  • «Ein fri fugl» - Dag og Tid nr. 29, 20. juli 2000 – «Elias Akselsen er ingen omstreifar, reisande eller romani. - Eg er tater, og eg er stolt av det, seier songaren og forkynnaren frå Solør. - Dette er den stoltaste dagen i livet mitt, sa Elias Akselsen då han i vår lanserte plata Barn av den bortglemte rase, eit vitnesbyrd over den rike norske tatersongtradisjonen.» Ved Noralv Pedersen.
  • «Folket som skulle forsvinne (kronikk)» - Dagbladet, 5. mai 1996 – «Den 7. mai kan bli en merkedag i de norske taternes historie. Dette er dagen for justiskomiteens frist med å levere sin innstilling til RVs stortingsforslag om en oppreisning til dette diskriminerte folket og om anerkjennelse av at det her er snakk om en etnisk minoritet.» Av Britt Karin Larsen, forfattar.
  • «Romani 1» - Norge – Inneheld blant anna informasjon om de reisande i Norge (tatrane) og språket deras, rommani.
  • «Romanifolkets Hovedside» – «Dette har jeg ment skal være en opplysningsside om hvem vi er, hvor vi kommer fra, hvilken levemåte våre forfedre hadde, hvilke håndtverk disse kunne, hva som er skrevet om oss, Norske myndigheters ublide politikk mot mitt folk, Kirkens delaktighet i overgrep mot oss ‘i Jesunavn’. Romanifolkets situasjon i dag, Romani organisasjoner på godt og vondt, litt om vårt språk, Romani, fotos, tekster til Romaniviser, mm.» Ved Alvin Eilertsen Viborg.


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty