Rev

Frå Alnakka.net
Denne artikkelen handlar om raudreven med sine variantar. For den arktiske reven, sjå fjellrev. For revar generelt, sjå Vulpes.

«Rev» i ordlista
ein rev, reven (dativ ått di reva); fleire revar, alle revane (dativ ått all(om) dei revom)
Rev
Raudrev.
Raudrev.
Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Canidae
Slekt: Vulpes
Art: Vulpes vulpes

Vanlig rev (Vulpes vulpes), med fargevariantane raudrev (vanlegast), korsrev og sølvrev, er eit rovdyr av hundefamilien. Reven er vanleg i store deler av Eurasia og Nord-Amerika, og i mindre grad i Nord-Afrika, og i tillegg er han innført til Australia. Det er beskreve fleire underartar, men slektskapsforholda er osikre.

Namn

På moderne skandinavisk heter det revnynorsk og bokmål, rävsvensk og rævdansk. Alle desse formene, så vel som færøysk revur og islandsk refur, kjem frå norrønt refr. Liknande ord blir generelt ikkje bruka i andre indoeuropeiske språk.

uralske språk heter reven riepie el. reepesjesørsamisk, riebepitesamisk, riebijlulesamisk og riebannordsamisk. På estisk heter reven rebane og på karelsk reboj. På finsk blir både repo og det obeslekta kettu bruka. Repo er òg forma i votisk. Det beslekta ordet ravaszungarsk betyder ‘slu’ i dag. Andre uralske språk med beslekta ord inkluderer austmarisk (рывыж /ryvyž/).

I iberiske språk blir likevel det snarlike ordet raposo/raposa bruka på portugisisk, galisisk og kastiljansk; på asturiansk og asturiansk-leonesisk er hannkjønsforma raposu. Både på portugisisk og kastiljansk finst dessutan verbet raposear, som betyder ‘å vara utspekulert/slu som ein rev’. Former med -b- inkluderer katalansk rabosa og aragonesisk raboso. Det iberiske ordet har opphav i ei adjektivisering av rabo, som betyder ‘hale, spæl’. Det er truleg ikkje nån etymologisk samband mellom dette ordet og det skandinaviske ordet rev.

Utsjånad

Den vanlege reven har tre fargevariantar, som skildra nedaför. Vekta ligg normalt i området 3–10 kg, og kroppslengda er som regel 83–110 cm målt frå nasatipp til halerot. Han er langbeint og rask og kan nå ein toppfart på nærmare 50 km/t. Revar i varme strøk er gjerne slankare bygd. I vill tilstand kan ein förvente ei gjenomsnittlig levetid på kring tre år, men det varierer frå plass til plass (og/eller underart til underart). I fangenskap lever revar opp mot 12–13 år.

Raudrev

Ein raudrev kviler i snyen i Hokkaido i Japan.
Foto: Shiretoko-Shari Tourist Association

Den vanlege raudreven utgjer kring 65 % av raudrevbestanden på verdsbasis, men fargen varierer frå bleik gulaktig raud til djup raudbrun på øversida av kroppen og frå kvit til oskegrå og skiferaktig grå på undersida. Alle raudrevar har eit korsliknande mønster over ryggen, der ei mørk stripe går neretter nakkan og ryggkammen, og ei tilsvarande mörk stripe danar eit kors på tvers over skuldrene på dyra. På de raude revane er detta korsmønsteret djupare raudt eller raudbrunt. Den nedste delen av leggene er normalt svart eller nærmast svart, og haletippen er enten svart eller kvit. Pelsen varierer frå kort til halvkort. De nordligaste underartane har generelt lengre pels og gjerne tett underull i vinterhalvåret.

Såkalla norsk eller skandinavisk raudrev har gjerne ein klar raud til raudbrun pelsfarge med kvite tekningar på bringa, halsen, kjakan og haletippen. Han utviklar tett underull vinterstid og blir normalt 58–80 cm lang målt frå snutespissen til halerota. Halen, som er bustot og frodig, blir gjerne kring 50 cm lang. Vekta ligg normalt i området 5–15 kg, men vekt over 10 kg er ikkje vanleg. Skandinavisk raudrev har vorte skildra som ein eigen underart (Vulpes vulpes septentrionalis), men mange forskarar reknar ikkje denna reven som distinkt nok til å vara det. Oftast blir han heller rekna som ein varietet til nominatforma (Vulpes vulpes vulpes).

Det finst kvite raudrevar òg, men nokre av dessa er albinoar. Likeins finst det ein mutert variant av ville raudrevar som ikkje har dekkhår og som blir kalla Samsons rev.

Sølvrev

Sølvrev (oppdrettsdyr)

Såkalla sølvrevar utgjer 10 % av den totale raudrevbestanden på verdsbasis. Han varierer frå sølvgrå (grågrisla) til nærmast svart og har det mest verdifulle pelsverket blant raudrevane. Sølvrevar har eit liknande korsmønster på ryggen som raudrevane, men fargane er ein kombinasjon av sølv og svart. Den nedste delen av leggene og labbane er normalt svarte eller nærmast svarte, og halen er gjerne grågrisla heilt inst, men nærmast svart utover. Ørone er ofte svarte eller nærmast svarte òg.

Korsrev

Såkalla korsrevar utgjer kring 25 % av raudrevbestanden på verdsbasis. Korsreven er ei krysning av rømt sølvrev og vill raudrev. Han har gjerne ein raudbrun til grågrisla raudbrun pelsfarge. Korsrevar har eit mykje tydeligare korsmønster enn andre raudrevar. Ei nærmast svart eller gråsvart stripe (med islett av raudt) går neretter nakkan og ryggkammen, og ei tilsvarande mörk stripe danar korset på tvers over skuldrene. Den nedste delen av leggene er normalt svart eller gråsvart, og haletippen er oftast kvit. Korsrevar har dessutan gjerne svart eller gråsvart ansiktsmaske. Korsrevskinn er eit populært pelsverk internasjonalt. Det er gjerne meir verdt enn tradisjonelle raudrevskinn, men som oftast ikkje like mykje verdt som pelsverk av sølvrev og fjellrev.

Åtferd

Raudreven er ein einslig jeger som ikkje danar sosiale flokkar, men lever åleine utanom paringstida og den første delen av kvalpestadiet. Det er kjent at tilliggjande revir kan overlappe kvarandre noko, men kjernereviret blir som regel försvart. Reviret blir okkupert av ein hanne og ei til to hoor, så vel som kvalpane deras om de har nån. Hiet, som ofte er overteke etter andre dyr, er oftast utgreve i bakkan og har allveg fleire utgangar. Ofte har reven fleire hi innaför reviret sitt.

Utbredelse

Utbredelseskart for vanleg rev. Det naturlige utbredelsesområdet er vist i raudt; i det grøne området er reven introdusert i nyare tid.

Forskarane meiner at raudreven oppstod i Asia, der det er gjort fossile funn som er kring 1,5 millionar år gamle. Derifrå har raudreven spreidd seg utover Eurasia og til de nordligaste delene av Afrika. Til Nord-Amerika kom han truleg for omkring 130 000 år sidan via Beringstredet. I dag finst raudreven naturlig over heile den nordlige halvkula, anna enn i deler av Sibir så vel som på Grønland og Island og de andre arktiske øyane. Han finst heller ikkje naturlig i ekstrem ørken. Undersøkjelsar frå Nord-Amerika og Russland viser at raudreven auka utbredelsen sin mot nordområda utover 1900-talet.[1] Forskarane meiner det har samenheng med klimaendringane, noko som òg fører til ekspansjon av raudreven oppover i fjellet, til dels på bekostning av fjellreven.

1600-talet vart europeisk raudrev introdusert i USA, der han blanda seg med lokale underartar. På 1860-talet vart raudreven introdusert i Australia òg, og i løpet av 50 år spreidde han seg til heile den vestre delen av landet. I dag er det berre i de varmaste strøka i nordområda at han ikkje finst. Raudrev vart introdusert på Falklandsøyane og på Isle of Man òg, men han er kanskje utrydda att der.

Jakt

Oppdrett

Gamle pelsdyrbur — for rev eller mink — på Vinsternes på Ertvågsøya.
Foto: Dena Utne

Fotnotar

  1. Marsh 1938, Skrobov 1960, Macpherson 1964, Chirkova 1968, Hersteinsson and Macdonald 1992


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Raudrev» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.