Rodi

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Rodi er eit språk som tradisjonelt har vore bruka av den undergruppa av romanifolket som tradisjonelt er basert langs kysten av Norge (småvandriar, fantar) og som ofte reiser hovudsaklig relativt lokalt. Rodi har ikkje så mange fellestrekk med romanés som det austlandske og vestsvenske rommani har, men viser til gjengjeld meir slektskap med jenisch — som da òg har vore föreslege som det språklige opphavet ått rodi. Strukturelt ligg rodi nærmare norsk enn rommani gjer, men rodi skil seg likevel ut som eit eige språk i större grad enn fallet er med språkforma månsing. Av trekk som understrekar rolla rodi har spela som løynspråk kan nemnast at talorda frå éin til ti gjerne har vore utbytta med samiske former. I praksis utgjer språka rodi og rommani eit dialektkontinuum; Eilert Sundt si oppsummering av «Skøiersproget» (rodi) tek slik utgangspunkt i dei ordformene som er mest olike rommani, medan Gjest Baardsen si skildring av «Skøiersproget» ligg svært tett opp til rommani med unntak av pronomena og ein del andre ord.

Innhaldsliste

Grammatikk

Grammatikken står i sterk motsetning til ordtilfanget i rodi på samma viset som i rommani; både syntaksen (setningsoppbygginga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av vestskandinavisk type.

Morfologi

Pronomen

Person Kasus Eintal Fleirtal
1.p. N mander meru
A/G menus merus
2.p. nom. denu eru
A/G denus erus
3.p. N lo (m.) / li (f.) deru
A/G lo(s) (m.) / li(s) (f.) derus

Dei personlige pronomena i rodi skil seg tydelig ut frå rommani: Medan rodi har den typiske angloromani og sintikes-forma mander, har rommani oftare forma miro. For å unngå samenfall mellom eintal og fleirtal har ein så i romani teke i bruk fleirtalsforma vorsnus eller vårsnus.

Dei personlige pronomena fölgjer eit förenkla blandingssystem med indiske, romanske og germanske trekk: I eintal har første person gjenomført m- og andre person gjenomført d- — parallelt til m- og t- i indoariske språk. Tredje person eintal liknar på l-formene ein finn i moderne romanske språk, men kjem faktisk frå oblike former i romanés. Endingsvokalen i 3. person eintal er -o för hannkjøn og -i för hokjøn i tråd med generell morfologi i sigøynarspråka. I fleirtal er den eldre vestnorske motsetninga m- | - | d- bruka. Det er tendens til generelt samenfall mellom objektsform og eigeform, og med unntak av 1. person eintal er den her oblike forma markert ved s-ending.

Av andre pronomen kjenner vi til gutto (‘kem?’), og gunnis (‘kvar?’).


Substantiv

Obestemt
eintal
Bestemt
eintal
Obestemt
fleirtal
Bestemt
fleirtal
divers (‘dag’) diversen diversar diversane
raklo (‘gut’) rakloen rakloar rakloane
rakli (‘jente’) raklia rakliar rakliane

Substantiva i rodi fölgjer i hovudtrekk ein förenkla norsk morfologi, med etterhengt bestemt artikkel både i eintal og fleirtal. I eintal blir det skilt mellom hannkjøn (-en) og hokjøn (-a) i bestemt form, men i fleirtal er det samenfall i form av -ar i obestemt from og -ane i bestemt form. Den obestemte artikkelen i eintal er jækk i alle kjøn: jækk raklo å jækk rakli (‘ein gut og ei jente’), men den norske artikkelen en/e/et kan òg brukast: en raklo å e rakli.

Verb

Talord

Av talord blir dei indoariske formene delvis bruka i orda jækk (‘1’, éin) og dy (‘2’, ‘to’). Generelt har likevel talord lånt frå samiske språk vore meir bruka.

Bibliografi

Sjå òg

Pekarar

Personlige verkty